Hopp til innhold
X
Innhald

Stillehavet

Stillehavet, engelsk The Pacific Ocean, det største havområdet på jorda. Medrekna randhav har Stillehavet eit flateinnhald på om lag 180 millionar km², og størstedelen av havet er djupare enn 4000 meter. Smale vulkanske ryggar lagar basis for øyar og korallrev. Langs mange av øyane ligg djuphavsrenner der havet er mellom 5000 og 11 000 meter djupt.
Langs ekvator går dei varme ekvatorialstraumane mot vest, medan dei kalde straumane, mellom anna Californiastraumen og Perustraumen, gjer at Stillehavet er kaldare i aust. I vest kan overflatetemperaturen vere 30 °C. Havet fekk namnet sitt av Magellan (Magalhães), som hadde svært roleg ver då han segla over Stillehavet i 1521.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012