Hopp til innhold
X
Innhald

Gro Dahle

Gro Dahle, forfattar som skriv litteratur i mange sjangrar. I barnebøkene sine skriv ho om problematiske forhold mellom vaksne og barn.

Gro Dahle er fødd 15. mai 1962 i Oslo og bur i Tjøme i Vestfold. Ho er cand.mag. frå Universitetet i Oslo og ho har studert kreativ skriving ved Høgskolen i Telemark (1985–86). Dahle er gift med illustratøren Svein Nyhus. Dei har samarbeidd om fleire barnebøker. Dahle har òg samarbeidd med dottera, Kaia Linnea Dahle Nyhus, som òg er illustratør.

Dahle debuterte med diktsamlinga Audiens i 1987. Sidan har ho gitt ut bøker i ulike sjangrar i eit høgt tempo. Ho skriv prosa, lyrikk og skodespel for vaksne, barnebøker og skulebøker, og ho har gitt ut sakprosabøker om å skrive. Barnebøkene hennar tek ofte opp kontroversielle tema, til dømes dårlege relasjonar mellom foreldre og barn. Dahle har òg gjendikta Jobs bok frå Bibelen.

Dikta til Dahle er omsette til over 20 språk. I tillegg til eit omfattande forfattarskap har ho arrangert skrivekurs rundt om i landet.

Dahle har fått ei rad prisar for forfattarskapen sin. Vagantprisen (1989), Obstfelderprisen (1997), Vestfolds Litteraturpris (1998), Aschehougprisen (1998), Cappelenprisen (2000), Brageprisen (2002) og Teskjekjerringprisen (2003) er døme på det. I 2015 fekk ho Triztan Vindtorns poesipris for innsatsen sin for norsk poesi. I 2016 fekk ho Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris for Blekkspruten. I tillegg til prisane har ho òg vore nominert til fleire prisar, til dømes Kritikarprisen og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. Ho har òg fått tildelt fleire kunstnarstipend. I 1999 var ho festspeldiktar under Festspillene i Bergen. Familien Gro Dahle, Svein Nyhus og Kaia Dahle Nyhus vann Spesialprisen for 2019 frå Kulturdepartementet for å behandle vanskelege emne og psykisk helse i biletbøkene dei har laga saman.

Lyrikaren

Dahle har ein brei forfattarskap, med bøker i mange sjangrar for barn og vaksne. Dei fleste vaksenbøkene hennar er lyrikksamlingar. Debutsamlinga, Audiens (1987), handlar om korleis draumar og planar kan endre seg. Livet kan bli bra sjølv om ting ikkje blir som ein har tenkt.

I diktsamlinga Søstrene, frå 2016, skriv Dahle om kva søsterskap er. Det er samhald og støtte, krangling og slåssing. Ei søster kan vere nær, og ei søster kan vere fråverande. Ei søster er dobbelt så mykje som inga søster.

I 2017 gav ho ut diktsamlinga Anna og Frank. Her møter vi den russiske opposisjonelle lyrikaren Anna Akhmatova og den amerikanske beatpoeten Frank O'Hara. Med ei leiken form lèt Dahle dikt frå dei to gli over i kvarandre. Same året gav Dahle ut Tvers igjennom upålitelig. Denne diktsamlinga inneheld alle vaksendikta ho har gitt ut, og eit essay om kva poetikk er.

Sorg og sakn er tema som går att i dikta til Dahle. Ho bruker eit kroppsleg og sanseleg språk for å skildre kommunikasjon og ikkje minst mangel på kommunikasjon mellom menneske.

Ho bruker òg dette sanselege språket i prosaen. Romanen Dobbel dyne (2018) handlar om ei mor og ein son som ikkje greier å kommunisere med kvarandre, og der mora byrjar å skrive brev om sonen i eit forsøk på å kome nærmare. I Blomsterhandlersken (2010) møter vi ei kvinne i djup personleg krise. Spørsmålet som går igjen i romanen, er om det er kroppen hennar eller relasjonen til mannen det er noko i gale med.

Barnelitteratur om tabuemne

Mange av bøkene til Dahle handlar om brytningar. I barne- og ungdomsbøkene er det ei brytningstid frå ein fase til ein annan. Det kan plutseleg vere vanskeleg for eit barn eller ein ungdom å finne ut kven ein er, og kva som er ei meininga med livet. Ein leitar gjerne etter ein ny identitet. Dette blir tematisert i til dømes barneboka Megzilla, som Dahle har laga saman med dottera Kaia.

Dahle skriv òg barnebøker om vanskelege og tabulagde emne. I Håret til mamma (2007) møter vi eit barn som må leve med vaksne som har psykiske problem. I Akvarium (2014) er temaet foreldre som drikk, og eit barn si einsemd. Biletboka Sesam sesam, frå 2017, problematiserer barn sitt forhold til pornografi. Boka, der Kaia Dahle Nyhus er illustratør, viser kva som kan skje når eit barn møter seksualisert innhald på internett. Sinna mann, frå 2003, er ei biletbok som er illustrert av Svein Nyhus. Ho handlar om Boj og mor hans, som bur saman med ein far som går frå å vere ein snill mann til å bli ein valdeleg og «sinna mann». I 2009 laga regissør Anita Killi animasjonsfilmen Sinna mann basert på denne boka.

I Blekkspruten (2016), som er eit samarbeidsprosjekt med Svein Nyhus, bruker Dahle blekksprutmetaforen for å skildre ein far sine overgrep mot ei dotter. Krigen (2013) er ei diktsamling om ei skilsmisse sedd frå eit barneperspektiv.

Dahle har vore open om at ho har Aspergers syndrom, og at dette påverkar tema og forteljarperspektiv i bøkene hennar. Eit perspektiv som går att, er kva det vil seie for eit barn å kjenne seg annleis enn andre barn.

Kjelder

Gro Dahle, forfattaromtale, cappelendamm.no: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Gro%20Dahle-scid:401 [lesedato 20.3.2019]

Anne Østgaard: «Slik får du hjelp til å samtale med barn om psykisk helse», boktips.no, sist oppdatert 10.7.2019: https://www.boktips.no/barneboker/slik-far-du-hjelp-til-a-samtale-med-barn-om-psykisk-helse/ [lesedato 31.3.2019]

 

Peikarar 

Gro Dahle: «Gro Dahle om å skrive om vanskelige ting», boktips.no

NRK Skole: Videoklipp med Gro Dahle for bruk i undervisning, nrk.no/skole/


Sist oppdatert: 22.08.2019