Hopp til innhold

Hans H. Skei

Hans H. Skei er professor emeritus i litteraturvitskap, litteraturkritikar og omsetjar. Som litteraturforskar og formidlar har han særleg vore oppteken av amerikansk sørstatslitteratur og kriminallitteratur.

Hans Hanssen Skei er fødd i Dønna kommune på Helgeland 20. august 1945. Etter folke- og framhaldsskule var han elev ved Orkdal landsgymnas, der han tok examen artium i 1966. Han vart magister i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1972 med ei magisteravhandling om William Faulkners roman The Sound and the Fury og tok dr.philos.-graden i 1980 med avhandlinga The novelist as short story writer. A study of William Faulkner's short stories with special emphasis on the period 1928–1932. Skei vart tilsett som førsteamanuensis ved UiO i 1985 og har vore professor same staden frå 1990.

Skei har ein svært omfattande faglitterær produksjon, som mellom anna omfattar fagbøker om forfattarskapane til William Faulkner, Aleksander Kielland og Jon Klæbo, tema som litteraturteori, ‑historie og ‑didaktikk og kriminallitteratur. Essaysamlinga Blodig alvor (2008) gir ei innføring i sentrale forfattarskapar innanfor kriminallitteraturen og har ein grundig diskusjon omkring kva som særpregar kriminalsjangeren. Skei har skrive fleire lærebøker, mellom anna Å lese litteratur (2006), som er ei mykje brukt innføringsbok i litteraturvitskap. Skei sin grundige kjennskap til Faulkners forfattarskap har òg resultert i fleire omsetjingar av Faulkner sine romanar.

Skei skreiv over 500 litteraturkritikkar for Aftenposten mellom 1996 og 2012, og han fekk Olav Dalgards kritikarpris i 2011 for den omfattande kritikarverksemda si. Han har òg skrive for vekeavisa Dag og Tid. Frå 1989 til 2003 var han redaktør for Norsk litterær årbok, og han er norsk redaktør for Nordisk Tidskrift för vetenskap, konst och industri.

Skei var president for Rivertonklubben i tidsrommet 2009–2015. Han er leiar av juryen for Rivertonprisen og er medlem av Den norske Dobloug-komiteen. Han har òg vore styreleiar i Dag og Tid, leiar av Det norske språk- og litteraturselskap, leiar av Det skjønnlitterære råd i NORLA og medlem av Bragekomiteen. Skei er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

 

Kjelder

E‑post frå Hans H. Skei 14.2.2019

 

Hans H. Skei, forfattarside, samlaget.no: https://samlaget.no/collections/hans-h-skei [lesedato 14.2.2019]

Inger Østenstad: «Tale til vinneren av Olav Dalgard kritikerpris 2011», kritikerlaget.no, publisert 2.4.2011: https://kritikerlaget.no/saker/olav-dalgards-kritikarpris-til-hans-h-skei


Peikarar

Atle Kittang, Per Meldahl, Hans H. Skei: Om litteraturhistorieskriving. Perspektiv på litteraturhistoriografiens vilkår og utvikling i europeisk og norsk samanheng, nb.no

Hans H. Skei: Nynorsk språkbruk og stilskriving, nb.no

Hans H. Skei: Vegen til bøkene. Artiklar om norsk litteratur, nb.no

Først publisert: 03.05.2019
Sist oppdatert: 06.05.2019