Hopp til innhold
X
Innhald

Peter I Øy

Peter I Øy er ei øy i Antarktis utan busetnad og med eit omfang på ca. 250 km². Øya ligg på 68° 50' sør, 90° 35' vest. Den høgaste toppen er på nesten 1700 meter. Øya som er nesten fullstendig dekt av snø og is, vart oppdaga av von Bellingshausen i 1821.
 
Peter I Øy vart lagd under Noreg av dr. Olstad på den andre Norvegia-ekspedisjonen i 1929. Øya har vore norsk biland frå 1933.
 
Øya har eit hardt klima med låge temperaturar. Store delar av året ligg det pakkis rundt Peter I øy, og kystlinja har ein omlag 40 meter høg isfront. Det finst nokre sjøfuglartar, pingvinar og sel på øya.
 
Sjå amatørvideo frå Peter I Øy:
 
 
 
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2013
Sist oppdatert: 12.09.2013