Hopp til innhold
X
Innhald

Giuseppe Verdi

Giuseppe Fortunino Fransesco Verdi, italiensk komponist. Han er den fremste italienske operakomponisten gjennom tidene, og ei rekkje av verka hans ruvar framleis i operarepertoaret, mellom anna Rigoletto (1851), La traviata (1853) og Aida (1871).

Giuseppe Verdi var fødd 9. eller 10. oktober 1813 i Roncole i Parma-provinsen og døydde i Milano 27. januar 1901. Han fekk tidleg både musikk- og allmennundervising hos den lokale presten, og ni år gamal var han alt organist i kyrkja. I 1824 reiste han til Busseto, og i tenåra var han ein svært aktiv bidragsytar i musikklivet i byen. Som 18-åring flytta han til Milano for å studere ved konservatoriet, men kom ikkje inn. I staden tok han timar hos operakomponisten Vincenzo Lavigna, fram til 1835. Etter vel to år som «maestro di musica» i Busseto, kom han tilbake til Milano då den første operaen hans, Oberto, conte di San Bonefacio, vart sett opp på La Scala i 1839. Frå då av var Verdi operakomponist på heiltid.

 

Det er vanskeleg å overdrive posisjonen Verdi har i operaverda. Han og Wagner, fødde same året, er dei ruvande figurane i kvar sin tradisjon, og dei gjorde det på kvar sin måte svært vanskeleg for alle som ville skrive opera etter dei. Verdi sine 28 operaer er eineståande i konsistens, og heile ti av dei er inne på operabase.com si liste over dei 50 oftast framførte operaene i verda. Skuggen hans vart dermed den definitive testen for alle italienske operakomponistar, som i langt større grad måtte kjempe mot eit eksisterande repertoar i operahusa.

 

Musikalsk stod Verdi bak nokre av dei viktigaste moderniseringane av den italienske operatradisjonen, sjølv om han knapt kan kallast nokon revolusjonær. Han var ein eineståande dugande musikkdramatikar, som samstundes hadde ein heilt unik melodisans. Det gjer at mange av melodiane hans, til dømes «La donna è mobile» (frå Rigoletto) og triumfmarsjen frå Aida, har vorte allemannseige langt utanfor operahusa. Han forandra òg vokalidealet i italiensk opera, frå den lyriske bel canto-røysta til ei kraftigare, meir dramatisk røyst. Slik tok Verdi det beste frå den italienske tradisjonen og gav det eit heilt nødvendig friskt pust av liv.

 

Fram til La Traviata

Den første suksessen til Verdi kom med Nabucco (1842), den tredje operaen hans. Allereie her syner han ei meir direkte tilnærming til songen enn bel canto-forgjengarane, utan like mykje ornamentikk og vokal virtuositet. Før premieren på Macbeth (1847) skreiv han at det var viktigare at Lady Macbeth si røyst var dramatisk enn at ho var vakker, eit viktig signal om kva som var på veg.

 

I Rigoletto (1851) bruker Verdi tydelege musikalske grep for å gi dramatisk informasjon om karakterane sine. Hovudpersonen Rigoletto sin musikk i operaen er dramatisk og deklamerande, og uvanleg lite melodisk. Fienden hans, greven av Manuta, har på den andre sida ei rekkje lette og strofiske melodiar. Gjennom desse melodiane set Verdi musikk til den lettsindige livsstilen til greven. Rigoletto sin musikk er den rake motsetnaden, tyngd som han er av vissa om at dottera, Gilda, er i ferd med å verte greven sitt neste «offer». Gilda sin musikk utviklar seg gjennom operaen, frå det lettsindige og virtuose, medan ho lèt seg forføre av greven, til ein dramatisk deklamasjon som matchar faren, i tredje akt.

 

Utviklinga held fram i La Traviata (1853). Hovudpersonen Violetta lever eit utsvevande liv i Paris og har alt ved starten av operaen fått tuberkulosen som til slutt vert banen hennar. Igjen er eit lettsindig liv knytt i hop med element av vokal virtuositet, som får sitt høgdepunkt i den rikt ornamenterte valsearien «Sempre libera» («Alltid fri») i slutten av første akt. Avstanden derifrå til andre akta, når far til Alfredo overtyder henne om at ho må forlate sonen for familien si ære, er svært stor. Verdi sin dramatiske sans nyanserer portrettet av Violetta og gjer henne til ei av dei høgast elska heltinnene i heile operahistoria.

 

Fram til Aida

I 1850-åra sette Verdi ned tempoet på produksjonen sin. Han budde to år i Paris, der han komponerte Les vêpres siciliennes (Siciliansk vesper, 1855). Dette var ein «grand opéra», ei utprega fransk form, som markerer ein ny, eksperimentell fase i produksjonen hans. Simon Boccanegra (1857) er ei mørk og dramatisk affære. Un ballo in maschera (Maskeballet, 1859) er på den andre sida meir påverka av parisisk komisk opera. La forza del destino (Skjebnens makt, 1862) er ein mosaikk av mange av desse påverknadene, før han med Don Carlos (1867) skreiv nok ein grand opéra for Paris.

 

Aida (1871) er mellom dei meir konvensjonelle verka hans frå denne perioden, trass i den enorme produksjonsskalaen operaen inviterer til, inspirert av grand opéra. Aida var lenge den mest populære av Verdi sine seine verk, men er sjeldnare framført no, både fordi operaen er dyr å oppføre, og fordi han for mange har eit litt ubehageleg preg av vestleg orientalisme.

 

Nasjonalikonet gjer comeback

I 1861 vart Italia samla til éin nasjonalstat, og Verdi vart raskt hylla som eit nasjonalikon under den blomstrande nasjonalismen, ein status han ikkje hadde noko imot. Likevel gjekk det 16 år før det kom ein oppfølgjar til Aida. Rik som han var, hadde han ikkje lenger eit økonomisk motiv for å komponere, og han vart desillusjonert over operatrendane i tida, som gjekk bort frå den italienske tradisjonen, til fordel for fransk og tysk import, særleg påverka av Wagner. I 1870-åra skreiv han i staden fleire ikkje-dramatiske verk, med Requiem (1874) som det klare høgdepunktet.

 

Katalysatoren for Verdi sitt operacomeback kom frå uventa hald. Den yngre librettisten Arrigo Boito hadde tidlegare kritisert Verdi for å vere ein gallionsfigur for den utdaterte italienske operaforma, og librettoen han gav Verdi til Otello (1887) var òg heilt ulik alle Verdi-librettoar til då. Men ukarakteristisk audmjuk høyrde Verdi på librettisten og vart dermed tvinga til å fornye opera-tonespråket sitt. Heile karrieren hadde han skrive opera i tydeleg åtskilde nummer, sjølve motsatsen til dei wagnerske «unendliche Melodie». I Otello bryt han med sin eigen tradisjon og lèt handlinga flyte friare, men utan å la symfoniske element overskugge vokalen. Slik staka han ut den vidare kursen for den italienske operaen.

 

Det same gjeld for Falstaff (1893), den siste operaen hans og den første komedien på over 50 år. På nytt var det Boito som skreiv librettoen, basert på Shakespeare, men tonen i denne operaen er ein heilt annan. Den gamle, sjølvgode Falstaff vert lurt trill rundt av damene han prøver å forføre, men aksepterer til slutt audmjukinga med eit smil. Slik set Falstaff i gang det siste nummeret i Verdi sin opera-karriere, den parodisk intrikate fugen «Tutto nel mondo é burla» («Heile verda er ein vits») – ei høveleg avslutning for ein komponist som aldri lét seg setje i bås.


Kjelder

Carolyn Abbate og Roger Parker: A History of Opera. The Last Four Hundred Years. London 2012

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, sixth edition. New York 2001

 

Roger Parker: «Verdi, Giuseppe», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press. Tilgjengeleg med passord på nettet, oxfordmusiconline.com: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/29191pg7 [lesedato 8.2.2016]

Statistikk over operaframføringar verda rundt, operabase.com: http://operabase.com/visual.cgi?lang=en&splash=t [lesedato 10.2.2016]

Først publisert: 11.01.2018
Sist oppdatert: 07.03.2019