Hopp til innhold
X
Innhald

Gull

Gull er eit grunnstoff, og eit symbol på rikdom og makt. Gull er ein god leiar for varme og elektrisk straum og blir difor mykje brukt i elektronikk.

Gull er eit grunnstoff med kjemisk symbol Au og atomnummer 79. I periodesystemet er det plassert i gruppe 11 og periode 6. Det kjemiske symbolet til gull (Au) er ei forkorting av det latinske ordet aurum, som kan tyde 'skinande soloppgang'. Namnet gull kjem frå sanskrit jval, som tyder 'skine'. Gull er eit stabilt grunnstoff som ikkje reagerer med luft. Reint gull har ein sterk gul farge. Over tid held overflata seg like fin, ho blir ikkje mørk, slik som kopar og sølv.

Gull finst det store mengder av i naturen, ofte legert med andre grunnstoff, til dømes sølv. Sidan gull er tungt, finn vi grunnstoffet i form av små klumpar i sand og grus, ofte på stader der det er kvartsgangar og kismalm. I Noreg har ein funne gull i kvartsgangar ved Eidsvoll, Bømlo, Svartdal i Telemark og Tosenfjorden i Bindal. Men mest er det funne i kisgruva Bidjovagge i Finnmark, som blei nedlagd i 1995.

Dei fleste har kjennskap til gull i form av vakre smykke, og gull er eit symbol på rikdom og makt. Gull er eit mjukt og tungt metall som er enkelt å forme, og reint gull har ein gyllen farge. Grunnstoffet gull er eit edelmetall, det vil seie at det ikkje reagerer lett med andre grunnstoff. Reint gull er så mjukt at ein ikkje kan lage smykke av det. Ein tilset andre metall, til dømes kopar (Cu), sølv (Ag) og sink (Zn). 14 karats gult gull inneheld 26 prosent kopar, 13 prosent sølv og 3 prosent sink. 14 karats kvitt gull inneheld 17 prosent kopar og nikkel og 7 prosent sink. Gull lèt seg ikkje løyse opp av vanlege syrer og alkalimetalla som høyrer til gruppe 1 i periodesystemet.

Inne i ein smarttelefon finn du gull, for gull blir mellom anna brukt i kontaktpunkt i elektroniske apparat. Over hundre tonn gull i året blir brukt i elektronikkindustrien. Sidan gull er ein god leiar for varme og elektrisitet, blir det brukt saman med andre metall til leiarar og kontaktar i elektroniske halvleiarkomponentar.

Gull blir brukt som reflekterande belegg eller film, fordi det reflekterer infraraud stråling godt. 10–15 prosent av gullproduksjonen blir brukt av tannlegar og til andre tekniske føremål. Av all gullproduksjon i verda i løpet av eit år blir 7 prosent brukt til gullbarrar. Dei blir lagra i dei ulike riksbankane rundt om i verda, som dekning for dei pengane som er i omløp.

Gull i seg sjølv er eit fredeleg grunnstoff. men fordi gull er blitt brukt som betalingsmiddel, har det vore eit ettertrakta grunnstoff, som til og med har ført til fleire krigar og konfliktar. Det blei først brukt som betalingsmiddel i områda rundt elvane Eufrat, Tigris, Nilen og Indus mellom 3000 og 2000 f.Kr. I Europa var det grekarane som først brukte myntar laga av ei legering av gull og sølv, det som heiter elektrum. Men det var hovudsakleg sølv som blei brukt til myntar.

Kjelder

Lars Thomas og Anders Bruun: «Gull: Sagnomsust superstoff», illvit.no, publisert 22.12.2014: https://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-gull [lesedato 14.1.2019]

Norges gullsmedforbund: «Oversikt over edle metaller», gullsmed.no: https://gullsmed.no/privatperson/edle-metaller/ [lesedato 19.2.2019]

Universitetet i Oslo: «Periodesystemet. AU, gull», periodesystemet.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/gull/ [lesedato 3.4.2019]

Peikarar

Newton, NRK Skole: «Bli med på gullgraving», nrk.no https://www.nrk.no/skole/?page=search&q=GULL&mediaId=22009

Norge i dag, NRK Skole: «Gullfunn fra jernalderen», nrk.no https://www.nrk.no/skole/?mediaId=11121&page=search&q=GULL

Schrödingers katt, NRK Skole: «Urban mining», nrk.no https://www.nrk.no/skole/?page=search&q=kobber&mediaId=20886

Morten Jentoft og Arild Sandsvik, NRK TV: «Gullet i ødemarken», nrk.no https://tv.nrk.no/program/ffmr00000589/gullet-i-oedemarken

Først publisert: 18.11.2019
Sist oppdatert: 29.11.2019