Hopp til innhold
X
Innhald

Guro Kleven Hagen

Guro Kleven Hagen er ein norsk fiolinist frå Fagernes i Valdres. 23 år gamal vart ho konsertmeister i Operaorkesteret, som den yngste gjennom tidene.

Guro Kleven Hagen er fødd i Nord-Aurdal 11. mai 1994 og voks opp på Fagernes. Den første musikkundervisninga fekk ho i Valdres, men ho begynte tidleg å pendle til Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og Razumovsky Academy i London. Seinare har ho studert med Antje Weithaas ved Hochschule für Musik Hanns Eisler i Berlin.

I 2011 debuterte ho med Oslo-Filharmonien. Etter det har ho vore gjestesolist hos dei fleste store orkestera i Skandinavia. Ho har òg spela med orkester i Tyskland, Austerrike, Polen, Russland og Israel. Som kammermusikar har ho spela saman med kjende utøvarar som Janine Jansen, Leif Ove Andsnes og Håvard Gimse. Dessutan har ho stadig oppdrag på klassiske musikkfestivalar i inn- og utland.

Frå 2013 har Kleven Hagen vore kunstnarleg leiar for festivaldelen av Valdres sommersymfoni, som er ein klassisk musikkfestival og Nord-Europas største kurs for klassiske musikktalent. Ho var berre 19 år då ho gjekk inn i den rolla. I 2018 vart ho utnemnd som konsertmeister i Den Norske Opera & Ballett, 23 år gamal, som den yngste gjennom tidene. Ho har også danna sitt eige kammermusikkensemble, Edvard Munch Ensemble.

I 2014 platedebuterte Kleven Hagen med ei innspeling av Prokofjevs andre og Bruchs første fiolinkonsert med Oslo-Filharmonien og Bjarte Engeset. Av Gramophone Guide vart innspelinga kåra til ei av dei finaste klassiske utgivingane i 2014/15. I 2017 gav ho ut den andre plata si, saman med pianist Marianna Shirinyan. Plata vart nominert til Spellemannsprisen.

Kleven Hagen har vunne mange norske og internasjonale musikkonkurransar. Ho vart kåra til årets unge norske musikar då ho var fjorten, og i 2010 fekk ho «Den norske solistprisen». Dermed vart ho den norske deltakaren i Eurovision Young Musicians, der ho vart nummer to. I 2013 fekk ho Statoil-stipendet, og i 2014 Arve Tellefsens musikkpris. I 2016 vart ho vald til å vere med i Crescendo mentorship programme, som er eit utdanningsprogram for framståande unge kunstnarar.


Kjelder

E‑post frå Guro Kleven Hagen 5.3.2019


Guro Kleven Hagen, diskografi, guroklevenhagen.com: http://guroklevenhagen.com/recordings.htm [lesedato 21.2.2019]

Musikkultur: «Guro Kleven Hagen er Norges yngste konsertmester», musikkultur.no: publisert 8.1.2018: https://musikkultur.no/nyheter/guro-kleven-hagen-er-norges-yngste-konsertmester-6.54.522059.f24e245004 [lesedato 21.2.2019]

Nordic Artists Management: «Guro Kleven Hagen, violin», biografi, nordicartistsmanagement.com: http://www.nordicartistsmanagement.com/artists/guro-kleven-hagen-violin [lesedato 21.2.2019]

Per Arild Roland: «Guro årets virtuos», oa.no, publisert 27.3.2010: https://www.oa.no/valdres/guro-arets-virtuos/s/1-81-5045001 [lesedato 11.4.2019]

 

Peikarar

Oslo-Filharmonien, med Guro Kleven Hagen og Bjarte Engeset, youtube.com

Valdres sommersymfoni, sommersymfoni.no

Først publisert: 28.05.2019
Sist oppdatert: 11.06.2019