Hopp til innhold
X
Innhald

Hege Storhaug

Hege Storhaug er journalist, forfattar og samfunnsdebattant. Ho arbeider som informasjonsleiar i den innvandrings- og islamkritiske stiftinga Human Rights Service.

Hege Storhaug er fødd 21. mai 1962 i Arendal. I unge år var ho landslagsspelar i volleyball, og ho utdanna seg til faglærar i idrett ved Norges idrettshøgskole i 1987. Seinare gjekk ho over til journalistikken og tok eksamen ved Norsk journalisthøgskole i 1992.

Frå 1992 til 2002 arbeidde ho som frilansjournalist og var tidleg ute med å setje søkelyset på tvangsekteskap, kjønnslemlesting og andre overgrep mot innvandrarjenter i konservative muslimske miljø. Den sterke engasjementet hennar fekk mellom anna næring av erfaringar frå eit to år langt opphald i Pakistan i 1990-åra. I 2001 var ho del av TV2-teamet som fekk prisen Gullruten for beste dokumentar for ein serie som avslørte at imamar i Oslo støtta kjønnslemlesting.

I 2002 vart Storhaug informasjonsleiar for tenketanken Human Rights Service. Her har ho halde fram som ein skarp kritikar av islamisme og konservativ islam frå eit kvinneperspektiv.

I kjølvatnet av den store bølgja av asylsøkjarar til Europa hausten 2015 gav Storhaug ut debattboka Islam. Den 11. landeplage. Boka vart ein bestseljar. Forfattaren vart likevel kritisert for å vere unyansert og ikkje skilje mellom islam som religion og den politiske islamismen.

Storhaug er tøff i ordbruk og metodar, og det har ført til at enkelte tidlegare støttespelarar har vendt seg frå henne. Storhaug trekte sjølv tilbake ein påstand om at Erna Solberg dreiv «kultursvik mot nasjonen» då statsministeren besøkte ein moské i 2015.

Det har også stått strid om statsstøtta til Human Rights Service. Til protestar frå enkelte Frp-politikarar gjorde regjeringa framlegg om å kutte støtta med ein halv million kroner på statsbudsjettet for 2019. 

Kjelder

Magnus Blaker: «Regjeringen reduserer støtten til Human Rights Service», nettavisen.no, oppdatert 9.10.2018: https://www.nettavisen.no/na24/regjeringen-reduserer-sttten-til-human-rights-service/3423544809.html [lesedato 30.11.2018]

Olav Elgvin: «Farvel, Storhaug», bokmelding av Islam. Den 11. landeplage, morgenbladet.no, publisert 20.11.2015: https://morgenbladet.no/boker/2015/11/farvel-storhaug-0 [lesedato 30.11.2018]

Kjetil Rolness: «HRS er snart en rendyrket propagandasentral», aftenposten.no, publisert 1.8.2018: https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/BJXyxe/HRS-er-snart-en-rendyrket-propagandasentral--Kjetil-Rolness [lesedato 30.11.2018]

Hege Storhaug: «Jeg beklager», Storhaug bed statsministeren om orsaking, rights.no, publisert 27.2.2015: https://www.rights.no/2015/02/jeg-beklager/ [lesedato 30.11.2018]

Karen Tjernshaugen: «Beskylder statsministeren for å omfavne ekstremister», om Storhaugs kritikk av Erna Solberg, aftenposten.no, oppdatert 26.2.2015: https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/J1pjR/Beskylder-statsministeren-for-a-omfavne-ekstremister (tilgjengeleg med passord) [lesedato 30.11.2018]

Elin Ørjasæter: «Hege Storhaug under lupen», bokmelding av Islam. Den 11. landeplage, aftenposten.no, oppdatert 26.1.2016: https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/pAPV/Hege-Storhaug-under-lupen--Elin-Orjasater [lesedato 30.11.2018]

Om Storhaug på heimesida til Human Rights Service, rights.no: https://www.rights.no/author/hege-storhaug/ [lesedato 30.11.2018]

TV2-dokumentaren Rikets tilstand: «Støtter omskjæring», jooh.no: http://jooh.no/root/web_pages/TV%202_no%20-%20Rikets%20Tilstand.htm [lesedato 30.11.2018]

Peikarar

Frode Hansen og Rønnaug Jarlsbo: «– Jeg måtte bare gjøre det!», om TV2-dokumentaren i 2001 om omskjering av norske jenter, dagbladet.no 

Debatt om Hege Storhaug: Islam. Den 11. landeplage (2015), bokelskere.no 

Generelt om Human Rights Service, rights.no 

Først publisert: 20.12.2018
Sist oppdatert: 20.12.2018