Rossbarrieren
Rossbarrieren eller Rossisen er fronten mot havet av Rossiusbremmen, som har namnet Ross Ice Shelf på engelsk. Isfronten ligg i Antarktis og er den største flytande ismassen i verda med eit volum på ca. 500 000 km². Rossbarrieren dannar ein 800 km lang front mot havet, og sjølve veggen eller barrieren er 15–50 meter høg.
Isfronten vart oppdaga av Sir James Clark Ross i 1841 og var utgangspunktet for sørpolekspedisjonane til både Scott og Amundsen.
Rossbarrieren. Foto: Royal New Zealand Navy, flickr.com cc by 2 0.
Vis større kart
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 24.09.2013
Sist oppdatert: 24.09.2013