Hopp til innhold
X
Innhald

Weddellhavet

Weddellhavet, hav i den sørlegaste delen av Atlanterhavet, sør for Kapp Horn. Havet er kalla opp etter den britiske marineoffiseren James Weddell (1787–1834), som i 1823 nådde 74° 15'. Her er mykje drivis, men i dei austlege delane er det opne farvatn om sommaren. Mykje av det kalde botnvatnet i verdshava kjem frå Weddellhavet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012