Hopp til innhold
X
Innhald

Georg Brandes

Georg Brandes (1842–1927) var ein dansk litteraturkritikar og forskar som truleg hadde større innverknad på norsk litteratur på 1870- og -80-talet enn nokon nordmann.

I 1871 byrja han på ei forelesingsrekkje med tittelen Hovedstrømninger i det 19de Aarhundredes Litteratur, der han gar gjennom den europeiske nasjonallitteraturen. Han las litteraturen i eit framstegsperspektiv, der den franske revolusjonen peika framover, men blei offer for politisk reaksjon. Dei radikale og framstegsvennlege impulsane, som han knyter til opplysningsfilosofi, kvinnesak og religionskritikk, hadde i liten grad slått inn i Danmark-Noreg.

Norske forfattarar som Bjørnson, Ibsen, Kielland, Garborg og Lie brevveksla med Brandes, som kommenterte og melde bøkene deira. Fordi Brandes var sa breitt orientert om moderne filosofi, vart han særleg viktig for Garborg.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 18.06.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018