Hopp til innhold
X
Innhald

Arktis

Arktis dekkjer 28 millionar km². Svalbard, Jan Mayen og Bjørnøya tilhøyrer Arktis.

Arktis kjem frå det greske ordet arktos som tyder bjørn. Arktis er ofte avgrensa til områda der den varmaste månaden har ein temperatur på under +10°C. Området dekkjer ca. 28 millionar km², der Polhavet utgjer 13 millionar km². 14 prosent av landområda er dekte av is. Elles er det mykje tundra med mose, lav, gras og vier. Spitsbergen. Foto: Martha de Joing Lantik, flickr.com CC BY 2 0.
Spitsbergen. Foto: Martha de Joing Lantik, flickr.com CC BY 2 0.
 
 
Dyreverda er fattig på artar, men området har store mengder sjøfugl. Temperaturen kan gå ned i -60 °C i Sibir, men delar av Arktis har eit relativt gunstig klima på grunn av mildare havstraumar og tilførsel av luftmassar frå sør. Utforskinga av Arktis tok til på 1500-talet. Interessa for å utnytte naturressursane i området aukar, og mindre drivis om sommaren og hausten har ført til auka skipstrafikk over Polhavet. 
 
Svalbard, Jan Mayen og Bjørnøya tilhøyrer Arktis.
 
Longyearbyen på Svalbard er den største norske busetnaden i Arktis.
Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Longyearbyen på Svalbard er den største norske busetnaden i Arktis.
Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
 
 
Sjå video frå NRK Skole: Isen smelter i Arktis
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.09.2013
Sist oppdatert: 09.11.2017