Hopp til innhold
X
Innhald

Hallfrid Christiansen

Hallfrid Christiansen, dialektforskar og ein pioner i norsk dialektgransking. Ho gjorde eit stort arbeid med å kartleggje nordnorsk talemål og var den første kvinna som disputerte for doktorgraden i nordisk språkvitskap i Noreg.

Hallfrid Christiansen (f. Andreassen) var fødd på Gimsøya (no Vågan kommune) i Lofoten 20. februar 1886 og døydde i Oslo 29. september 1964. Ho var lærardotter, gjekk på folkehøgskule i Vesterålen og var seinare elev ved ein privatskule i Kvæfjord. Etter nokre år som huslærar fleire stader i Lofoten og Vesterålen reiste ho til hovudstaden, der ho mellom anna arbeidde som kontordame. Ho tok examen artium som privatist i 1925, 39 år gamal. Så byrja ho å studere filologi ved Universitetet i Oslo og tok bifagseksamen i norsk og tysk. Alt i 1931 blei manuskriptet til avhandlinga om heimemålet hennar, Gimsøymålet, lagt fram i Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo. Avhandlinga kom ut i 1933, og disputasen blei halden i 1935.

Christiansen var husmor og måtte kvalifisere seg for akademisk arbeid utan å få økonomisk støtte. Ho spøkte med at ho hadde grautsleiva i den eine handa og pennen i den andre. Ho fekk aldri noka universitetsstilling, sjølv om det kom godt underbygde framlegg om det frå fagmiljøet. Frå 1950 fekk ho støtte frå Noregs allmennvitskaplege forskingsråd til å drive innsamling og gransking av dialektar. Ho heldt ei rekkje frie førelesingar ved Universitetet i Oslo, der ho òg vikarierte i to professorat i allmenn lingvistikk. Ho hadde dessutan undervisningsoppdrag ved Universitetet i Bergen.

Doktorgradsarbeidet var eit pionerarbeid. Aldri før hadde ein einskild norsk dialekt vorte studert så grundig. Christiansen var inspirert av den allmenne lingvistikken og utfordra med det den rådande forskingstradisjonen i norsk dialektgransking. Ved sida av doktoravhandlinga var ho mest kjend for innføringsboka Norske dialekter (1946–48). Ho gjorde ein stor innsats med å samle inn og granske nordnorsk talemål. Etter krigen og fram til 1962 var ho så godt som kvar sommar på tur i Nord-Noreg for å registrere dialektar. Ho planla ei nordnorsk dialektordbok, som skulle vere eit tilskot til ordbøkene til Ivar Aasen og Hans Ross, då begge desse hadde lite språktilfang frå den nordlege landsdelen. Ordboka blei ikkje ein realitet, men materialet til Christiansen har vore ei sentral kjelde til nordnorske dialektar for det nasjonale ordbokprosjektet Norsk Ordbok 2014, der siste bandet blei lansert i mars 2016.

Hallfrid Christiansen skreiv ikkje sjølv nynorsk, men meinte at nordnorsk talemål svara godt til det nynorske skriftspråket. Frå 1950 var ho medlem av Det Norske Videnskabs-Akademi.

Kjelder

Knut E. Karlsen: Hallfrid Christiansen. Nordnorsk språkforskar mellom to tradisjonar. Ei faghistorisk utgreiing med vekt på «Gimsøymålet», upublisert hovudoppgåve i nordisk språkvitskap, Universitetet i Tromsø 1997

Knut E. Karlsen: «Hallfrid Christiansen – språkforskaren frå Lofoten», Lokalhistorisk magasin 2/2011, s. 4–7

Trine Nickelsen: «Hun samlet de nordnorske dialektene», Apollon 1/2008, s. 24–25

Martin Skjekkeland: Dei norske dialektane. Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand 1997

Fredrik W. Thue og Kim G. Helsvig: Universitetet i Oslo 1945–1975. Den store transformasjonen, bd. 5. Oslo 2011

Kjell Venås: «Hallfrid Christiansen – ein faghistorisk presentasjon», Målvitskap og målrøkt. Festskrift til 70-årsdagen 30. november 1997, s. 302–336

Kjell Venås: «Hallfrid Christiansen», Norsk biografisk leksikon, bd. 2, Oslo 2000

Peikarar

Biblografi i BIBSYS

Først publisert: 10.05.2017
Sist oppdatert: 10.05.2017