Hopp til innhold
 Deception. Foto: Benjamin Dumas, flickr.com cc by 2 0.
Deception. Foto: Benjamin Dumas, flickr.com cc by 2 0.
X
Innhald

Deception

Deception er ei vulkansk øy i Antarktis i Sør- Shetland-gruppa. Øya var ein viktig base for kvalfangst frå 1906 til omlag 1930 og fleire norske kvalfangstselskap hadde base på Deception.

Deception er ei vulkansk øy i Antarktis i Sør- Shetland-gruppa. Øya er forma som ein hestesko, har god hamn og vulkanen er 576 meter høg med varme kjelder.  Deception er ei av øyane i Antarktis med flest turistar og har eit rikt dyreliv med sjøfugl og sel.
 
Øya var ein viktig base for kvalfangst frå 1906 til omlag 1930. Fleire norske kvalfangstselskap hadde base på Deception. Den norske kaptein Adolf Amandus Andresen (1872 - 1940) var den første som etablerte kvalfangst på Deceptionøya.
Restar av kvalfangststasjon på Deceptionøya, foto frå 2011. Foto: Benjamin Dumas. flickr.com CC By 2.0
Restar av kvalfangststasjon på Deceptionøya, foto frå 2011. Foto: Benjamin Dumas. flickr.com CC By 2.0
 
Sjå video om Deceptionøya av Stig Tore Lunde og Lone Kirchhof ved Vestfoldmuseene / Nord-Jarlsbergmuseene:
 
 
 
 
 

 
 
Kjelder:
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2013
Sist oppdatert: 11.04.2014