Hopp til innhold
X
Innhald

Tidevatn

Tidevatn, flo og fjøre i hava. Tidevatn kjem av endringar i tyngdefeltet på jordoverflata, framkalla av gravitasjonskrafta til månen, og i mindre grad sola. I snitt er det 6 timar og 13 minutt mellom flo og fjøre.

Tidevatn, flo (høgvatn) og fjøre (ebbe, lågvatn) i hava. Tidevatn kjem av endringar i tyngdefeltet til jorda, framkalla av gravitasjonskrafta til månen, og i mindre grad sola. Tiltrekkingskrafta er sterkast på den sida av jorda som vender mot månen, og minst på den motsette sida. På begge stadene vil det difor vere høgvatn, medan det langs storsirkelen mellom dei er lågvatn. Det er kraftigast flo, springflo, ved nymåne og fullmåne, når sol og måne dreg i same retning. Ved halvmåne er det svakast flo, nippflo.
Ein uheldig båtførar rekna feil på tidevatnet i Nordland. Foto: Redningsselskapet, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Ein uheldig båtførar rekna feil på tidevatnet i Nordland. Foto: Redningsselskapet CC BY 2.0

Tidevatnet vert også påverka av jordrotasjonen, friksjon i vatnet, kor djupt vatnet er, og forma på kysten. I snitt er det 6 timar og 13 minutt mellom flo og fjøre. Nivåforskjellen varierer stort, frå null ute på havet til store verdiar i tronge farvatn. Den største målte nivåforskjellen er om lag tjue meter, i Fundybukta i Canada. Tidspunktet for høgvatn på ein stad er tilnærma lik kulminasjonstida til månen pluss hamnetida, som er ein for staden konstant storleik.

Sjå video frå Yr: Kva styrer tidvatnet? Meteorolog Kjersti Opstad Strand forklarer:

Video med løyve frå NRK for Allkunne


Sjå video frå NRK Skole om tidevatn:
 

Kartverket sin vassstandsmålar (målehytte) ved Tregde i Mandal. Foto: Arnfinn Christensen, Kartverket på Flickr.com CC BY 2.0.

Kartverket sin vassstandsmålar (målehytte) ved Tregde i Mandal. Foto: Arnfinn Christensen, Kartverket på Flickr.com CC BY 2.0.

Peikarar

Vassstands- og tidevatnsinformasjon på Kartverket sin nettstad


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 23.05.2017