Hopp til innhold
X
Innhald

Grønland

Grønland er den største øya i verda og er ein sjølvstyrt del av det danske kongedømet. 4/5 av landområdet er dekt av is, og Grønland er det tynnast busette området i verda.

Det grønlandske parlamentet, Inatsisartut, vart oppretta ved innføringa av heimestyre 1. mai 1979. Sjølvstyret vart utvida i lov om Grønlands sjølvstyre, som tredde i kraft i 2009.

Geografisk høyrer Grønland til det nordamerikanske kontinentet, der øya, som er sju gonger så stor som Noreg, strekkjer seg over 24 breiddegradar. Frå Kapp Morris Jesup heilt i nord er det berre 740 km til Nordpolen. Grønland er skilt frå Canada i nordvest av det smale Naressundet. I aust er det omlag 300 km til Island.

Utviklinga frå dansk kolonistyre til eit stendig meir omfattande sjølvstyre har gått i raskt tempo frå 1953, då ei endring i den danske grunnlova gav Grønland to plassar i det danske Folketinget og eit sentralt Landsråd vart oppretta i Nuuk (Godthåb) på Grønland. I 1973 følgde Grønland Danmark inn i Den europeiske unionen (EU), men med større sjølvråderett gjennom heimestyret, som vart innført i 1979. I ei ny folkeavrøysting valde grønlendarane å forlate EU i 1985. Sjølvstyrelova frå 2009 gir Grønland omfattande sjølvstyre og listar opp ei rad område som grønlendarane kan velje å ta råderetten over sjølve.

Inuittane på Grønland er rekna som eit urfolk etter FN sin definisjon, og noko av det særeigne med det grønlandske samfunnet er at urfolket utgjer ein så stor majoritet (88 prosent) av innbyggjarane.

Det grønlandske samfunnet har kjennemerka til den nordiske velferdsmodellen, med eit sterkt sosialt sikringsnett og rause ytingar ved arbeidsløyse og sjukdom. Trass i dette har urfolket på Grønland mange av dei same sosiale og helsemessige utfordringane som urfolk i andre område. Ungdomsarbeidsløysa er høg, den venta levealderen er lågare enn i dei andre nordiske landa, og rusmisbruk er eit stort samfunnsproblem.

Bilete frå tettstaden Kulusuk søraust på Grønland (juli 2006). Kjelde: Ville Miettinen på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Bilete frå tettstaden Kulusuk søraust på Grønland (juli 2006). Kjelde: Ville Miettinen på flickr.com. CC BY-NC 2.0.

Historie og samfunn

Geopolitisk høyrer Grønland til Europa, noko som kan skrivast attende til dei første norrøne busetnadene og Eirik Raude like før år 1000. Lenge før dette, allereie 2500 år f.Kr., etablerte inuittar dei første kjende busetnadene på Grønland. Då den fredlause Eirik Raude frå Jæren kom frå Nordvest-Island og etablerte den norrøne busetnaden på Grønland, var dette området i sørvest på øya folketomt. Seinare møttest inuittane og dei dei norrøne innvandrarane. Det norrøne folket etablerte to bygdesamfunn, Austbygda og Vestbygda, der dei i fleire hundre år dreiv jordbruk.

I 1261 vart Grønland ein del av Noregsveldet til Håkon Håkonsson. På 1300-talet forsvann busetnaden i Vestbygda. Seinare, truleg mot slutten av 1400-talet, forsvann òg den norrøne busetnaden i Austbygda. Bakgrunnen for avfolkinga har vore omdiskutert, men eit lite samfunn etablert i eit så klimatisk marginalt og isolert område var sårbart.

I 1721 kom den dansk-norske presten Hans Egede til Grønland for å misjonere og drive handel. Dansk kolonistyre vart etablert på Vest-Grønland, og Egede fekk ei heilt avgjerande rolle i den vidare utviklinga av samfunnet. Utarbeiding av eit grønlandsk skriftspråk, misjon, men òg sjukdom og endringar i inuittane sitt tradisjonelle levesett står att etter Egede. Ein stygg koppeepidemi heldt på å utradere heile kolonien som var etablert i Godthåb-området i 1730-åra.

I 1814 vart den dansk-norske unionen oppløyst, men Grønland vart liggjande under Danmark. Banda mellom Noreg og Grønland heldt seg likevel sterke, og etter unionsoppløysinga i 1905 voks det i Noreg fram ein diskusjon om ikkje Grønland eigentleg høyrde til Noreg. Då Danmark i 1921 sende ut eit dekret som erklærte at heile Grønland og farvatna kring øya låg under dansk styre, vekte det sterke kjensler i Noreg. Norske fangstfolk heldt til på Aust-Grønland. Då den danske regjeringa også ville utvide monopolsystemet til Aust-Grønland, utløyste det ei sterk antidansk stemning og ei nasjonalistisk bølgje i Noreg. I 1931 hadde konflikten vorte så tilspissa at norske fangstmenn, under leiing av Hallvard Devold, okkuperte eit område på Aust-Grønland. Då folkerettsdomstolen i Haag handsama okkupasjonen i april 1933, leid Noreg eit pinleg nederlag, og det vart slått fast at Danmark hadde suverenitet over heile Grønland.

Fridtjof Nansen si skildring av skituren over Grønlandsisen i 1888 har vore viktig for den norske sjølvkjensla. Det same gjeld Helge Ingstad sine nedteikningar frå tida som norsk sysselmann i det okkuperte Aust-Grønland og dei seinare arbeida hans om dei norrøne busetnadene på Grønland.

Då Danmark ikkje lenger ønskte å framstå som kolonimakt, vart Grønland i 1953 definert som eit dansk amt, med to representantar i det danske Folketinget. I 1950- og 60-åra vart det gjennomført omfattande sosiale reformer, med ei målsetjing om å heve levestandarden og introdusere det danske utdanningssystemet. For grønlendarane skjedde endringane for raskt, og mange reagerte på særrettane som danskane hadde på Grønland, mellom anna betre løn, enn det som galdt for grønlendarane sjølve.

Grønland vart nærmast tvinga inn i EU saman med Danmark i 1973, då eit fleirtal på Grønland røysta imot medlemskap. I slutten av 1970-åra voks fleire politiske parti fram, og då heimestyret var ein realitet i 1979, kunne grønlendarane røyste på eigne representantar til den folkevalde, lovgivande forsamlinga Inatsisartut. Strid rundt fiskekvotar var avgjerande for at Grønland gjekk ut av EU i 1985.

I sjølvstyrelova frå 2009 er den danske og den grønlandske regjeringa likeverdige partnarar. Framleis kviler den grønlandske økonomien på overføringar frå den danske staten. I 2009 utgjorde Danmarks tilskot til sjølvstyret 3,4 milliardar danske kroner. Overføringane, omtalte som blokktilskot, skulle berre regulerast etter endringar i den generelle pris- og lønsindeksen, og med ein avtale om at sjølvstyret ved overtaking av nye saksområde òg skulle ta over finansieringa av desse områda. Det er knytt stor optimisme til mineralførekomstane på Grønland, noko som kan føre til endringar i dei økonomiske tilhøva.

Kyrkja på Grønland er ein del av den evangelisk-lutherske folkekyrkja i riksfellesskapen.

På Grønland byrjar barna på skule når dei er seks år, og grunnskulen er 10-årig. Den spreidde busetnaden gjer at mange barn må flytte heimanfrå allereie frå 8. klasse. Mange, kring 50 prosent, vel eit år på internatskule anten på Grønland eller i Danmark etter grunnskulen. Berre 1 av 7 går direkte frå grunnskulen og over i den vidaregåande opplæringa, og det er ei utfordring for det grønlandske samfunnet at mange ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Universitetet på Grønland, Ilisimatusarfik, ligg i Nuuk og har fire masterprogram og elleve bachelorprogram.

Landsstyreformann Kim Kielsen. Foto: Johannes Jansson – norden.org. CC BY-NC-SA 4.0.

Landsstyreformann Kim Kielsen. Foto: Johannes Jansson – norden.org. CC BY-NC-SA 4.0.

Politikk og økonomi

Regjeringa på Grønland heiter Naalakkersuisut og vert vald av den folkevalde lovgivande forsamlinga, Inatsisartut, som har 31 representantar. Regjeringa vert leidd av ein formann, som peikar ut ministrane som leier dei ulike departementa. Grønland er framleis ein del av det danske kongedømet, og den danske dronninga, Margrete 2., er statsoverhovud.

Den grønlandske økonomien kviler tungt på fiskeri. Kring 90 prosent av den grønlandske eksporten er knytt til fisk og skaldyr. Det største selskapet på Grønland er fiskeindutriverksemda Royal Greenland A/S. Dei seinare åra har turisme, med cruisetrafikk i sommarmånadene, vorte viktigare. Blokktilskotet frå Danmark er viktig for den grønlandske økonomien. Dette tilskotet var på 3,7 milliardar danske kroner i 2017.

Språk

Det grønlandske namnet på landet er Kalaallit Nunaat, som tyder «menneska sitt land». Eirik Raude kalla landet Grønland, truleg for å freiste fleire til landnåm. Dette er likevel usikkert, og det er òg hevda at namnet viste til dei frodige områda ved Eiriksfjorden.

Det grønlandske språket høyrer til den eskimoisk-aleutiske språkfamilien og skil seg sterkt frå dei indoeuropeiske språka. Det grønlandske skriftspråket er bygd på den vestgrønlandske dialekten, men dialektane nord og aust i landet er ein del annleis. Grønlandsk er det einaste offisielle språket, men dansk kan nyttast i offisielle samanhengar. Det vert undervist i dansk som andrespråk frå første klasse, og barna lærer engelsk frå dei begynner på skulen. I grunnskulen skal elevane også ha eit tredje framandspråk.

Kalaallit Nunaata Radioa (KNR) er Grønland sin nasjonale radio- og fjernsynsstasjon. KNR er ein sjølvstendig offentleg institusjon under sjølvstyret. Grønlandsposten (Atuagagdliutit) og Sermitsiaq er dei to landsdekkjande avisene på øya. Begge er vekeaviser, med kontor i hovudstaden Nuuk. Grønlands Nationalmuseum og Arkiv har ein viktig samlings- og formidlingsfunksjon. For scenekunsten er Grønlands Nasjonalteater den sentrale offentlege institusjonen. Teateret har òg ei eiga skodespelarutdanning.

Bilete frå museumsområdet Kolonihavn i hovudstaden Nuuk (august 2012). Kjelde: Razlan på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Bilete frå museumsområdet Kolonihavn i hovudstaden Nuuk (august 2012). Kjelde: Razlan på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Kunst, kultur og idrett

I byane finn ein kulturtilbod og fritidsaktivitetar som liknar andre vestlege byar og tettstader, medan kulturlivet er meir tradisjonelt i dei mindre og spreidde busetnadene.

Den munnlege tradisjonen, med grønlandske mytar og segner, strekkjer seg attende til tida før koloniseringa av Grønland. Frå midten av 1800-talet har mykje av denne tradisjonen vorte samla og skriven ned. Grønland har òg ein europeiskinspirert skriven litteratur som har spegla samfunnsutviklinga og på ulike måtar tematisert spørsmålet om grønlandsk identitet. Dei to første grønlandske romanane, Sinnattugaq («Draumen»), frå 1914, skriven av Mathias Storch, og Ukiut 300-ngornerat («300 år seinare», eller «300-årsjubileet»), frå 1931, av Augo Lynge, er begge politiske framtidsromanar som teiknar opp visjonar for eit grønlandsk samfunn etter vestleg mønster, men med eit eige grønlandsk særpreg.

Litteraturen har seinare tematisert dei uheldige verknadane av det danske styret, og dessutan krevjande identitetsspørsmål og dei sosiale utfordringane i det grønlandske samfunnet. Kelly Berthelsen (i 2003) og Sørine Steenholdt (i 2017) har begge vorte nominerte til Nordisk råds litteraturpris for sine skildringar av rusmisbruk og sosiale utfordringar på Grønland. Gjennom bøkene til den dansk-norske forfattaren Kim Leine har grønlandsk samtid og historie vorte til litteratur som har nådd mange.

Songtradisjonen står sterkt på Grønland, og dei fleste tettstader har sine eigne kor. Dei seinaste åra har også den opphavelege grønlandske trommedansen vakse i popularitet.

Idrettsforbundet på Grønland har vore fullt sjølvstendig frå det danske frå 1996. Gjennom ni særforbund har organisasjonen om lag 15 000 medlemer og nær 9000 aktive utøvarar.

Inuitt med hundeslede i nærleiken av Uummannaq på vestkysten av Grønland (mars 2014). Kjelde: United Nations Photo på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Inuitt med hundeslede i nærleiken av Uummannaq på vestkysten av Grønland (mars 2014). Kjelde: United Nations Photo på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Demografi

Eit særtrekk ved den grønlandske befolkninga er overskotet av menn, som gjer seg gjeldande heilt opp til 50 år i befolkningspyramiden. Den underliggjande årsaka til denne ubalansen ser ein i den delen av arbeidsstyrken som er fødd utanfor Grønland. I denne gruppa er det 2/3 menn og berre 1/3 kvinner. Den venta levealderen er lågare enn i andre vestlege land. Mange ulykker og ein sjølvmordsrate som er 6–7 gonger høgare enn i dei andre nordiske landa, er viktige delar av forklaringa på at levealderen er lågare.

I dei siste femti åra har det vore eit tydeleg flyttemønster på Grønland frå distrikta til byane, og då særleg til hovudstaden Nuuk. Over landegrensene går tyngda av migrasjonen mellom Grønland og Danmark, og i Danmark bur det i dag 16 370 personar som er fødde på Grønland (tal frå 2017). I meir enn 40 år har fleire flytta frå Grønland enn dei som har flytta til Grønland. I 2017 var det 2287 tilflyttarar og 2736 utflyttarar, og sjølv om det i dag er eit fødselsoverskot i samfunnet, går det samla folketalet ned. Thailand og Filippinane har teke over for Noreg og Sverige som dei største tilflyttingslanda.

Bilete frå Dødemandsbugten aust på Grønland. serena_tang, flickr.com. Sept. 2015. CC BY-NC-ND 2.0.

Bilete frå Dødemandsbugten aust på Grønland (september 2015). Kjelde: serena_tang på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Klima og natur

Klimaet på Grønland er i hovudsak arktisk, medan dei indre fjordområda på Sør-Grønland er subarktiske. Kjølige somrar med middeltemperturar under 10 gradar og kalde vintrar kjenneteiknar det arktiske klimaet. Det er store skilnader i nedbørsmengd, frå kring 2500 millimeter årleg på søraustspissen, til berre 125 millimeter årleg i det mest nedbørsfattige innlandet. 81 prosent av øya er dekt av is.

Det arktiske klimaet set premissane for plante- og dyrelivet. Berre få artar av tre finst på Grønland, men trass i dei karrige tilhøva er det funne kring 500 viltveksande eller spontane førekomstar av karplantar. Låge fjell- og tundraplantar pregar floraen, der lyng, mose og lav utgjer storparten. Det meste av dyrelivet finn vi i havet. Meir enn 200 artar av fisk og fleire havpattedyr lever i dei grønlandske farvatna. Fem artar av sel, kvalross og 15 artar av kval har vore og er eit viktig livsgrunnlag for inuittane. På land finst det mellom anna isbjørn, polarrev og reinsdyr.

Det kalde klimaet gjer at energiforbruket på Grønland er stort. Av det samla energiforbruket kjem nær 1/5 frå fornybare energikjelder. Viktigast blant dei er dei fem vassverka som er bygde på Grønland sidan 1990. 4/5 av energien kjem framleis frå fossile kjelder.

Grønland er sårbart for klimaendringar, som kan skape ubalanse i det arktiske miljøet. Det skjer ei aukande issmelting på Grønland, og kring 1/5 av den auken vi i dag ser i havnivået, er eit resultat av denne smeltinga. Inuittane sin tradisjonelle livsførsel, med jakt etter kval og sel, er òg truga.

Kjelder

K.A. Graeter ofl.: «Ice Core Records of West Greenland Melt and Climate Forcing», Geophysical Research Letters, 16.4.2018, Vol 45

Odd-Bjørn Fure: Mellomkrigstid 1929–1940, bd. 3 i Olav Riste (red.): Norsk utenrikspolitisk historie. Oslo 1996

Benny Génsbøl: Grønlands dyr og planter. København 1998

Arne Christian Stryken: Grønland. Oslo 2005

Sia Spiliopoulou Åkermark og Gunilla Herolf (red.): Självstyrelser i Norden i ett fredsperspektiv – Färöarna, Grönland och Åland. Mariehamn 2015

 

Christian Berthelsen: «Grønland – litteratur», Den Store Danske, denstoredanske.dk: http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=86581 [lesedato 4.12.2018]

Martin Breum: «Why election day in Greenland is anything but ordinary», arctictoday.com, publisert 4.5.2018: https://www.arctictoday.com/election-day-greenland-anything-ordinary/?wallit_nosession=1 [lesedato 5.12.2018]

CIA: «The World Factbook. Greenland», cia.gov: https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/gl.html [lesedato 4.12.2018]

Danske regioner: «Bloktilskud», regioner.dk: https://www.regioner.dk/aftaler-og-oekonomi/oekonomisk-styring/finansiering/bloktilskud [lesedato 29.1.2019]

Grønlands Idrætsforbund, gif.gl: http://gif.gl [lesedato 4.12.2018]

Grønlands statistikk: http://www.stat.gl/default.asp?lang=da [lesedato 5.12.2018]

Naduk Kleemann (red.): Greenland in Figures 2018, stat.gl: http://www.stat.gl/publ/en/GF/2018/pdf/Greenland%20in%20Figures%202018.pdf [lesedato 3.12.2018]

Kenneth Macdonald: «Greenland ice melting 'even in winter'», bbc.com, publisert 24.12.2018: https://www.bbc.com/news/uk-scotland-46646203 [lesedato 29.1.2019]

Naalakkersuisuts «Uddannelsesplan II 2018», naalakkersuisut.gl: https://naalakkersuisut.gl/~/media/Nanoq/Files/Publications/Uddannelse/Uddannelsesstrategi%202018.pdf [lesedato 4.12.2018]

Anne Ringgaard: «Despite self-governing, Inuit still suffer social and health problems», sciencenordic.com, publisert 11.7.2016: http://sciencenordic.com/despite-self-governing-inuit-still-suffer-social-and-health-problems [lesedato 5.12.2018]

Språkrådet: «Grønlandsk», språkrådet.no: https://www.sprakradet.no/Spraka-vare/Spraka-i-Norden/Gronlandsk/ [lesedato 5.12.2018]

Statistisk Årbog, Grønlands Statistik, 2017, stat.gl: http://www.stat.gl/sa/saD2017.pdf [lesedato 3.12.2018]

Styresmaktene på Grønland sine offisielle sider: https://naalakkersuisut.gl/da [lesedato 4.12.2018]

Rolf Theil: «Grønlandsk», allkunne.no, oppdatert 17.7.2018: https://www.allkunne.no/framside/sprak/sprak-i-verda/gronlandsk/7/2594/ [lesedato 4.12.2018]

 

Peikarar

Grønlands Nationalmuseum & Arkiv, da.nka.gl

ICC Greenland (Inuit Circumpolar Council, ein NGO som arbeider for inuittane sine rettar), inuit.org

Visit Greenland, visitgreenland.com

Først publisert: 21.06.2019
Sist oppdatert: 26.06.2019