Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Hagbard Berner

Hagbard Emanuel Berner var avisredaktør, politikar, forleggjar og foreiningsmann. Som stortingsmann og grunnleggjar av Dagbladet og Det Norske Samlaget var han ein sentral aktør i det store venstreprosjektet som endra Noreg på 1800-talet.

Berner vart fødd 12. september 1839 i Sunndal og døydde 24. januar 1920 i Kristiania. Han hadde ein særs mangfaldig karriere. Han var redaktør av Dagbladet frå 1869 til 1880, stortingsmann for Venstre frå 1880 til 1888 og seinare riksrevisor, hypotekbankdirektør og borgarmeister i Kristiania.
 
I 1884 vart han første formann i Norsk Kvindesagsforening, og i åra 1891 til 1909 var han formann i Norsk Ligbrændingsforening. Han var også medstiftar og første formann i Det Norske Samlaget frå 1868. Berner var heile livet i sterk opposisjon til unionen med Sverige og ein forkjempar for norsk sjølvstende både når det galdt språk og politikk. Han var på same tid strategisk tenkjar og praktisk igangsetjar i ein av dei mest hendingsrike epokane i norsk historie.
 
Frå Døleringen til Dagbladet
Berner var presteson, men valde sjølv ein annan karriereveg og tok juridisk embetseksamen i 1863. Som ung mann blei han medlem av den såkalla Døleringen, ein krins av unge, radikale menn med diktaren Aasmund Olavsson Vinje som leiar. Her vart Berner for alvor oppteken av målsaka, og kampen for ”det norske folkemålet” skulle bli ei livslang interesse. Han engasjerte seg sterkt i stiftinga av Det Norske Samlaget i 1868 og sat som formann fram til 1877. 
 
Berner fekk også tidleg interesse for journalistikken, og i 1869 gav han opp ein trygg karriere som jurist og embetsmann for å bli redaktør av den nystarta avisa Dagbladet. Gjennom 11 strevsame år bygde han opp Dagbladet til å bli den viktigaste venstreavisa i landet, i klar opposisjon til den konservative, unionsvenlege regjeringa under leiing av Frederik Stang.
 
Den dag i dag står portrettet av Hagbard Berner på side 2 i kvar einaste utgåve av Dagbladet, saman med føremålsparagrafen for avisa: ”Uavhengig og riksdekkende organ for frisinnet og fremskrittsvennlig politikk i nasjonalt, sosialt og økonomisk henseende.” Selskapet som gir ut Dagbladet, tok i 2007 namnet Berner Gruppen A.S. 
                                                                                                  
Johan Sverdrups mann
Kampen for det reine norske flagget var ei anna av kampsakene til Hagbard Berner, og dei politiske motstandarane hans kalla han ofte Flagg-Berner. Sjølv om han som person vekte sterke kjensler, klarte han i 1879 å bli vald inn på Stortinget for Venstre. Han var ein av dei næraste medarbeidarane til Venstre-leiaren Johan Sverdrup og sat i riksretten som i 1884 felte regjeringa Selmer og dermed bana vegen for det parlamentariske styresettet i Noreg. 
 
Berner var blant dei som miste plassen sin då Venstre gjekk på eit nederlag ved stortingsvalet i 1888. I staden vart han direktør for Hypotekbanken og gjorde ein viktig innsats for omlegginga av jordskattesystemet i Noreg. Frå 1898 var Berner borgarmeister (tilsvarande dagens byrådsleiar) i Kristiania. Den stillinga hadde han fram til 1912.
 
Kvinnesak og likbrenning
Ved sida av det daglege arbeidet sitt var Hagbard Berner heile livet engasjert i aktuelle politiske spørsmål. Han var med og stifta Norsk Kvindesagsforening i 1884 og vart vald til første formann i foreininga. Usemje om kor raskt ein skulle gå fram med å innføre kvinneleg røysterett, gjorde at han trekte seg alt året etter.
 
Som formann i Norsk Ligbrændingsforening frå 1891 fekk Berner gjennom at kremering frå 1898 skulle vere lovleg i Noreg. Dei frivillige skyttarlaga, juryordninga og internasjonal skilsdom var andre saker han engasjerte seg sterkt i. Han var ein typisk demokratisk reformator, som brukte dei juridiske evnene sine til å nå politiske mål.
 
Hagbard Berner står som representant for ein av dei viktigaste generasjonane i norsk politisk historie. På nokre få tiår gjekk dei frå absolutt opposisjon til gradvis posisjon og utvikla seg politisk gjennom tre fasar: frå mobilisering til organisering, og frå organisering til strukturering. Hagbard Berner var ein sentral deltakar i alle dei tre fasane av dette politiske eventyret.
 
Kjelder
Hans Fredrik Dahl m.fl.: Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år. Oslo 1993
Sindre Hovdenakk: Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid. Oslo 2007
 

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 13.03.2019