Hopp til innhold
X
Innhald

Gresk

Norsk er mellom dei få språka i verda der Hellas heiter meir eller mindre det same som på gresk.

Ordhistorie
Ordet grekar heng saman med latin Graecus 'gresk'. Graecus er lånt frå gamalgresk Graikós Γραικός 'gresk', eit ord med same tyding som gamalgresk Hellēnikós Ἑλληνικός 'hellensk'. På gamalgresk heitte landet Hellás Ἑλλάς, og på nygresk Elláda [ɛˈlaða] Ελλάδα og Ellás [ɛˈlas] Ελλάς.
Akropolis. Foto: dorena-wm, flickr.com CC BY 2.0
Atene-tempelet på Akropolis i Athen. Foto Renate Dodell, Flickr.com CC BY-ND 2.0.
Dei fleste språk har eit namn på Hellas med opphav i latin Graecia [ˈɡɾæːkia], jf. engelsk Greece, dansk Grækenland, islandsk Grikkland, finsk Kreikka, russisk Grécija Греция og mongolsk Grek Грек.
På arabisk heiter Hellas Yūnān ﻳﻮﻧﺎﻥ, av gamalgresk Ἰωνία 'Jonia'. Ein del språk har eit namn på Hellas som kjem frå arabisk, jf. hindi Yūnān यूनान og tyrkisk Yunanistan.
Nokre få språk har eit namn som kjem av gamalgresk Hellás Ἑλλάς eller Hellēnikós Ἑλληνικός, jf. norsk Hellas, hawaiisk Helene, mandarin Xīlà 希腊 og vietnamesisk Hy-lạp.
Språkfamilie
Gresk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien.
Språkhistorie
Gresk etter 1453, då det bysantinske riket fall, kallar vi nygresk. Heilt sidan den etterklassiske koiné-perioden (330 f.Kr. – 330 e.Kr.) har det vore ei tevling mellom eit naturleg daglegspråk og eit arkaiserande språk påverka av klassisk gresk. På 1800- og 1900-talet fanst to konkurrerande skriftspråk, det talespråksbaserte, folkelege dēmotikḗ [ðimɔtiˈci] δημοτική og det arkaiserande, puristiske katharéuousa [kaθaˈɾɛvusa] καθαρέυουσα. I 1976 blei dēmotikḗ det einaste offisielle språket i Hellas.
Språksystem
Nygresk skil seg frå gamalgresk og dei fleste andre europeiske språk ved å mangle infinitiv. Dette er eit typisk drag ved språka på Balkan. Sjå denne setninga, der ei verbform i konjunktiv, grápsō [ˈɣɾapsɔ] γράψω 'eg skriv', er nytta der norsk ville ha nytta infinitiv:
θέλω
να
γράψω
ένα
γράμμα
thélō
na
grápsō
éna
grámma
[ˈθɛlɔ
na
ˈɣɾapsɔ
ˈɛna
ˈɣɾama]
'eg vil'
'for at'
'eg skriv'
'eit'
'brev'
'Eg vil skrive eit brev.'
Som det går fram av dømet ovanfor, er nygresk eit SVO-språk, det vil seie at setninga vanlegvis byrjar med subjektet (S), held fram med verbet (V) og sluttar med objektet (O) og eventuelle andre ledd.
Uttale
Nygresk har fem vokalar. Vi skil her mellom rettskriving i greske bokstavar, latinsk translitterasjon og uttale:
η ē, ι i, υ u, ει ei, οι oi [i]
ου ou [u]
ε e, αι ai [ɛ] 
ο o, ω ō [ɔ]
α a [a]
Αυ au, ευ eu blir uttalte [af], [ɛf] framfor ustemd konsonant og [av], [ɛv] elles: eukáluptos [ɛfˈkaliptɔs] ευκάλυπτος 'eukalyptus', Eurṓpē [ɛvˈɾɔpi] Ευρώπη 'Europa'. Trema (¨) skil vokalar som elles ville ha blitt uttalte som éin: kairós [cɛˈɾɔs] καιρός 'vêr', 'tid', 'høve', Káïro [ˈkaiɾɔ] Κάϊρο 'Kairo'.
Her er konsonantane:


π p [p]
τ t [t]
τσ ts [ts]
κ k [k] / [c]
μπ mp [mb], [b] 
ντ nt [nd], [d] 
τζ tz [dz]
γκ nk, γγ ng [ŋɡ], [ɡ] / [ɲɟ], [ɟ]
μ m [m]
ν n [n]
φ f [f]
θ th [θ]
σ, ς s [s]
χ kh [x] / [ç]
β v [v]
δ d [ð]
ζ z [z]
γ g [ɣ] / [ʝ]
ρ r [ɾ]
λ l [l]
μπ mp, ντ nt og γκ nk, γγ ng blir uttalte [b], [d], [ɡ] / [ɟ] fremst i ord og [mb], [nd], [ŋɡ] / [ɲɟ] inne i ord: mpúra [ˈbiɾa] μπύρα 'øl', Ólumpos [ˈɔlimbɔs] Όλυμπος 'Olympen'. [b], [d], [ɡ] / [ɟ] finst òg til dels inne i ord: antío [aˈdiɔ] αντίο 'adjø'. Endar eit ord på n ν og det neste byrjar med plosiv, blir plosiven stemd, og n ν får same artikulasjonsstad som plosiven: ston Peiraiá [stɔm biɾɛˈa] στον Πειραιά 'i Pireus'.
k, nk, kh, g er palatale framfor fremre vokal og velare elles: khēmeiá [çiˈmia] χημεία 'kjemi', khorós [xɔˈɾɔs] χορός 'dans'. Når ki/ku, nki/nku, khi/khu, gi/gu (med trykksvak i/u) er følgde av ein vokal, blir ikkje i-en uttalt: khióni [ˈçɔni] χιόνι 'snø', gualí [ʝaˈli] γυαλί 'glas'.
Konsonantkombinasjonane ks og ps blir skrivne med eigne bokstavar, høvesvis ξ og ψ.
Trykket er merkt ortografisk med akutt aksent (´): Athḗna [aˈθina] Αθήνα 'Aten'. Har stavinga to vokalbokstavar, står aksenten på den siste: Eúvoia [ˈɛvvia] Εύβοια 'Euboia', 'Evvia', gunaíka [jiˈnɛka] γυναίκα 'kvinne'.
Kjelder
Aristarhos Matsukas: Teach Yourself Greek. London 2003
Julian T. Pring: A Grammar of Modern Greek On a Phonetic Basis. London 1950
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 04.01.2012
Sist oppdatert: 25.03.2019