Hopp til innhold
Halvdan Koht, ca. 1935. Foto: ukjend fotograf, kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no (biletnr. OB.F06137a) CC BY-SA.
Halvdan Koht, ca. 1935. Foto: ukjend fotograf, kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no (biletnr. OB.F06137a) CC BY-SA.
X
Innhald

Halvdan Koht

Halvdan Koht, historikar, politikar og nynorskforkjempar. Han var utanriksminister då Nazi-Tyskland okkuperte Noreg 9. april 1940 og var ein omstridd mann både under og etter krigen.

Halvdan Koht var fødd 7. juli 1873 i Tromsø og døydde 12. desember 1965 på Lysaker i Bærum. Han var gift med Karen Grude Koht og var far til barnepsykologen Åse Gruda Skard og diplomaten Paul Gruda Koht. Blant barnebarna hans er politikarane Torild Skard (SV) og Halvdan Skard (Ap) og psykologen Målfrid Grude Flekkøy, som i 1981 var det første barneombodet i Noreg – og i verda.

Koht var ein av dei mest framståande personane i norsk akademisk og politisk liv i første halvdel av 1900-talet. Han tok doktorgraden i historie i 1908. I 1910 vart han professor i historie ved Universitetet i Kristiania, og han var ei markant røyst i historikarmiljøet. Han var språkmektig og hadde eit omfattande internasjonalt nettverk. Koht var ein av grunnleggjarane av den internasjonale historikarkomiteen Comité International des Sciences Historiques (CISH), der han var den første presidenten, frå 1926 til 1933. Han var æresdoktor ved fleire utanlandske universitet. I periodane 1912–27 og 1932–36 var han formann i Den norske historiske forening.

Koht kom tidleg i kontakt med målrørsla. Han vart òg etter kvart den fremste språkpolitikaren i Arbeidarpartiet og var pådrivar for språkreforma i 1938, som hadde som langsiktig mål å byggje eit samnorsk skriftmål.

Koht vart utanriksminister i Johan Nygaardsvolds Arbeidarpartiregjering i 1935. Då den norske nøytralitetspolitikken mislukkast og Noreg vart okkupert av Tyskland i 1940, fekk han av mange hovudskulda for at Noreg var dårleg førebudd på krig. I 1941 måtte han gå av som utanriksminister, men han gav aldri opp kampen for ettermælet sitt.

NRK Skole, video: «Halvdan Koht», sendt 25.6.2014. Føredrag om Koht av historikar Åsmund Svendsen.

Historikaren

Koht var ein uvanleg arbeidsam historikar. Spesialfeltet hans var norsk mellomalderhistorie, men han trekte gjerne linjer framover til vår tid og utover i verda. I hovudverket Norsk bondereising, frå 1926, følgjer han såleis bøndene sin kamp frå opprøra på 1400-talet fram til den organiserte bonderørsla på 1800-talet.

Koht skreiv ei rekkje historiske og litteraturhistoriske biografiar, mellom anna eit tobandsverk om Henrik Ibsen (Eit diktarliv, 1928–29, revidert i 1954) og ein biografi i tre band om venstreleiaren Johan Sverdrup (1918–25).

Koht hadde eit materialistisk historiesyn. Han meinte at økonomiske tilhøve og kamp mellom klassar er dei viktigaste historiske drivkreftene. I mellomalderforskinga var han kritisk til å leggje for stor vekt på Snorres kongesoger og andre sogeskrifter.

Koht bygde opp ein overordna teori om den norske historiske utviklinga, der først bøndene og deretter arbeidarane gjennom kamp vann fram til samfunnsmakt. Slik vart den norske nasjonen rikare og meir demokratisk. Her skilde han seg frå ein del andre representantar for den marxistiske materialismen. Medan mange i arbeidarrørsla meinte at det var ein djup motsetnad mellom klassekamp og nasjonal strid, var det for Koht to sider av same sak, og dette synet tok han med seg inn i politikken

Politikaren

Koht voks opp i ein politisk engasjert heim. I 1885 flytta familien frå Tromsø til Skien, der faren, læraren Paul Koht, vart vald til ordførar og stortingsrepresentant for Venstre. Alt som student gjorde Koht seg gjeldande som samfunnsdebattant. Han støtta ivrig opp om Venstre si linje i unionsstriden og gjekk inn for republikk i 1905. Eit opphald i USA gjorde han meir kritisk til kapitalismen, og i 1911 melde han seg inn i Arbeidarpartiet.

Koht la mest arbeid ned i språkpolitikken. Han hadde begynt å skrive landsmål (nynorsk) med ei svært personleg rettskriving alt i 1890-åra. Han var redaktør i tidsskriftet Syn og Segn 1901–08, og han redigerte i fleire år utanriksstoffet i nynorskavisa Den 17de Mai. Frå 1921 til 1925 var han leiar i Noregs Mållag. Det langsiktige målet hans var å få dei to skriftmåla til å vekse saman på norsk folkemåls grunn, og denne linja fekk han gjennomslag for i Arbeidarpartiet. Koht følgde dermed opp tanken om ein «nasjonal samvokster» av bønder og arbeidarar også på det språklege området.

Språkreforma i 1938, der Koht stod sentralt, var det mest konkrete uttrykket for dette språksynet. Reforma opna for ei rekkje nye former og la til rette for ei tilnærming mellom bokmål og nynorsk. Men den nye rettskrivinga møtte motstand både i delar av målrørsla og frå riksmålshald, og etter krigen vart samnorskpolitikken gradvis lagd til side.

NRK Skole, lydfil: «Halvdan Koht om krigsfrykt 1939», sendt 25.8.1939.

Utanriksministeren

Koht kom til Utanriksdepartementet i 1935 med bakgrunn frå internasjonalt fredsarbeid, og med ei målsetjing om å halde Noreg utanfor krig og konflikt. Han var ein sterk tilhengjar av nøytralitetspolitikken, som landet hadde ført med hell under første verdskrigen, og han var skeptisk til at Noreg skulle møte den auka spenninga i Europa med opprusting. Han prøvde å unngå å provosere stormaktene. Såleis gjekk han ut av Nobelkomiteen, som han hadde vore medlem av sidan 1919, då fredsprisen i 1936 vart gitt til den tyske Hitler-motstandaren Carl von Ossietzky.

Koht heldt fast ved nøytralitetslinja heilt fram til det tyske overfallet. Balansegangen var vanskeleg, og til sjuande og sist var det eitt omsyn som talde mest for Koht og regjeringa: Noreg måtte i alle tilfelle ikkje kome i krig med Storbritannia.

Det tyske angrepet i 1940 sette sluttstrek for nøytraliteten. Natt til 9. april 1940 var det Koht som på vegner av regjeringa sa nei til det tyske kravet om å overgi seg, og under krigshandlingane i Noreg gjorde han mykje for å halde motstandsviljen oppe.

Då regjeringa etablerte seg i eksil i London, kom Kohts stilling under press. Han vart oppfatta som altfor nølande til eit meir forpliktande samarbeid med Storbritannia. Det vart også brukt mot Koht – ikkje utan grunn – at han var sta og eigenrådig av natur.

Koht gjekk av i februar 1941 og budde resten av krigsåra i USA. Stortingets undersøkingskommisjon etter krigen gav han kritikk, først og fremst for ikkje å ha teke varsla om eit tysk angrep alvorleg nok. Kritikken var likevel ikkje så sterk at Stortinget ville stille han for riksrett, slik Koht sjølv ønskte. Koht gav sin eigen versjon i fleire bøker, og seinare historikarar har teikna eit meir nyansert bilete av rolla hans. Så lenge han levde, vart han likevel aldri heilt kvitt stempelet som syndebukk for 9. april.

NRK Skole, lydfil: «Halvdan Koht til det norske folk», sendt 9.6.1940.

Kjelder

Sigmund Skard: Mennesket Halvdan Koht. Oslo 1982

Åsmund Svendsen: Halvdan Koht. Veien mot framtiden. Oslo 2013

Olav Riste: London-regjeringa I–II. Oslo 1973 og 1979

Bjørn Bjørnsen: Det utrolige døgnet. Oslo 1977

Ole Kristian Grimnes: Norge i krig, bd. 1: Overfall. Oslo 1984

Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011

Peikarar

Kaja Korsvold: «Han måtte ta ansvaret for 9. april», intervju med biograf Åsmund Svendsen i Aftenposten 20.8.2013, aftenposten.no 

Tom Kristiansen: «Regjeringen ga det første nei 9. april», om filmen Kongens nei og hendingane natt til 9. april, aftenposten.no 

Jon Hustad: «Det kohtske knot», Kåre Lunden om Koht som politikar og språkmann, klassekampen.no 

Sindre Hovdenakk: «– Riksmålet har vunnet striden», Lars Roar Langslet om Kohts rolle i språkstriden sett frå riksmålssida, dagbladet.no 

Først publisert: 05.12.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018