Hopp til innhold
X
Innhald

Svartehavet

Svartehavet, russisk Tsjernoje More, i oldtida Pontus Euxinus, eit innhav som grensar mot Georgia, Russland, Ukraina, Romania, Bulgaria og Tyrkia. Svartehavet har eit flateinnhald på om lag 460 000 km², inkludert Azovhavet, som heng saman med Svartehavet gjennom Kertsjstredet.
I sør er Svartehavet 2244 meter djupt, men i nord er det berre 50–100 meter djupt. I nord er det stort størfiske. På grunn av stor tilførsel av ferskvatn frå dei store elvane Don, Dnepr, Dnestr og Donau har Svartehavet lågt saltinnhald. I overflata ligg det på rundt 1,8 %, lengre nede kan det vere 2,3 %.
Frå 200 meter under overflata og nedover er det ikkje organisk liv, grunna oksygenmangel og oppriking av H₂S, altså hydrogensulfid. Gjennom Bosporus fører ein overflatestraum ferskare vatn ut i Middelhavet, og ein botnstraum fører saltare vatn inn i Svartehavet.
Frå 1453 til seint på 1700-talet heldt tyrkarane Svartehavet stengt for europeiske land. Russland har sidan 1871 hatt rett til å halde ein uavgrensa krigsflåte i Svartehavet. Kontrollen over Bosporus og Dardanellane har vore eit stridstema i fleire hundreår, men Tyrkia har hatt kontroll over området sidan 1936, då Montreux-avtalen vart underskriven.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 09.02.2012