Hopp til innhold
X
Innhald

Sundasundet

Sundasundet, sundet mellom Java og Sumatra. Sundasundet bind Javasjøen saman med Indiahavet, er om lag 150 kilometer langt og mellom 25 og 100 kilometer breitt. Vulkanøya Krakatau, Pulau Rakata, ligg i Sundasundet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012