Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Halldis Moren Vesaas

Halldis Moren Vesaas, lyrikar og gjendiktar, var ein av dei mest lesne, mest siterte og mest folkekjære forfattarane i norsk lyrikk sidan Wergeland og Bjørnson.

Halldis Moren Vesaas var fødd 18. november 1907 i Trysil og døydde 8. september 1995 i Oslo. Ho voks opp i eit romsleg bonde- og folkehøgskulemiljø, med norskdomsinteresserte foreldre.

Halldis Moren tok lærareksamen ved Elverum lærarskule i 1928, men arbeidde berre kort tid i skulen, som lærarvikar i folkeskulen i Vinje frå 1941 til 1943. Etter lærarskulen var ho kontordame i Oslo Fylkeslag og reiste deretter til Sveits, der ho var sekretær hos den norske visekonsulen i tre år, frå 1930 til 1933. Der lærte ho europeiske språk, særleg fransk. I 1934 gifte ho seg med forfattaren Tarjei Vesaas (1898–1970). Paret busette seg i Vinje i Telemark.

Halldis Moren debuterte som lyrikar i 1929 med Harpe og dolk. Frå debuten og fram til 1955 gav ho ut seks diktsamlingar til, Morgonen (1930), Strender (1933), Lykkelege hender (1936), Tung tids tale (1945), Treet (1947) og I ein annan skog (1955). Deretter gjekk det førti år utan nye samlingar, til ho i 1995, det året ho døydde, gav ut Livshus. I denne tida skreiv ho prosabøker, gjendikta drama, redigerte bøker og blad, skreiv artiklar og sat i styre og råd. Dikta ho skreiv, tok ho med som «Lause dikt» (mesteparten frå 1955 fram til 1977) i Dikt i samling i 1977.

Halldis Moren Vesaas fekk mange prisar for forfattarskapen og gjendiktingane sine. Ho fekk Bastianprisen i 1961 for Fedra, Norsk kulturråds omsetjarpris for Lærde damer i 1986, og i 1991 blei ho utnemnd til riddar av «Ordre National du Merité» for arbeidet sitt med fransk dramatikk. I 1995 var Vesaas festspeldiktar under Dei nynorske festspela og i 1996 fekk ho Diktartavla.

«Ord over grind» av Halldis Moren Vesaas

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som gjaldt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Utdrag frå diktet «Ord over grind» av Halldis Moren Vesaast: I ein annan skog. Aschehoug 1955. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Poetisk kvardag

Halldis Moren Vesaas høyrer til den romantiske nynorsktradisjonen i norsk lyrikk. Ho skreiv kjensle- og kjærleikslyrikk med naturen som biletlager. Formspråket er for det meste tradisjonelt, og ofte spelar motiv, vers og segner frå folkediktinga med. Karakteristisk for Moren Vesaas er at ho omformar høgstilen i nynorsklyrikken til kvardagsstil. Ho skriv enkle og forteljande dikt med stor poetisk kraft.

Dikta hyller kjærleiken og livet, men også det poetiske ved kvardagen, ved husarbeid, barnestell og omsorg. Andre tema er pubertet, erotikk og kroppslege erfaringar. Sigrid Undset og Hulda Garborg hadde skrive om dette før i romanar, men Halldis Moren Vesaas var den første som tematiserte det i lyrikken, til dømes har ho alt i debutsamlinga frå 1929 eit dikt om menstruasjon. Ho gav lyrikktradisjonen ei kvinnestemme som seinare nynorsklyrikarar, mellom anna Marie Takvam og Eldrid Lunden, har kunna utvikle vidare.

Nynorsk på scena

Halldis Moren Vesaas gjorde ein stor og viktig innsats for nynorsk som scenespråk. Her følgde ho tradisjonen frå Ivar AasenAasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg, som omsette og gjendikta verk frå verdslitteraturen til nynorsk. Ho gjekk i gang med arbeidet som omsetjar i midten av 1930-åra og gjendikta over femti stykke for scena til nynorsk – frå fransk, engelsk og tysk, frå skandinaviske språk og frå bokmål. Ho arbeidde for det meste for Det Norske Teatret, men også for Riksteatret, Fjernsynsteatret og Radioteatret.

Mest kjend er ho for å ha gjendikta kjende drama av dei franske klassisistane, til dømes Fedra av Jean Racine og Lærde damer av Jean-Baptiste Molière. Fedra, som hadde norsk premiere på Det Norske Teatret 23. januar 1960, er eit høgdepunkt. Halldis Moren Vesaas greidde å skape eit elastisk nynorsk scenespråk ved å sameine patos og poesi med enkelt kvardagsleg talespråk, samstundes som ho heldt språket innanfor den strenge klassisistiske verseforma til Racine, aleksandrinar.

Video frå NRK Skole: «Halldis Moren Vesaas om Molière»,  Vesaas fortel om omsetjingsarbeidet med Lærde damer, sendt 9.11.1984.

Andre høgdepunkt er nynorske gjendiktingar av verk av William Shakespeare, mellom anna Romeo og JulieStormen og Ein midtsommarnattsdraum, av Johann W. Goethes Faust og av Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht. Ho gjendikta òg teaterstykke av moderne europeiske forfattarar som Luigi Pirandello, Albert Camus, Friedrich Dürrenmatt, Botho Strauss og Milan Kundera.

Dramagjendiktingane, på same måten som lyrikken, er prega av Halldis Moren Vesaas si evne til å kople høgpoesi og daglegspråk innanfor strenge litterære mønster. Ho samarbeidde med teaterfolk, regissørar og skodespelarar og utforma dialogar i eit musikalsk og elastisk nynorsk scenespråk, tilpassa levande, moderne menneske.

Nynorskdronninga

Halldis Moren Vesaas. Foto: Truls Hansen, NRK. Nytta etter avtale.

Halldis Moren Vesaas. Foto: Truls Hansen, NRK. Nytta etter avtale.

Gjennom ein livslang innsats for nynorsk skriftspråk og nynorsk kultur fylte Halldis Moren Vesaas, med rette kalla «nynorskdronninga», mange viktige roller i det norske offentlege rommet. Ho gjendikta også utanlandsk lyrikk, gav ut fire barnebøker, to ungdomsbøker, essaysamlinga Sett og levd og ein biografi om faren, Sven MorenSven Moren og heimen hans (1951). Ho skreiv òg to personlege minnebøker om samlivet med Tarjei VesaasI Midtbøs bakkar (1974) og Båten om dagen (1976).

Moren Vesaas redigerte ei rad diktantologiar og skreiv artiklar i tidsskrift og blad, mellom anna i Norsk BarnebladSyn og Segn, Urd og Norsk TIdend. Ho sat nokre år i tidsskriftredaksjonen for Kvinnen og tiden og Samtiden og skreiv mange artiklar der. I tillegg melde ho bøker i Dagbladet i nesten 20 år, mest lyrikk. Ho var medlem av Norsk Språknemnd (1952–67) og Norsk kulturråd (1965–73), nye institusjonar som ho var med og bygde opp frå grunnen av.

Halldis Moren Vesaas var ein populær talar og foredragshaldar og ein kjend og kjær opplesar av eigne og andre sine dikt. I 1995, 7 månader før ho døydde, laga René Bjerke dokumentarfilmen Møte med Halldis, der ho les eigne dikt og fortel om livet sitt.


Halldis Moren Vesaas i arbeidsrommet hennar i Oslo (1992). Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale.

Halldis Moren Vesaas i arbeidsrommet hennar i Oslo (1992). Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale.

Kjelder

Sigrid Bø Grønstøl: «Orfevs’vending. Inspirasjon og stemme i Halldis Moren Vesaas sin lyrikk» i Sigrid Bø Grønstøl og Unni Langås: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk. Oslo 2001
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag. Om Halldis Moren Vesaas’ forfatterskap. Oslo 1996
Leif Mæhle (red.): Halldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen. Oslo 1987

Vidare lesing

Karlsen, Ole, red.: Klarøygd, med rolege drag : om Halldis Moren Vesaas' forfatterskap, 1996
Mæhle, Leif, red.: Halldis Moren Vesaas : festskrift til 80- årsdagen 18. november 1987, 1987 (H.M.V.-bibliografi: 163-83)
Norsk biografisk leksikon 2. utg.
Vesaas, Olav: Å vera i livet : ei bok om Halldis Moren Vesaas, 2007

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 26.07.2018