Hopp til innhold

Antarktis

Antarktis, også kalla sørpolkontinentet, har fjellkjeder, innlandsis og store havområde. Årleg middeltemperatur ved Sørpolen er –52 °C. Roald Amundsen nådde Sørpolen 14. desember 1911.
Antarktis er eit aude kontinent, kalla sørpolkontinentet, med fjellkjeder som stikk opp av innlandsisen, og Sørishavet med ei rekkje øyer.
Noreg er eit av landa som hevdar eigedomsrett til delar av Antarktis.

Kontinentet har ca. 14 millionar km² land og isshelfar langs kysten og ca. 40 millionar km² hav. Grenselina for Antarktis ligg ved den "antarktiske konvergens", eit skarpt skilje mellom kaldt polarvatn og varmare vassmassar. Antarktis er delt mellom Aust- og Vest-Antarktis. Mellom dei ligg fjellgrunnen under ismassane dels under havnivået. Ismassane er opptil 4200 meter tjukke, med eit gjennomsnitt på ca. 2000 meter, og dekkjer 98 prosent av kontinentet. Årleg middeltemperatur ved Sørpolen er –52 °C.

Plante- og dyrelivet har få artar. Utforskinga av Antarktis tok til på 1800-talet, og Roald Amundsen nådde Sørpolen 14. desember 1911. Noreg hevdar, som fleire andre land, eigedomsretten til ein sektor i Antarktis.

galleri

Det finst om lag 40 heilårs forskingsstasjonar i Antarktis med eit mannskap på mellom 1000 om vinteren og 4000 om sommaren.
Noreg har forskingsstasjonen Troll i Antarktis, som er i drift heile året. På Troll studerer ein meteorologi, glasiologi, atmosfæreforsking og mykje anna. Troll ligg på isfri berggrunn, 235 km frå iskanten i Dronning Maud Land. Noreg driv også to små feltstasjonar i Antarktis: stasjonen Tor i Svarthamaren verneområde og ein stasjon på den sub-antarktiske Bouvetøya.
Kjelde for kart: Sekretariatet for antarktistraktaten.
Kjelde for kart: Sekretariatet for antarktistraktaten. http://www.ats.aq/e/info.htm
Sjå video frå NRK Skole, Alt om Roald Amundsen på fem minutter:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2013
Sist oppdatert: 14.12.2016