Hopp til innhold
Det russiske flagget.
Det russiske flagget.
X
Innhald

Russland

Russland er det langstrekte nabolandet vårt med den store litteraturen, med ei fortid som imperium og totalitær supermakt, og med ei uviss framtid.

Russland, eller Den russiske føderasjonen, blei ein sjølvstendig stat ved oppløysinga av Sovjetunionen i 1991. Landet tok over Sovjetunionens plass i verda, til dømes i internasjonale avtalar og i organisasjonar som Dei sameinte nasjonane (SN/FN).
Store økonomiske og infrastrukturelle problem i 1990-åra gjorde at mange russarar opplevde den første post-sovjetiske perioden som eit fornedrande og traumatisk fall frå tidlegare stormaktsstatus. Men etter den økonomiske krisa i 1998 har russisk økonomi vore i jamn vekst, ikkje minst takka vere store inntekter frå olje- og gasseksport. Parallelt med dette har den russiske staten under president Vladimir Putin fått attende mykje av kontrollen over næringslivet og pressa, som var så sterkt prega av oligarkane i 1990-åra. Sivilsamfunnet står svakt, og det unge russiske demokratiet har markerte autoritære trekk.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Natt i Moskva. Foto: Mariusz Kluzniak CC BY NC ND 2.0
Natt i Moskva. Foto: Mariusz Kluzniak CC BY NC ND 2.0
Sidan byrjinga av 2000-talet har Russland fått ein veksande middelklasse, med omfattande «vestleg» forbruksmønster. Men det er store sosiale skilnader mellom byane og landsbygda. I tillegg går folketalet ned. Russland er definert i grunnlova som ein multietnisk føderasjon, men er likevel fundamentalt prega av russisk språk og kultur.

Samband med andre land

Levestandaren i Russland fall kraftig tidleg i 1990-åra. Den snøgge innføringa av marknadsøkonomi førte til inflasjon og fattigdom for vanlege folk. Medan staten hadde store økonomiske utfordringar, skapte privatiseringa av statsbedrifter ein liten, men svært rik overklasse («oligarkane»). I år 2000 markerte grensa mellom Noreg og Russland eit av dei største skilja i verda i levestandard – han var fem gonger så høg på norsk side. Sidan den gongen har levestandarden i Russland vore veksande, og på SN sin indeks for menneskeleg utvikling for 2013 (der Noreg ligg øvst) finn vi Russland på 55. plass, under kategori nr. 2: «høg grad av menneskeleg utvikling».
(Artikkelen held fram under fotoet)
Murmansk er den største byen som ligg nærast Finnmark. Foto: Scott Anderson CC BY NC ND 2.0
Murmansk er den største byen som ligg nærast Finnmark. Foto: Scott Anderson CC BY NC ND 2.0
Til skilnad frå dei andre post-sovjetiske statane tok Den russiske føderasjonen i 1992 Sovjetunionen sin plass i internasjonale organ, til dømes i SN og Tryggingsrådet, der Russland har fast plass. Vidare er Russland medlem av OSSE, Europarådet, G8, G20 og WTO. Annekteringa av Krimhalvøya i mars 2014, ein tidlegare autonom republikk i Ukraina, har likevel gjort den framtidige medlemskapen i G8 uviss, og Russland har mellombels mist røysta si i Europarådet.
Tidlegare sovjetrepublikkar skipa i 1991 Samveldet av uavhengige statar (SUS). Eit av dei store politiske måla til Vladimir Putin i dag er tettare integrasjon i det post-sovjetiske området, mellom anna i form av ein eurasisk tollunion. På grunn av den veksande økonomien og den globale innverknaden landet har, er Russland definert som eit av dei såkalla BRICS-landa, saman med Brasil, India, Kina og Sør-Afrika. Landet er òg med i «Shanghaigruppa», der Russland samarbeider med Kina og dei sentralasiatiske statane om tryggingstiltak.
Russland har sidan 2000 auka sin del i internasjonal handel frå 1,5 til 3 prosent. Viktige handelsvarer er framfor alt olje og gass, men òg stål og aluminium må nemnast. Handelsmønsteret er prega av råvareeksport og teknologiimport. I 1990-åra var landet avhengig av hjelp frå Det internasjonale pengefondet, men har sidan 2000 hatt overskot på statsbudsjetta, og gjelda til pengefondet er betalt attende. Russisk økonomi er likevel lite differensiert og er avhengig av gode prisar på eit fåtal ressursar. Dei viktigaste handelspartnarane er Kina og Tyskland. Den viktigaste handelsvara i forholdet Russland–Noreg har vore fisk.
Frå 1990-åra har det vore ein gradvis auke av russarar som ferierer i utlandet, medan dei viktigaste reisemåla i Russland er byane St. Petersburg og Moskva, cruise på dei store elvane i vest, og den transsibirske jernbana. For å reise til Russland frå Noreg og andre vestlege land treng ein visum.
Utanlandske studentar utgjer 2,5 prosent av studentmassen ved russiske universitet. Det er i hovudsak russiskstudentar som har studieopphald i Russland, i og med at undervisning på engelsk er lite utbreidd. I dei 34 OECD-landa kom i 2009 1,3 prosent av dei utanlandske studentane frå Russland. I Noreg er likevel biletet eit anna: I 2011 utgjorde russarar den største gruppa av utanlandske studentar her til lands.
Noreg og Russland har ei 196 kilometer lang felles grense i nord, som blei fastsett i 1826. I 2010 blei dei to landa endeleg samde om ein delelinjeavtale for Barentshavet, etter 40 år med forhandlingar. Frå 1700-talet og fram til 1917 var samkvemmet mellom nordmenn og russarar i nord prega av pomorhandelen, der russarar kom til Noreg særleg med kornprodukt, i byte mot fisk. Sovjetperioden var prega av større isolasjon, medan det i dag er utstrekt kontakt over grensa. Svalbardtraktaten frå 1920 opnar for at andre land kan drive næringsverksemd på øygruppa, og Sovjetunionen bygde opp dei to gruvebyane Barentsburg og Pyramiden. Den sistnemnde blei lagd ned i 1990, medan Barentsburg i dag utgjer eit russisk samfunn på norsk territorium, med om lag 500 innbyggjarar.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Lenin ser ut over Barentsburg. Foto: Sigurd Rage CC BY NC ND 2.0
Lenin ser ut over Barentsburg. Foto: Sigurd Rage CC BY NC ND 2.0

Geografi

Russland er det største landet i verda i utstrekning, med eit flatemål på over 17 millionar kvadratkilometer. Det strekkjer seg over elleve tidssoner. Frå oktober 2014 følgjer Russland permanent vintertid, slik at tidsskilnaden mellom Noreg og byar som Moskva og St. Petersburg er to timar om vinteren og ein time om sommaren. Russland ligg på det eurasiske kontinentet, og Uralfjella markerer skiljet mellom europeisk og asiatisk Russland. Asiatisk Russland deler ein i områda Sibir og Det fjerne austen. Russland grensar til Noreg, Finland, Estland, Latvia, Litauen, Polen (dei to sistnemnde ved enklaven Kaliningrad), Kviterussland, Ukraina, Georgia, Aserbajdsjan, Kasakhstan, Mongolia, Kina og Nord-Korea.
Det høgaste fjellet i Russland, Elbrus, ligg i fjellkjeda Kaukasus og er 5642 meter høgt. Dei største elvane i europeisk Russland er Volga og Don, som renn frå nord mot sør, medan vi i asiatisk Russland finn Ob, Irtysj, Jenisej og Lena, som alle renn ut i Polhavet. Bajkalsjøen i Sibir er den djupaste innsjøen i verda. Russland har òg kystlinje til Kaspihavet, som er den største innsjøen i verda. Den største innsjøen innanfor Russlands grenser er Ladoga i Karelen.
(Artikkelen held fram under kartet)

Miljø, klima og energi

Russland strekkjer seg over den nordlege delen av det eurasiske kontinentet. Uralfjella skil den austeuropeiske sletta frå Sibir. Sibir består av det vestsibirske låglandet, det sentralsibirske platået og fleire fjellområde i sør og mot Stillehavet i aust, til dømes Altajfjella. Lengst i aust finn vil halvøya Kamtsjatka, med høge vulkanar. Dei store elevane i europeisk Russland har utspring i Valdajhøgdene mellom Moskva og St. Petersburg, medan kjeldene til elvane i Sibir ligg i fjellområda mot Kina og Mongolia.
Landet kan delast inn frå nord til sør i ein serie vest–aust-gåande vegetasjonsbelte. Lengst i nord ligg tundraen, eit trelaust belte med permafrost. Sør for tundraen finn vi skogbeltet, som igjen blir delt inn i taigabeltet i nord, som er prega av bartre og har utbreidd permafrost, og bar- og lauvskogbeltet i sør, som òg blir kalla blanda skog. I den sørlege delen av skogbeltet får vi ein gradvis overgang til stepper, med gras og buskvekstar. Steppene blir ørkenaktige ved nordenden av Kaspihavet, der Volga munnar ut.
Russland har kaldt, kontinentalt klima, med varme somrar og kalde vintrar, særleg i Sibir. Det kjem gjerne ein kort, intens regnperiode om sommaren, medan det fell lite regn resten av året, noko som er ugunstig for jordbruket. Det mest grøderike området er «svartjorda» i overgangen frå skog til steppe i europeisk Russland, men dette utgjer ein liten del av Russland samla sett. Under ti prosent av jorda i Russland er dyrkbar. Geografien har òg gjort utvinninga av naturressursar krevjande.
Russland har naturleg nok ein rik fauna og flora, som varierer med vegetasjonsbelta. I tundraområdet finn vi selar, kvalrossar og isbjørnar langs kysten, og elles rein, ulv og fjellrev. Reinen og ulven lever også på taigaen, saman med dyr som elg, bjørn, hare, rev og bever. Lenger sør, i blandingsskogen, finn vi òg hjort. I Sibir lever den sibirske tigeren. Fuglelivet blir gradvis rikare di lenger sør vi kjem. På steppene finn vi antilopearten saiga. Kaukasus har eit særleg rikt dyre- og planteliv, til dømes ei rekkje saue- og geiteartar.
Elektrisitetsproduksjonen stammar frå fossilt brensel (68 prosent), kjernekraft (18 prosent) og vasskraft (15 prosent) (tal frå 2012). Russland er i verdstoppen i produksjon av både elektrisitet og råolje, petroleumsprodukt og naturgass, og landet er ein sentral eksportør på den globale marknaden. Dei største olje- og gassførekomstane finst i Sibir.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Frå minnesmerket i Tsjernobyl. Foto: Ryan Roberts CC BY NC ND 2.0
Frå minnesmerket i Tsjernobyl. Foto: Ryan Roberts CC BY NC ND 2.0
Kjernekraftulukka i Tsjernobyl i Ukraina i 1986 og tappinga av Aralsjøen mellom Usbekistan og Kasakhstan frå 1960-åra og utover står i dag som monument over sovjetisk rovdrift på naturen. Trass i at Sovjetunionen var tidleg ute med å opprette naturreservat, tok staten generelt få miljøomsyn i den snøgge og omfattande i industrialiseringa. Verknadene er merkbare framleis, til dømes i form av omfattande vassforureining. Sjølv om Russland har store ferskvassreservar, er mykje av vatnet anten infisert eller blir brukt til kraftproduksjon. Det er få transportleidningar frå sikre drikkevasskjelder. Russland har òg det som er rekna for å vere dei mest forureina byane i verda: industribyane Norilsk i Det fjerne austen og Dzerzjinsk i europeisk Russland. Eit anna stort problem er dårleg luftkvalitet. Ifølgje ein FN-rapport frå 2010 døyr 40 000 russarar årleg som følgje av luftforureining. Hovudårsakene er biltrafikk og utslepp frå industrien.

Demografi

Ved folketeljinga i 2010 hadde Russland 142,9 millionar innbyggjarar, noko som gjer Russland til det tiande mest folkerike landet i verda. Talet var ein nedgang frå 145,2 millionar ved folketeljinga i 2002, og talet på menn går meir ned enn talet på kvinner. Den gjennomsnittlege levealderen i 2014 er 64 år for menn og 76 år for kvinner. Gjennomsnittsalderen for menn var under 60 år gjennom store delar av 1990-åra. Høgt alkoholforbruk er den viktigaste direkte årsaka til den låge gjennomsnittsalderen for menn og for det markerte skiljet mellom menn og kvinner. Kvar kvinne føder i gjennomsnittleg 1,5 barn.
(Artikkelen held fram under fotoet)
I snitt føder kvar russisk kvinne 1,5 barn. Foro: Dmitriy Kirilin, CC BY NC ND 2.0
I snitt føder kvar russisk kvinne 1,5 barn. Foro: Dmitriy Kirilin, CC BY NC ND 2.0
Hovudstaden Moskva har 11,6 millionar innbyggjarar, medan St. Petersburg har 4,9 millionar (2013). Over 70 prosent av russarane bur i byar, og den tettaste folkesetnaden finn vi i den europeiske delen, der om lag 4/5 av innbyggjarane bur. Etniske russarar utgjer om lag 80 prosent. Tatarar er den nest største etnisiteten, etterfølgd av ukrainarar på tredjeplass.
Då Sovjetunionen blei oppløyst, budde det om lag 25 millionar russarar i dei tidlegare sovjetrepublikkane. I 2007 hadde 7,5 millionar immigrert frå desse områda til Russland. Det er også ei viss innvandring frå Kina. Parallelt har det vore ei stor utvandring til Vest-Europa (særleg Tyskland), USA og Israel. Det bur såleis framleis rundt 25 millionar russarar utanfor Russlands grenser. Sidan 2006 har Putin fremja ein politikk for større innvandring av etniske russarar til Russland, på grunn av minkande folketal og behov for arbeidskraft. Samstundes er det allereie stor arbeidsinnvandring til Russland, særleg frå dei sentralasiatiske landa, i tillegg til ein omfattande intern migrasjon, særleg frå Kaukasusområdet til Moskva.

Samfunnsorganisasjon

Den russiske grunnlova blei vedteken i desember 1993, etter ein militær konflikt mellom presidentembetet og parlamentet. Denne lova skil for første gong i russisk historie mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt.
Russland har presidentstyre, og det er presidenten som er leiar for den utøvande makta, med eit omfattande støtteapparat i presidentadministrasjonen («Kreml»). Presidenten i Russland har stor makt, mellom anna gjennom å ha direkte styring over ei rekkje sentrale departement, over tryggingstenesta FSB og tryggingsrådet. Vedkomande utnemner òg personar til sentrale stillingar innanfor domstolane. Det har sidan 1996 vore presidentval i Russland kvart fjerde år, men frå og med 2012 blir presidenten vald for seks år. Ein president kan ikkje sitje meir enn to omgangar på rad, men kan kome attende etter å ha vore borte frå embetet ein periode, slik tilfellet var med Vladimir Putin i 2012.
Den utøvande makta består vidare av ei regjering, som blir leidd av ein statsminister. Det er presidenten som utnemner og avset statsministeren og regjeringa, men regjeringa må òg godkjennast av parlamentet.
Parlamentet i Russland har den lovgivande makta. Det består av eit føderasjonsråd (overhus) og ein statsduma (underhus). Lovframlegg frå presidenten må godkjennast i begge kammera, medan presidenten kan leggje ned veto mot lover som er vedtekne av parlamentet. Dumaen kan på si side fremje mistillitsframlegg mot regjeringa og jamvel stille presidenten for riksrett. Vala til dumaen har sidan 1995 skjedd med fire års mellomrom, men frå 2011 er valperioden utvida til fem år. I føderasjonsrådet møter utsendingar frå dei føderale subjekta. Medan dumaen gjennom 1990-åra utgjorde ein reell opposisjon til presidentmakta, har presidentlojale parti, framfor alt «Einskapleg Russland», dominert parlamentet sidan valet i 2003.
Russland er definert i grunnlova som ein føderasjon og består av ei rekkje ulike føderasjonssubjekt, som kan delast inn i to hovudtypar: etniske og geografiske. Etniske subjekt omfattar først og fremst republikkane (til dømes Karelen, Tsjetsjenia og Tatarstan), men òg fire autonome krinsar og det autonome jødiske fylket Birobidzjan heilt i aust. Geografiske subjekt er fylke, territorium og byane Moskva og St. Petersburg. Systemet er ein arv frå den sovjetiske nasjonalitetspolitikken, der ikkje-russiske etnisitetar av ein viss storleik skulle få sitt eige område. Russland, i etnisk forstand, har såleis ein uklar status innanfor dette systemet og er på mange måtar ein restkategori.
Særleg republikkane har på papiret ein viss autonomi, men under Putin er den russiske staten blitt kraftig sentralisert samanlikna med slik det var i 1990-åra, noko som gjer at Russland har mist noko av den føderative karakteren. Sidan 2004 er det presidenten som utnemner guvernørar og republikkpresidentar, og alt i 2000 blei det innført eit system av føderale krinsar. Desse krinsane eksisterer i tillegg til systemet med føderasjonssubjekt og er meinte som ein ekstra styringsreiskap for Moskva. Krim blei etter annekteringa i mars 2014 definert som den niande føderale krinsen.
Domstolane er den dømmande makta i Russland. På same måten som Russland er eit ungt demokrati, er det òg ein ung rettsstat. Domstolane er framleis prega av arven frå sovjetperioden, til dømes gjennom at i rettsalen sit dei tiltalte i eit bur. Trass i fleire reformer har domstolane i praksis framleis liten autonomi, noko ei rekkje politisk styrte rettssaker mot regimekritikarar, til dømes oligarken Mikhail Khorkovskij og kunstnargruppa Pussy Riot, har vist. Frifinningsprosenten ligg rundt éin prosent. Tilhøva i russiske fengsel er vanskelege både fysisk og psykisk. Russland har det nest høgaste talet i verda på innsette per 100 000 innbyggjarar – om lag 600.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Demonstrantar som støttar Pussy Riot, utanfor den russiske ambassaden i London. Foto: Sean Comiskey/ Eyes On Rights Humanitarian Photography CC BY ND NC 2.0
Demonstrantar som støttar Pussy Riot, utanfor den russiske ambassaden i London. Foto: Sean Comiskey/ Eyes On Rights Humanitarian Photography CC BY ND NC 2.0

Det russiske forsvaret, eller «Den russiske føderasjonens væpna styrkar», er leidd av ein generalstab og består av forsvarsgreinene hær, marine og flyvåpen på den eine sida og sjølvstendige våpenartar på den andre (rakett-, rom- og luftlandestyrkar). Forsvaret er blitt rusta kraftig opp sidan 2000. Den allmenne verneplikta blei i 2008 redusert frå to til eitt år. Den russiske militærtenesta kan vere svært brutal, særleg på grunn av utbreidd mobbing og mishandling av yngre rekruttar («dedovsjtsjina»). Det finst likevel ei rekkje fritaksgrunnar, og i den post-sovjetiske perioden har tidvis så mange som 80 prosent fått fritak.
Dei ståande styrkane består i dag av om lag 1,1 millionar soldatar, mot 2,7 i 1992. Den russiske føderasjonen har ført to krigar på eige territorium mot tsjetsjenske separatistar (1994–96 og 1999–2009) og har stått bak militære operasjonar i mellom anna Sør-Ossetia og på Krim.

Språk

Ifølgje Grunnlova er Russland (Rossija) og Den russiske føderasjonen (Rossijskaja federatsija) likeverdige namn på landet. Russisk er det einaste offisielle språket for heile føderasjonen, eller det grunnlova definerer som «statsspråket», men føderasjonssubjekt med republikkstatus kan ha andre offisielle språk i tillegg til russisk.
Russland har over hundre minoritetsspråk. Viktige språkgreiner innanfor Den russiske føderasjonen er tyrkisk (til dømes språka tatarsk, basjkirsk og tsjuvasjisk), kaukausisk (tsjetjensk, avarsk og kabardinsk) og uralsk (mordvinsk, udmurt og marisk). Dei største språka med eigen stat utanfor Russlands grenser er ukrainsk, armensk, tysk og aserbajdsjansk.
Russisk høyrer til den austslaviske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. (For meir om språket, sjå Allkunneartikkel om russisk.) Etter oppløysinga av Sovjetunionen er det russiske språket blitt merkbart påverka av engelsk, særleg gjennom lånord knytte til kapitalisme og ny teknologi. Russisk er eit av dei seks offisielle språka i SN. Med 160 millionar morsmålsbrukarar over heile verda er russisk det åttande største språket i verda.

Levemåtar

I den seine sovjetperioden blei det russiske samfunnet urbanisert, og ein moderne konsum- og forbrukskultur var godt etablert då det kapitalistiske systemet blei innført rundt 1990. I sovjetperioden var det samstundes mangel på forbruksvarer, og særleg vestlege produkt var ettertrakta. Frå tidleg i 1990-åra har Russland hatt full tilgang til varer frå den globaliserte marknaden. Livsstilen til yngre generasjonar er gjennomgåande vestleg, samstundes som Russland produserer sin eigen populærkultur, med innhald frå det russiske samfunnet.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Nytt møter gamalt i butikkvindauge i Moskva. Foto: Nnnina78, CC BY NC ND 2.0
Nytt møter gamalt i butikkvindauge i Moskva. Foto: Nnnina78, CC BY NC ND 2.0
Det tradisjonelle russiske kosthaldet er prega av at landet har vore eit multietnisk imperium. Typiske russiske (eller austslaviske) rettar er supper, til dømes kålsuppa «sjtsji», raudbetsuppa «borsjtsj» og kjøtsuppa «soljanka». Vanleg er òg retter baserte på mjøldeig («dumplings»), til dømes «pelmeni» (innbakte kjøtstykke) og «vareniki» med potetfyll. Pannekaker («blini») og pirogar blir laga med stor variasjon av fyll. Det russiske kjøkkenet har eit stort mangfald av majonesbaserte salatar, medan kål, poteter og løk er klassiske ingrediensar. Rugbrød er vanleg som tilbehøyr. Kaukasiske og sentralasiatiske mattradisjonar er utbreidde over heile Russland, til dømes grillspydet «sjasjlyk», risretten «plov» og det georgiske brødet med ostefyll som heiter «khatsjapuri». Klassiske russiske drikkevarer er kvas, som er syrleg og lett alkoholhaldig, og vodka.
Varemangelen i sovjetperioden og fattigdomen i 1990-åra har påverka ernæringa i det russisk samfunnet og viser att i minkande folketal og levealder. Undersøkingar frå 2005 viser at russiske borgarar i gjennomsnitt et for lite frukt, grønsaker, fisk og mjølkeprodukt.
Russland har den høgaste skilsmisseraten i verda, med fem skilsmisser årleg per 100 innbyggjarar. Giftarmålsraten er på 8,9 per 1000 innbyggjarar, så nær annakvart ekteskap går i oppløysing. I 2012 var gjennomsnittsalderen for inngåing av ekteskap 24 år.
Abort blei lovleg i Sovjetunionen allereie i 1920, sjølv om eit nytt forbod kom i 1936 og varte fram til 1955. Russland har i dag det høgaste aborttalet i verda, med 37,4 abortar per 1000 kvinner i alderen 15–44 år (tal frå 2010). Tala var endå høgare i Sovjetunionen og i 1990-åra, då tilgangen til prevensjon var dårleg.

Kultur

Den siste sovjetiske statsleiaren, Mikhail Gorbatsjov, sette i slutten av 1980-åra i verk eit etter kvart omfattande reformprogram, som er kjent under namna «perestrojka» og «glasnost». Det førte til at det blei genuin ytringsfridom i landet. 1990-åra var prega av eit relativt stort mediemangfald, sjølv om mektige oligarkar nytta eigne mediekanalar aktivt for politiske føremål, som ved presidentvalkampen i 1996.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Mikhail Gorbatsjov, her frå opning av utstillinga «Het Russische Landschap» ved Groninger Museum i Nederland, 2003. Foto Erwin Boogert, Flickr.com CC BY-NC 2.0
Mikhail Gorbatsjov, her frå opning av utstillinga «Het Russische Landschap» ved Groninger Museum i Nederland, 2003. Foto: Erwin Boogert, Flickr.com CC BY-NC 2.0
Under Putin har den frie pressa og sivilsamfunnet generelt fått vanskelegare kår. Særleg gjeld dette det som framleis er den viktigaste nyhendekjelda i Russland, nemleg fjernsynet. Alle dei store fjernsynskanalane er statskontrollerte. Dagspressa er friare, men mange store aviser støttar det sitjande regimet. Journalistdrap har vore utbreidd. Kjende regimekritiske medium er avisa Novaja gazeta, radiokanalen Ekho Moskvy og den nyare fjernsynskanalen Dozhd. Internettbruken har vakse frå at 9 prosent nytta det månadleg i 2003, til at 43 prosent nytta det dagleg i 2013.
Etter at austslavarane blei omvende til ortodoks kristendom på slutten av 900-talet, kom russisk kulturhistorie i middelalderen til å bli fundamentalt prega av bysantinske førebilete i litteratur, kunst og arkitektur. På 1500-talet blir påverknad frå både orientalsk og vestleg hald merkbar, noko den kjende Vasilijkatedralen på Den raude plassen i Moskva (1550-åra) vitnar om. Frå byrjinga på 1700-talet blei russisk kultur sekularisert og omforma etter vestlege modellar. Spørsmålet om i kva omfang Russland skal orientere seg mot Vesten, blei det sentrale temaet i idédebattane utover på 1800-talet, og det er framleis eit populært, men uløyseleg spørsmål for russiske intellektuelle.
På 1800-talet blei like fullt imitasjon erstatta av ei kreativ vidareutvikling av vestlege modellar, og russiske forfattarar, komponistar og kunstnarar frå denne perioden har levert heilt sentrale bidrag til ein global kanon. Likeins representerer russisk kunst og kultur frå byrjinga på 1900-talet den mest avantgardistiske delen av modernismen. Etter 1917-revolusjonen blei kulturlivet meir ideologisert, og mange kreative røyster blei undertrykte, gjekk i eksil eller makta å skape viktige bidrag i subtil dialog med regimet. Mangfaldet fekk igjen fritt spelerom frå slutten av 1980-åra.

Litteratur, musikk, film, biletkunst og scenekunst

Meir enn noko anna er Russland elska for litteraturen sin. Den russiske litterære kanon består først og fremst av 1800-talsforfattarar som Aleksandr Pusjkin, Mikhail Lermontov og Nikolaj Gogol frå romantikken og realistar som Ivan Turgenjev, Fjodor Dostojevskij, Lev Tolstoj og Anton Tsjekhov. Tidleg på 1900-talet fekk russisk litteratur ein mangfaldig og eksperimentell modernisme, særleg innanfor poesien, med namn som Andrej Belyj, Aleksandr Blok, Vladimir Majakovskij, Anna Akhmatova, Marina Tsvetajeva og Osip Mandelstam.
Under sovjettida blei det lagt restriksjonar på den kunstnarlege utfaldinga, men verka til forfattarar som Mikhail Bulgakov, Iosif Brodskij, Aleksandr Solzjenitsyn og Boris Pasternak, som blei marginaliserte i samtida si, har overlevd. Dei tre sistnemnde fekk nobelprisen. Post-sovjetisk litteratur er svært mangfaldig og spenner frå eksperimentelle forfattar som Viktor Pelevin og Vladimir Sorokin til dei populære krimforfattarane Boris Akunin og Aleksandra Marinina. Den russiske samtida blir utforska på kreativt vis i prosaen til Ljudmila Petrusjevskaja, Mikhail Sjisjkin, Vladimir Makanin og Ljudmila Ulitskaja.
På 1800-talet slo vestlege klassiske musikkformer igjennom for fullt i Russland, og den første framståande komponisten var Mikhail Glinka. I generasjonen etter finn vi Peter Tsjajkovskij i Moskva og Nikolaj Rimskij-Korsakov, Aleksandr Borodin og Modest Musorgskij i St. Petersburg. Ein overgangsfigur til modernismen er Aleksandr Skrjabin. Mest kjend frå sovjetperioden er Sergej Prokofjev og Dmitrij Sjostakovitsj, medan Alfred Schnittke og Sofia Gubajdulina er mellom dei mest populære samtidskomponistane i verda. Sovjetunionen og Russland har produsert ei rekkje klassiske utøvarar i verdsklasse, mellom andre pianisten Svjatoslav Richter og cellisten Mstislav Rostropovitsj. Sovjetunionen hadde sin offisielle populærmusikk i form av «estrada»-artistar som Alla Pugatsjova, men viktigare musikalsk sett er visepoetane Vladimir Vysotskij og Bulat Okudzjava, og 1980-talsgruppene Kino og Akvarium. Zemfira har sidan slutten av 1990-åra vore ein leverandør av kvalitetspop, men er internasjonalt blitt overskygd av jenteduoen Tatu.
Lenin hadde stor tru på propagandapotensialet til filmsjangeren, og film var eit kulturpolitisk satsingsområde i Sovjetunionen. I 1925 revolusjonerte Sergej Eisenstein filmhistoria med montasjeteknikken sin i Panserkryssaren Potemkin (Potjomkin), men under Stalin blei den eksperimentelle filmen erstatta av sosialistisk-realistisk estetikk. Det store namnet kunstnarleg sett i den poststalinistiske perioden er Andrej Tarkovskij, med filmar som Andrej Rubljov, Stalker, Spegel og Soljaris. Framståande post-sovjetiske regissørar har vore Nikita Mikhalkov (Brend av sola), Sergej Bodrov (Fangen i Kaukasus), Aleksandr Sokurov (Den russiske arka) og Andrej Zvjagintsev (Heimkomsten). Hos eit breiare publikum har gangsterfilmane Bror 1 og 2, Nattevakta og Dagvakta og det historiske eposet Stalingrad slått an.
(Artikkelen held fram under videoen)
Sjå klipp frå Panserkryssaren Potemkin (1925):

Russland har gitt avgjerande bidrag til moderne teaterhistorie. Konstantin Stanislavskij reformerte scenespråket tidleg på 1900-talet med den realistiske stilen sin. Idealet hans var «spel utan spel»: Skodespelarane skulle framstille karakterane sin psykologi på ein måte som fekk publikum til å identifisere seg med dei. Seinare utvikla Vsevolod Mejerhold eit avantgardistisk og konstruktivistisk teater som i staden for identifisering og realisme var bygd på prinsipp som «demonstrasjon» og «stilisering». Teateret skulle dessutan vere politisk. Denne retninga blei undertrykt under Stalin, og Stanislavskij blei på nytt eit førebilete, om enn i ei ideologisert form. Eit meir nyskapande teater veks fram etter Stalin, særleg på Vakhtangov-teateret i Moskva. Internasjonalt blei sovjetisk scenekunst særleg kjend for ballettoppsetjingane til Bolsjoj-teateret i Moskva og Kirov-balletten i Leningrad (i dag Marinskij-teateret i St. Petersburg).
(Artikkelen held fram under videoen)
Sjå video frå øving i Bolsjoj-balletten:
Sentralt i den russiske førmoderne biletkunsten står det ortodokse ikonmaleriet etter bysantinske førebilete. 1100-talsikonet «Gudsmora frå Vladimir», som ofte er omtalt som Russlands nasjonalikon, er av bysantinsk opphav. Sentrale russiske ikonmålarar er Feofan Grek og Andrej Rubljov (1300- og 1400-talet). På 1700-talet dominerer vesteuropeisk nyklassisisme, med sekulær portrettkunst og mytologiske motiv. Moderne russisk kunsthistorie byrjar for alvor med vandreutstillarane i 1863, ei gruppe sosialt engasjerte realistar som braut ut frå kunstakademiet i St. Petersburg. Dei måla motiv frå russisk kvardagsliv, landskap og historie, og viste fram bileta sine på omreisande utstillingar. Dei sentrale namna her er Ilja Repin og Vasilij Surikov.
Modernistiske idear, til dømes om sjangeroverskridande kunstverk, blei først fremja i tidsskriftet Kunstens verd, som stod nær Sergej Djagilevs russiske ballett, «Ballets Russes». Karakteristisk for den vidare utviklinga innanfor kunsten er ein kombinasjon av nyprimitivisme og abstraksjon. Eit sentral hending var «Ruter knekt»-utstillinga i 1910, der mellom anna Kazimir Malevitsj var med. Malevitsj utvikla etter kvart suprematismen – ein rein, objektslaus kunst av geometriske figurar, som i «Svart kvadrat» (1915). Gradvis større abstraksjon finn vi òg i verka til Vasilij Kandinskij, medan Marc Chagall utvikla ein eigen surrealistisk stil med motiv frå jødisk og kviterussisk bygdeliv.
Russland var òg ein viktig stad for utviklinga av konstruktivismen i kunst og arkitektur, som var revolusjonær også reint politisk. Dei avantgardistiske retningane blei gradvis marginaliserte utetter i 1920-åra og sidan heilt undertrykt under Stalin, då den sosialistiske realismen blei einerådande i alle kunstartar. Dei viktigaste samlingane av russisk kunst finn vi i Tretjakov-galleriet i Moskva og Det russiske museet i St. Petersburg.

Idrett

Sovjetunionen nytta omfattande ressursar på idrett, også for å stadfeste supermaktsposisjonen sin. Det post-sovjetiske Russland har i det store og heile makta å halde på posisjonen som ei stormakt innanfor både sommar- og vinteridrett. Ei idrettsgrein der Russland særleg har markert seg etter 1991, er tennis, ikkje minst for kvinner. Russland er vidare ein leiande nasjon innanfor vintersportsgreiner som ishockey og langrenn, og ikkje minst sjakk, som var eit kulturpolitisk satsingsområde under sovjetperioden. Fotball er den mest populære sporten i Russland som i verda elles, trass i at landet ikkje er mellom toppnasjonane her. Russland er arrangør for fotball-VM i 2018, og landet har arrangert OL to gonger. Sommar-OL i Moskva i 1980 blei prega av omfattande internasjonal boikott (mellom anna av Noreg), medan vinter-OL i Sotsji ved svartehavskysten i 2014 var eit prestisjeprosjekt som kosta den russiske staten 300 milliardar kroner.

Næringsliv

Den viktigaste næringa i Russland er petroleumsverksemd (utvinning av olje og gass), som utgjer rundt 25 prosent av BNP, halvparten av inntektene på statsbudsjettet og to tredjedelar av russisk eksport. Russland er den største eksportøren av olje og gass i heile verda og har dessutan dei største naturgassreservane i verda. Også stål og aluminium er viktige eksportartiklar.
Av primærnæringane er særleg fiske viktig, medan skog- og jordbruket framleis slit med verknadene av det kollektiviserte sovjetsystemet. Tungindustrien gjekk markert attende i 1990-åra, og produksjonen i tradisjonelle sovjetiske industriar som bil- og flyproduksjon har gått ned. Eit unntak er våpenproduksjonen og -eksporten, som på nytt har auka under Putin.
Russisk økonomi er svært ressursavhengig, noko også russiske styresmakter har innrømt offentleg. Under presidentperioden til Dmitrij Medvedev blei det sett i gang program for teknologisk og kunnskapsbasert innovasjon, til dømes i form av eit «russisk Silicon Valley» i Skolkovo utanfor Moskva.
Utanlandske selskap har vore involverte i ulike prosjekt i Russland, til dømes i samband med olje- og gassutvinning, men generelt sett pregar dei russisk næringsliv i relativt liten grad, sidan det kan vere svært utfordrande å etablere seg i Russland. Utanlandske selskap er viktigare innanfor sekundær- og tertiærnæringane, til dømes McDonald's, IKEA og ulike leverandørar av telekommunikasjon. Importen er dominert av maskiner og ulike forbruksvarer, inkludert matvarer.

Økonomisk og sosial utvikling

Med oppløysinga av Sovjetunionen blei det planøkonomiske systemet i løpet av kort tid erstatta av marknadsøkonomi, noko som resulterte i høg inflasjon og stor fattigdom. Ei ny økonomisk krise kom i 1998. Takka vere høge olje- og gassprisar har likevel BNP, produksjon og investeringar hatt ein jamn vekst sidan slutten av 1990-åra. Overskot på statsbudsjetta har gjort landet i stand til å betale attende utanlandsgjelda det pådrog seg i 1990-åra. Russland hadde i 2013 den sjuande største økonomien i verda, målt ut frå BNP.
Talet på menneske under fattigdomsgrensa har minka frå 55 prosent i 1998 til om lag 13 prosent i 2014. Det har vore jamn lønsvekst i perioden, og i 2013 var gjennomsnittsinntekta per månad 30 000 rublar (mellom 5000 og 6000 kroner). Russland har flat inntektsskatt, på 13 prosent. Den registerte arbeidsløysa er om lag fem prosent.
Statseigde bedrifter blei i stor mon privatiserte i 1990-åra. Sjølv om den russiske staten på 2000-talet har fått attende kontrollen over fleire av desse bedriftene, er tre fjerdedelar av russiske bedrifter i dag private. Korrupsjon er svært utbreidd, og i 2013 låg Russland på plass nr. 127 på korrupsjonsindeksen til Transparency International.
Manglande tillit til russisk økonomi og bankvesen i 1990-åra førte til stor kapitalflukt, ein tendens som enno ikkje har snudd. Store russiske formuar står i utanlandske bankar, til dømes på Kypros. Men også vanlege folk har liten tillit til økonomien og staten, trass i veksten på 2000-talet. Russarar i dag ser låge løner og framtidige pensjonar, arbeidsløyse, inflasjon og svak statleg tenesteyting som dei største trugsmåla mot livskvaliteten sin.
I 2011 presenterte SN for første gong ein global statistikk over drap, der Russland låg svært høgt, med 11,2 drap per 100 000 menneske. Talet har likevel gått noko ned sidan 1990-åra. Den mafialiknande kriminaliteten som prega Russland i 1990-åra har òg gått ned, i samband med at den russiske staten under Putin har involvert seg meir i næringslivet, men til gjengjeld har korrupsjonen gått endå meir opp. I kjølvatnet av Tsjetjsenia-krigane er terrorisme blitt eit aukande problem. Etter bombene mot bustadblokker i Moskva i 1999, som blei brukt som påskot for på nytt å gå til krig mot tsjetsjenske separatistar, har det vore ei rekkje omfattande terroraksjonar i Russland, mellom anna på Dubrovka-teateret i Moskva i 2002 og på ein skule i Beslan i Nord-Kaukasus i 2004.
Trass i at Russland er definert i grunnlova som ein multietnisk føderasjon, er framandfiendtlege haldningar og rasistisk vald utbreidd. I det post-sovjetiske samfunnet rettar dette seg særleg mot Russlands eigne folkegrupper frå Kaukasus og mot arbeidsinnvandrarar frå dei tidlegare sovjetrepublikkane i Sentral-Asia.
Homofili blei avkriminalisert i 1993, men er generelt lite akseptert i det russiske samfunnet. Diskrimineringa er omfattande og vil truleg bli forsterka med lova frå 2013 om «Forsvar av born mot informasjon som propaganderer i strid med tradisjonelle familieverdiar» og som er «skadeleg for helsa og utviklinga deira».

Kyrkje og religion

Etter grunnlova er det religionsfridom i Russland. Religiøse organisasjonar er skilde frå staten, som er definert som sekulær. Samstundes kom det i 1997 ei lov som definerer kristendom, islam, buddhisme og jødedom som ein «ufråvikeleg del av Russlands historiske arv», og i tillegg blir ortodoksien her framheva for å ha ytt eit «særskilt bidrag» til russisk historie, spiritualitet og kultur. Kritikarar av lova meiner ho har gjort det vanskelegare for andre, «ikkje-tradisjonelle», religionar å operere i Russland, og at ho i praksis har opna for eit nytt hopehav mellom staten og den ortodokse kyrkja.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Frå nattverd i St. Petersburg. Foto: Saint-Petersburg orthodox theological academy.
Frå nattverd i St. Petersburg. Foto: Saint-Petersburg orthodox theological academy. CC BY ND 2.0
Ei sosiologisk undersøking i 2012 kunne fortelje at 41 prosent av folket rekna seg som «ortodokse», til skilnad frå tidlegare statistikkar, som har operert med tal opp mot 70 prosent. I tillegg er talet på aktivt praktiserande langt lågare. 25 prosent sa at dei var truande utan å rekna seg sim tilhengjarar av ei bestemt retning, og 13 prosent var ateistar. Muslimar utgjer 6,5 prosent.
Den dominerande religionen i Russland er ortodoks kristendom. Leiaren for den russisk-ortodokse kyrkja er patriarken i Moskva. Historisk sett blei kyrkja i Moskva sjølvstendig frå patriarkatet i Konstantinopel på midten av 1400-talet, like før det bysantinske riket blei erobra av ottomanane. Eit eige patriarkat blei oppretta først i 1589. Under Peter den store blei kyrkja lagd under staten (1721), og patriarkatet blei erstatta av den «heilage synoden». Patriarkatet blei sidan gjenoppretta etter februarrevolusjonen i 1917, då staten og kyrkja blei skilde. Sovjetperioden skulle likevel by på utstrekt forfølging og marginalisering av kyrkja.
Under «perestrojka» fekk den russisk-ortodokse kyrkja større spelerom, og i 1988 kunne ho fritt feire at det var tusen år sidan kristninga av austslavarane. Kyrkja pregar i dag Russland på fleire område og har ofte uttrykt støtte til Putins politikk. Russisk ortodoksi er ein sentral komponent i russisk nasjonal identitet, sjølv om talet på aktivt praktiserande kristne er langt lågare enn dei som reknar seg som «ortodokse» eller jamvel «truande».

Politisk historie

I skriftlege kjelder er Moskva nemnd første gongen i samband med årstalet 1147. Moskva låg den gongen innanfor fyrstedømet Vladimir-Suzdal, eitt av fleire austslaviske fyrstedøme som blei styrte av medlemer av det såkalla Rjurik-dynastiet. Tidleg på 1300-talet blir Moskva den dominerande byen i Vladimir-Suzdal og nytt sete for storfyrsten. I 1326 flyttar metropolitten, det høgaste geistlege nivået etter patriarken, frå Vladimir til Moskva.
I åra 1237–41 blir dei austslaviske områda herja av mongolane, som like etter grunnla Kiptsjak-khanatet (eller «Den gylne horden») i områda aust for Moskva. Dei innførte eit indirekte styre over dei austslaviske fyrstedøma. Under denne perioden blir Moskva ein rik og etter kvart mektig by, ikkje minst takka vere diplomatisk kløkt overfor mongolane. Sigeren over mongolane ved slaget på Kulikovo-sletta i 1380 markerer byrjinga på slutten for det mongolske overherredømet.
I perioden 1362–1533 legg Moskva under seg andre austslaviske fyrstedøme, mellom anna Novgorod og Tver, og blir den dominerande staten i Aust-Europa, ved sida av Polen-Litauen. Moskva koloniserer òg store område i nord. I 1448 blir kyrkja i Moskva i praksis sjølvstendig frå patriarkatet i Konstantinopel.
I 1547 blir Ivan den 4. («den grufulle») krona til «tsar» (av «caesar»), og Moskva blir eit tsardøme. Ivan set seinare i verk eit terrorvelde mot bojarane (den landeigande adelen), det såkalla «opritsjnina» (1565–72). I 1552 erobrar Moskva Kazan, noko som innleier ein omfattande ekspansjon austover i ikkje-slaviske område. Moskovittar når Stillehavskysten i 1639, og Moskva-riket blir eit imperium. Med Perejaslavl-avtalen i 1654 kjem Aust-Ukraina og Kiev under Moskva.
I 1589 blir Moskva-patriarkatet oppretta. Rjurik-dynastiet, som har herska i austslaviske område sidan 800-talet, døyr ut i 1598. Det innleier den såkalla «urotida», som er prega av ein serie bondeopprør, «falske tsarar» (tronpretendentar) og etter kvart invasjonar av svenske og polske styrkar. Ein russisk hær leidd av Kuzma Minin og Dmitrij Pozjarskij slår invasjonane attende i 1612. Året etter vel ei stenderforsamling Mikhail Romanov til tsar. Romanov-dynastiet kjem med dette til å styre Russland fram til 1917.
Bøndene var sidan slutten av 1400-talet blitt meir og meir ufrie. I 1649 blir liveigenskapen fastsett ved lov. Bøndene blir adelen og staten sin eigedom. Frå tid til anna skjer det opprør, slik som under urotida, mellom anna Stenka Razin-opprøret i 1670 og Pugatsjov-opprøret i 1773. Liveigenskapen er òg ein sosial bakgrunn for opprøret i samband med splittinga innanfor den russisk-ortodokse kyrkja i 1660-åra mellom den reformvenlege patriarken Nikon og dei «gamaltruande».
I åra 1689 til 1725 regjerer Peter den store, som gjennomfører ei rekkje reformer av den russiske staten og i samfunnet elles etter vesteuropeiske førebilete. Han grunnlegg St. Petersburg og gjer seinare byen til hovudstad. Staten får nytt namn: «Det russiske imperiet». Under Den store nordiske krigen (1700–21) vinn Russland Nord-Baltikum og Karelen frå Sverige.
Under Katarina den store (1762–96) ekspanderer Russland endå meir. Landet legg under seg Krim og nordkysten av Svartehavet. Gjennom delingane av Polen får Russland dei midtre delane av Ukraina, Kviterussland og Litauen. Russland får med dette også ei stor jødisk befolkning.
I 1812 invaderer Napoleon Russland, men blir til slutt driven attende. Russland er ei av dei europeiske stormaktene under fredsoppgjeret i Wien i 1815. Under tsar Aleksander 1. erobrar Russland Georgia, Bessarabia (Moldova), Finland og endå meir av Polen (Warszawa). Under Dekabrist-opprøret i 1825 blir det sett fram krav om liberale reformer, men opprøret blir slått ned. Dette innleier ein restaurasjonsperiode med sterk sensur under tsar Nikolaj den 1., men også ein blømingsperiode for russisk litteratur.
Krimkrigen (1853–56), som i røynda var ein krig om restane av det ottomanske riket, endar med eit svidande nederlag for Russland mot Frankrike og England. Resultatet medverkar til at tsar Aleksander 2. i 1861 opphevar liveigenskapen, og fleire andre liberale reformer blir gjennomførte. I 1858 blir Nord-Kaukasus omsider erobra, etter fleire tiår med kolonikrig, og i åra 1860–70 kjem Sentral-Asia under russisk kontroll.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video: «Krimhalvøyas dramatiske historie» (sendt 2.3.2014), NRK Skole
På slutten av 1800-talet blir Russland industrialisert og urbanisert, samstundes som landet blir stadig meir prega av sosiale, politiske og nasjonale spenningar. Tapet mot Japan i krigen om Mandsjuria (1904–05) er med på å skape misnøye mot tsarmakta på alle nivå i samfunnet. 1905 blir innleidd med eit folkeopprør, og det er konstant uro i månadene som følgjer. Med «oktobermanifestet» blir det gjennomført konstitusjonelle reformer, og det blir valt ei lovgivande forsamling (den første dumaen). Dei komande åra er likevel prega av kontinuerlege konfliktar mellom tsaren og dumaen.
I 1914 kjem Russland med i den første verdskrigen, men opplever snart store menneskelege og territoriale tap. Etter februarrevolusjonen i 1917 går tsaren av. Landet blir no leidd av ei provisorisk regjering. Samstundes går imperiet i oppløysing. I november gjennomfører bolsjevikane, under leiing av Lenin, eit statskupp («oktoberrevolusjonen»). Dei greier å halde på makta gjennom den blodige borgarkrigen mellom bolsjevikar og ikkje-bolsjevikar (1918–22). I 1922 blir Sovjetunionen offisielt proklamert, og består av den russiske, den ukrainske, den kviterussiske og den transkaukasiske sovjetrepublikken. Sentral-Asia kjem til i 1924. Etter den første verdskrigen, revolusjonen og borgarkrigen oppstår det nye sjølvstendige nasjonalstatar i Finland, Baltikum og Polen, medan Moldova blir del av Romania.
Sovjetunionen blir no styrt av kommunistpartiet. Etter Lenins død i 1924 manøvrerer Josef Stalin seg gradvis fram som ny leiar. I 1928 set han i gang den første femårsplanen, med omfattande industrialisering og tvangskollektivisering av jordbruket. I 1930 etablerer sovjetmakta GULAG, eit brutalt system av straffe- og arbeidsleirar, som blir eit sentralt instrument i industrialiseringa og moderniseringa av Sovjetunionen. Dei store prosjekta krev enorme menneskelege ressursar, og i 1933 fører den menneskeskapte hungersnøda i Ukraina og andre område til at fleire millionar menneske døyr. I 1936–38 resulterer Moskvaprosessane i omfattande utreinskingar i partiapparatet og i samfunnet generelt.
I 1939 inngår Sovjetunionen ein fredsavtale med Tyskland («Molotov-Ribbentrop-pakta»), som òg inneheld ein hemmeleg del om deling av Aust-Europa mellom dei to landa. Medan Tyskland invaderer Polen like etter, okkuperer i 1939–40 Sovjetunionen dei baltiske statane, Moldova og Aust-Polen. Landet fører òg krig mot Finland («Vinterkrigen»). 22. juni 1941 blir Sovjetunionen invadert av Tyskland, noko som innleier «Den store fedrelandskrigen». Dei sovjetiske styrkane maktar til slutt å slå attende invasjonen. Minst 20 millionar menneskeliv går tapt. Etter krigen blir Sovjetunionen utvida med dei baltiske statane, Moldova og dei vestlege delane av Ukraina og Kviterussland, som tidlegare høyrde til Polen. Under krigen utfører sovjetmakta omfattande deportasjonar av tsjetsjenarar, krimtatarar og ei rekkje andre nasjonalitetar på eige territorium.
I 1953 døyr Stalin, og eit terrorvelde tek slutt. GULAG blir etter kvart avvikla. Den nye statsleiaren, Nikita Khrusjtsjov, kritiserer Stalin på den 20. partikongressen i 1956, noko som innleier «tøvêrsperioden» i sovjetisk samfunnsliv, med ei viss liberalisering. I 1961 blir Jurij Gagarin det første mennesket i verdsrommet. Samstundes når den kalde krigen mellom Sovjetunionen og USA/Vesten eit klimaks, med bygginga av Berlinmuren og Cubakrisa (1961–63). Khrusjtsjov blir avsett i 1964, noko som innleier Bresjnev-tida, med gradvis økonomisk stagnasjon og omfattande militær opprusting. I dei neste to tiåra går undertrykking av politisk og kulturell opposisjon hand i hand med høgt utdanningsnivå, stor geografisk mobilitet, arbeid til alle og relativt omfattande tenesteyting.
(Artikkelen held fram under fotoet)
I 1961 blir Jurij Gagarin det første mennesket i verdsrommet. Faksimile. Kjelde: NASA.gov
I 1961 blir Jurij Gagarin det første mennesket i verdsrommet. Faksimile. Kjelde: NASA.gov
I 1985 blir Mikhail Gorbatsjov ny leiar i Sovjetunionen. Han set i verk ei rekkje reformer av økonomien («perestrojka») og innfører gradvis større ytringsfridom («glasnost»). Etter kvart får landet store problem med å fø sine eigne borgarar. I løpet av åra 1990–91erklærer dei ikkje-russiske sovjetrepublikkane seg sjølvstendige. Eit kupp ved den gamle eliten i august 1991 greier ikkje å hindre at Sovjetunionen går i oppløysing. Samarbeidsorganet «Samveldet av uavhengige statar» blir oppretta i desember 1991.
I januar 1992 gjennomfører Den russiske føderasjonen, leidd av Boris Jeltsin, ein snøgg overgang til marknadsøkonomi og privatiserer ei rekkje statlege verksemder. Dette resulterer i hyperinflasjon og enorm fattigdom blant menneske som nokre år tidlegare hadde levd i relativ velstand materielt sett. Arbeidet med ei ny grunnlov fører til konflikt mellom presidenten og parlamentet, noko som endar med militære kampar i oktober 1993. Ei ny grunnlov blir vedteken ved ei folkerøysting i desember, der det òg blir halde val til parlamentet (dumaen).
Jeltsin var først ein populær leiar for Russland i kampen mot det gamle Sovjetsystemet, men misser snart oppslutning på grunn av den omfattande fattigdomen. Den første Tsjetsjenia-krigen (1994–96) mot tsjetsjenske separatistar, som blir fritt dekt i russiske medium, skaper ytterlegare misnøye. Likevel sigrar Jeltsin i det første post-sovjetiske presidentvalet i 1996. I 1999 går han av og utpeikar statsminister Vladimir Putin til president. Putin vinn presidentvalet året etter, og blir attvald i 2004. Under Putin opplever Russland ein gradvis velstandsvekst, godt hjelpt av høge olje- og gassprisar. I 2008 blir Putin statsminister under president Dmitrij Medvedev, men blir vald til president for tredje gong i 2012.
I 1999 tek den andre Tsjetsjenia-krigen til, og republikken misser snart autonomien som var oppnådd med fredsavtalen i 1996. Den Moskva-lojale Kadyrov-familien har styrt Tsjetsjenia med jernhand sidan 2000. Området har opplevd omfattande brot på menneskerettane. I 2008 gjennomfører Russland ein militær operasjon i Sør-Ossetia i Georgia, som saman med Abkhasia blir anerkjent av Russland som ein sjølvstendig stat. I 2014 annekterer Russland Krim frå Ukraina, noko som markerer den første reelle utvidinga av Russland etter at Sovjetunionen blei oppløyst.

Utdanning og forsking

Artikkel 43 i den russiske grunnlova slår fast at skulegang skal vere gratis og obligatorisk for alle, og at alle har rett til høgare utdanning. Obligatorisk skulegang i Russland varer i ni år – fire år med grunnskule og fem år på eit mellomtrinn. Etter dette kan ein gå to år på vidaregåande skule, noko som gjer ein kvalifisert på å ta fatt på universitetsstudium. Alternativt kan ein gå på ein fireårig yrkesretta vidaregåande. Born byrjar vanlegvis på skulen i seksårsalderen og avsluttar vidaregåande når dei er 17 år. Russarar går i gjennomsnitt 14 år på skule. Analfabetisme blei nærmast utrydda i sovjetperioden, og nær hundre prosent av innbyggjarane over 15 år kan i dag lese og skrive. Rundt éin prosent går på private skular.
På universitetsnivå har Russland innført Bologna-modellen, med fireårig bachelorgrad og toårig masterstudium. Vidare består forskarutdanninga av to nivå: ei kandidatavhandling (normert til tre år) og ei doktoravhandling (uspesifisert tidslengd). Russland har eit omfattande nett av statsuniversitet og høgskular («pedagogiske universitet» og andre spesialiserande høgskular), som blei etablert i sovjettida, og eit veksande tal av ikkje-statlege universitet. Over halvparten av innbyggjarane har universitetsutdanning, noko som plasserer Russland i toppen internasjonalt.
Det største og eldste universitetet i Russland er det statlege Lomonosovuniversitetet i Moskva, grunnlagt i 1755. Den sentrale forskingsinstitusjonen er Det russiske vitskapsakademiet, grunnlagt i 1724. Andre viktige institusjonar er Higher School of Economics (grunnlagt i 1992), som har status som nasjonalt forskingsuniversitet, og Moskvas statlege institutt for internasjonale relasjonar (MGIMO). Forskingsfinansieringa i Russland gjekk drastisk ned i 1990-åra, noko som førte til omfattande hjerneflukt vestover, men situasjonen har betra seg noko etter 2000.
Som Russland sine viktigaste bidrag innanfor vitskap og forsking må særleg det periodiske systemet til Dmitrij Mendelejev (1869) framhevast. I sovjettida blei det satsa stort på naturvitskap og teknologi, inkludert flyindustri, romfart og atomforsking. Innanfor humaniora har russisk litteraturvitskap (formalismen, Mikhail Bakhtin, Jurij Lotman) hatt stor innverknad internasjonalt gjennom heile 1900-talet, medan Lev Vygotskij har gitt avgjerande bidrag til pedagogikken.

Folkehelse og helsevesen

Den statlege fattigdomen i det post-sovjetiske Russland har også råka det russiske helsevesenet, i form av minkande ressursar til utstyr og utdanning av personell. Samstundes arva Russland eit system som allereie var prega av forelda utstyr og varierande hygienisk standard, særleg i periferiane.
På rangeringa til Verdshelseorganisasjonen for 2000 låg det russiske helsevesenet på 130. plass av i alt 191 land. Den russiske grunnlova garanterer gratis behandling, men likevel blei 30 prosent av all behandling i 2005 finansiert privat. I 2011 brukte Russland 6,2 prosent av BNP på helsetenester, noko som er eit av dei lågaste tala i Europa (Noreg brukte 9,1 prosent). Eit betre helsevesen er eit av mange uttalte satsingsområde for Putin.
Spreiinga av HIV/AIDS i Russland er blant dei raskaste i verda. Eit anna aukande helseproblem er oppblomstringa av resistent tuberkulose, ein sjukdom det russiske helsevesenet har mist kontroll over etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Andre vanlege dødsårsaker er alkoholmisbruk og røyking, sidan dette resulterer i omfattande førekomstar av hjarte- og karsjukdomar (57 prosent av alle dødsfall i 2008) og kreft (14 prosent). Alkohol er òg ein årsak til det høge talet på trafikkulukker og valdshandlingar. Ifølgje tal frå 2008 røykjer 60 prosent av alle russiske menn.
Det russiske helsevesenet er organisert i samsvar med den føderale og regionale inndelinga av landet. Det er i hovudsak bygd opp av sjukehus og poliklinikkar og har i liten grad allmennmedisinske primærhelsetenester, slik vi har i Noreg. I staden for å gå til ein generalist oppsøkjer ein ved behov spesialistar på poliklinikkane.

Samferdsel og kommunikasjon

Ved utgangen av 2013 hadde 47 prosent av alle innbyggjarane tilgang til internett og 17 prosent hadde breiband. Det var 268 millionar aktive sim-kort i landet, noko som svarer til 168 prosent av innbyggjartalet.
Dei mest trafikkerte flyplassane i Russland er Sjeremetjevo, Domodedovo og Vnukovo i Moskva og Pulkovo i St. Petersburg. Det sovjetiske flyselskapet Aeroflot var det største i verda, men i 1992–93 blei ei rekkje mindre regionale selskap skilde ut frå dette selskapet. Dagens Aeroflot er delvis statseigd (51 prosent) og er eit «nasjonalt flyselskap» (engelsk: flag carrier). Selskapet er det største i Russland på utanrikstrafikk. Vidare har staten fullt eigarskap i selskapet Rossiya, som òg har ansvaret for statlege oppdrag. Det første private flyselskapet i Russland var Transaero (1990), medan selskapet Sibir (eller S7) står for størstedelen av innanrikstrafikken.
Russland har eit nett av europavegar (forkorta E) og motsvarande «asiavegar» (AN), føderale motorvegar (M), vegar som knyter saman administrative senter (R) og andre sentrale tilknytingsvegar (A). Ifølgje tal frå 2008 har Russland 928 000 kilometer med fast vegdekke. Vegstandarden er variabel, og talet på trafikkulukker er høgt.
Russland har hamnebyar ved Barentshavet/Polhavet, Austersjøen, Svartehavet og Stillehavet. Dei største hamnebyane er St. Petersburg, Kaliningrad og Primorsk ved Austersjøen, Novorossijsk ved Svartehavet og Vostotsjnyj og Nakhodka ved Stillehavskysten. Landet har dessutan eit omfattande nett av farbare elvar og innsjøar, som har vore ein viktig transportveg i Russland historisk sett. Saman med ei rekkje kunstige kanalar gjer elvane jamvel innlandsbyen Moskva til ein hamneby, med tilkomst til Austersjøen, Kvitesjøen, Azovhavet (og dermed Svartehavet) og Kaspihavet. Russland er det einaste landet som har atomdrivne isbrytarar.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Verdas største atomisbrytar 50 Let Probedy. Foto: rosatomflot.com
Verdas største atomisbrytar 50 Let Probedy. Foto: rosatomflot.com
Jernbanenettet i Russland er 86 000 kilometer langt og er det nest lengste i verda, etter det amerikanske. Om lag halvparten er elektrifisert. Den russiske sporvidda er breiare enn i Vest-Europa (1520 mm). Jernbana i Russland blir driven av det statlege selskapet Dei russiske jernbanene. Den mest kjende strekninga er den transsibirske jernbana, medan det sovjetiske prestisjeprosjektet Bajkal–Amur-linja (BAM) omsider stod ferdig i 1991.

Kjelder

Rolf-Inge Vogt Andresen: «Framtiden for russisk verneplikt», Nordisk Østforum nr. 1/2010
Rolf-Inge Vogt Andresen og Tor Bukkvoll: Russisk våpenutvikling frem mot 2020. Kjeller 2009
Edwin Bacon: Contemporary Russia. Basingstoke 2010
Atle Grønn: Russisk i verden. Halden 2009
Vladimir Iontsev ofl.: «Imigration to Russia», i Uma A. Segal ofl.: Immigration Worldview: Policies, Practices, Trends. Oxford 2009
Jørgen Holten Jørgensen og Geir Hønneland: Russisk politikk. Bergen 2013
Pål Kolstø: Russland. Folket, historien, politikken, kulturen. Oslo 2008
Marlene Laruelle: In the Name of the Nation. Nationalism and Politics in Contemporary Russia. New York 2009
Guennadi Moukine: «Virtual World Bringing Real Money and Challenges to Russia», The Moscow Times 24.12.2013
Walter Moss: A History of Russia, bd. 1: To 1917. London 2005
Brynjulv Risnes: «Russisk rulett», Samtiden nr. 2/2013
Nicholas Rzhevsky (red.): The Cambridge Companion to Modern Russian Culture. Cambridge 1998
«Skol'ko studentov utsjatsja za rubezjom», Kommersant 27.3.2012
Yngvar B. Steinholt: «Rock mot regimet? Perspektiver for rockens rolle i sovjettidens Russland», Nordisk Øst-forum nr. 16 (3)/2002
Olav Thoresen og Cecilie Daae: «Russisk allmennmedisin», Tidsskrift for Den norske legeforening nr. 6/2004
Jannecke Wiers-Jenssen: Utenlandske studenter i Norge. NIFU Arbeidsnotat 2/13
«Atlas religij i national'nostej Rossii», Sreda, publisert 2012: http://sreda.org/arena [lesedato 5.9.2014]
«2011 Global Study on Homocide», United Nations Office on Drugs and Crime, publisert 2011: https://www.unodc.org/unodc/en/data-and-analysis/statistics/crime/global-study-on-homicide-2011.html [lesedato 5.9.2014]
Alexander Baturin: «Nutrition and Health in Russia», Higher School of Economics, publisert 2007: https://www.hse.ru/data/2010/05/25/1216904179/9.pdf [lesedato 5.9.2014]
«Braki, razvody i obsjtsjie koeffitsienty bratsjnosti i razvodimosti po sub''jektam Rossijskoj federatsii», Federal'naja sluzjba gosudarstvennoj statiskiki, publisert 2009: http://www.gks.ru/bgd/regl/B09_16/IssWWW.exe/Stg/03-02.htm [lesedato 5.9.2014]
«Europe», Internet World Stats: http://www.internetworldstats.com/ [lesedato 5.9.2014]
Anna Oshkalo: «Smartphones in Russia – Numbers and Facts», Russian Search Tips, publisert 27.8.2013: http://www.russiansearchtips.com/2013/08/smartphones-in-russia-numbers-and-facts/ [lesedato 5.9.2014]
«Osnovnye pokazateli transporta», Federal'naja sluzjba gosudarstvennoj statiskiki, publisert 2009: http://www.gks.ru/bgd/regl/b09_13/IssWWW.exe/Stg/html4/17-01.htm [lesedato 5.9.2014]
«Russia Turns Clocks Back to 'Winter' Time», RIA Novosti, publisert 26.10.2014: http://en.ria.ru/russia/20141026/194606015/Russia-Turns-Clocks-Back-to-Winter-Time.html [lesedato 27.10.2014]
«Russland», Globalis (FN-sambandet): http://www.globalis.no/Land/Russland/(show)/indicators [lesedato 5.9.2014]
«Russian Federation», World Health Organization: http://www.who.int/countries/rus/en/ [lesedato 5.9.2014]
«Vserossijskij perepis' naselenija», Federal'naja sluzjba gosudarstvennoj statiskiki, publisert 2010: http://www.gks.ru/free_doc/new_site/perepis2010/croc/perepis_itogi1612.htm [lesedato 5.9.2014]
«World Abortion Policies», United Nations: Department of Economic and Social Affairs, publisert 2013: http://www.un.org/en/development/desa/population/publications/pdf/policy/WorldAbortionPolicies2013/WorldAbortionPolicies2013_WallChart.pdf [lesedato 5.9.2014]

Peikarar

Først publisert: 09.10.2014
Sist oppdatert: 14.02.2017