Hopp til innhold
Hans Sande. Foto: Olav Reiakvam/Cappelen Damm. Nytta etter avtale.
Hans Sande. Foto: Olav Reiakvam/Cappelen Damm. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Hans Sande

Hans Erik Sande, psykiater, biletkunstnar og forfattar som har skrive fantasifulle og leikne bøker for både barn og vaksne.

Hans Sande er fødd 20. desember 1946 i Bergen, men er i dag busett på Sandvoll i Kvinnherad. Han gjekk naturfaglinja ved Bergen Katedralskole og tok examen artium i 1967. I åra 1967 til 1974 studerte han medisin ved Universitetet i Bergen. Han tok spesialistutdanning i psykiatri ved Psykiatrisk klinikk, Innherred sjukehus i 1982 til 1984 og ved Åsgård sjukehus i 1984 til 1987.

 

Sande var tilsett som lege ved Valen sjukehus frå 1976 til 1987 og ved Orkdal sjukehus i 1978. Åra 1987 til 1997 arbeidde han som overlege ved Åsgård sjukehus. Frå 1992 til 1997 var han leiar for psykososialt team for flyktningar i Helseregion 5 (no Helse Nord). Sande har skrive fleire fagartiklar for psykiatriske tidsskrift. Frå 1997 har han vore forfattar og kunstar på heiltid.

 

Sande debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime. I 1972 gav han ut den første barneboka, diktsamlinga Lita grøn grasbok. Til saman har han gitt ut over 50 skjønnlitterære bøker – dikt, romanar, noveller og barnebøker i alle kategoriar. Trastedikt (1977), Plommetreet (1984), Sprekk (2001) og Slepe rundt på døde dyr (2009) er andre sentrale titlar i forfattarskapen. Sande har òg skrive for teaterscena. I tillegg har han laga mange vise- og rocketekstar og vore tekstforfattar og vokalist i viserock-grupper. Dessutan er han òg biletkunstnar og skulptør, med fleire separatutstillingar på merittlista.

 

I 1969 fekk Sande Tarjei Vesaas' debutantpris for Strime. Saman med Olav Hagen fekk han i 1985 tildelt Kulturdepartementet sin biletbokpris. Same prisen fekk han òg i 2001 og 2007, begge gonger saman med Gry Moursund. Han fekk Blixprisen i 1993, Bokhandlarprisen i 2002 og Noregs Mållags litteraturpris i 2003. Han har òg vore nominert til Brageprisen.

 

Ellevill og karnevalistisk

Bøkene til Sande har mange karnevalistiske trekk. Som karnevalet er bøkene hans fylte av folkeleg humor, galskap og skråblikk på verda slik vi kjenner henne. I romanane Fiskepuddingen Pim (1982) og Fiskepuddingen Pim på nye sprell (1992) opplever lesarane fantasifulle sprell frå fiskepuddingen sin ståstad.

 

Sande nyttar det karnevalistiske til å parodiere høgkulturen og ta inn uttrykk frå folkespråket. Språket hans er munnleg, og han bruker parodi og originale ordspel. Nynorsken hans opnar for dialektord, og med stor kreativitet skaper han heilt nye ord og uttrykk. Slike grep gjer bøkene hans fantasifulle og fargerike, samtidig som dei utfordrar etablerte normer. Som Aasmund Olavsson Vinje og Kjartan Fløgstad står han i ein nynorsk tradisjon der språket og satiren er i opposisjon til både makthavarar og rådande oppfatningar i samfunnet.

 

Romanen Sprekk (2001) er eit klart døme på det karnevalistiske i Sande si dikting. Her er språket poetisk og surrealistisk, og humoren burlesk. Boka er full av assosiasjonar, tankesprang og språkleg villskap og leik. Sjølv om ho er full av skarp ironi, byr ho òg på forsonande humor.

 

Gjennom dei skjønnliterære bøkene rettar Sande kritikk mot religiøse autoritetar og dogme, men òg mot dobbeltmoral og alle former for undertrykking.

 

Ein utradisjonell og opprørsk barnebokforfattar

Sande har gått sine eigne vegar og skriv annleis enn dei fleste samtidige barnebokforfattarar. Han har vore oppfatta som både provokatør og uromoment heilt sidan han gav ut barnediktsamlinga Lita grøn grasbok i 1972.

 

Humor, nonsensvers og eit munnleg og utradisjonelt språk er Sande sine mest brukte verkemiddel. Her plasserer han seg i ein moderne barnelitterær tradisjon, der barneboka er nærmare barnet enn dei vaksne. Meir provoserande var dei politiske vinklingane i dei tidlege barnebøkene. Han hadde referansar til bombinga av sivile under Vietnamkrigen i Lita grøn grasbok og tematiserte tilhøvet mellom natur og sivilisasjon i Trastedikt (1977).

 

Det realistiske vert utfordra og problematisert mellom anna ved at forfattaren bryt ned skilja mellom draum og røyndom og mellom ei ytre og ei indre verd, som i biletboka Plommetreet frå 1984. I denne boka er konflikten mellom barn og foreldre eit sentralt tema, slik det også er i fleire andre av barnebøkene hans, til dømes Frosken (2003).

Utdrag frå diktsamlinga Lita grøn grasbok

Herr Nixon President
som alltid åt seg mett
bomba eit land
han aldri hadde sett

Utdrag frå diktsamlinga Lita grøn grasbok av Rasmus Lie, pseudonym for Hans Sande. Samlaget 1972. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Biletkunstnar og skulptør

Også som biletkunstnar og skulptør er Sande utradisjonell og karnevalistisk i uttrykket. Han har illustrert mange av bøkene sine sjølv og har arbeidd med teknikkar som oljemåling, strekteikning, broderi og fotografi. Som skulptør arbeider han i fleire typar materiale.

 

Sande har hatt fleire separatutstillingar. «Brest i bringo» (2007, i Galleri Giga i Leirvik) var ei utstilling av torsoar i tre, bly, kopar og messing. Om lag 40 av treskulpturane frå utstillinga «Kjælne kjevler» vart fotograferte av Tor Fretheim og samla i den skjønnlitterære kunstboka Kjælne kjevler og tomme hender i 2008. Den same fotografen bidrog i 2012 til å lage kunstboka I dag såg eg to spadar, med fotografi frå ei utstilling med skulpturar i tre og jarn, som mellom anna vart vist under Poesidagane i Ulvik i 2010. Same året var Sande utstillar med måleri og skulpturar under barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.

 

Kjelder

E‑post frå Hans Sande 24.3.2108

 

Bjørg Angvik: Spisse tenner i mjukt skinn. Hans Sande i ein nynorsk karnevalistisk tradisjon. Masteroppgåve i nynorsk skriftkultur. Ivar Aasen-instituttet / Høgskulen i Volda 2004

Tone Birkeland: «Poesi og provokasjon. Hans Sande som barnebokforfattar», Navigasjoner i barne- og ungdomslitteraturen. Kristiansand 2011

 

Hans Sande si offisielle nettside: http://hans-sande.com/ [lesedato 22.2.2018]

 

Peikarar

Erlend Blaalid Oldeide og Tone Merete Lillesvangstu: «Barnebok får den israelske ambassaden til å sjå raudt», NRK Sogn og Fjordane, nrk.no 

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 27.02.2019