Hopp til innhold
X
Innhald

Torressundet

Torressundet, engelsk Torres Strait, sundet mellom Ny-Guinea og Cape York-halvøya i Australia. Sundet er mellom 150 og 200 kilometer breitt, og er rundt 20 meter djupt. Her er sterkt tidevatn, ei rekkje korallrev og mange øyar. Torressundet vart oppdaga av spanske Luis Vaéz de Torres i 1606.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012