Hopp til innhold
X
Innhald

Helium

Helium eit grunnstoff, og det utgjer ein fjerdedel av massen i universet. Helium er den lettaste gassen vi har, og han høyrer til gruppa edelgassar.

Helium er ein edelgass og den nest lettaste gassen vi har. Heliumatoma er ikkje interesserte i å inngå sambindingar med andre atom. Difor forsvinn dei vidare ut i universet når dei slepp laus i atmosfæren, det er ingenting som kan stoppe dei. I det indre av jorda blir det heile tida danna nytt helium. Helium blir danna ved at dei radioaktive grunnstoffa uran og thorium blir brotne ned. Thorium og uran har ustabile kjernar, noko som gjer at dei blir brotne opp til mindre atom.

Grunnstoffet helium har kjemisk symbol He og atomnummer 2. I periodesystemet er helium plassert i gruppe 18 og periode 1. Helium har to proton og nøytron i kjernen. Sidan helium berre har to elektronar som svirrar rundt, trengst det berre eitt skal. Særpreget til edelgassane er at det ytste skalet er fullt, det er ikkje plass til fleire elektron. Det inneber at det ikkje er ledige plassar til å inngå kjemiske sambindingar med andre atom. Helium er ein gass utan farge, lukt og smak.

Helium har oppstått som ein konsekvens av «big bang», det store smellen. Big bang er ein teori om korleis universet oppstod. Det starta som eit tett, varmt og lite punkt som byrja å ekspandere. Det var dette som skapte universet for om lag 13,7 milliardar år sidan. I vårt solsystem finn vi mellom anna helium inne i sola, som er ei stjerne. Når stjerner døyr, eksploderer dei og sender ut mengder med helium, ei supernova.

I sola er det mykje meir helium enn det er på jorda. Sola vår består av om lag 74 prosent hydrogen og vel 24 prosent helium. I sola og andre stjerner blir helium danna ved at hydrogen fusjonerer. Fusjon er ein prosess der to lette atomkjernar slår seg saman til ein tyngre atomkjerne. Samtidig blir det frigitt store mengder energi.

Har du nokon gong kjøpt gassballong på 17. mai og mist taket i snora på ballongen? Då har du nok sett at ballongen stig høgare og høgare til vêrs. Det skjer fordi ballongen er fylt med helium. Helium er lettare enn luft, det vil seie at helium har lågare tettleik. Når gassen blir sleppt laus i atmosfæren, er han tapt for alltid. Det er kanskje artig med gassballongar, men det er ei sløsing med ein verdifull ressurs.

Flytande helium er noko av det kaldaste som finst. Kokepunktet til helium er så lågt som 269 gradar minus på celsiusskalaen. Det absolutte nullpunktet er 273 minusgradar celsius.

Heliumatomet er så lite at det lett kan ta seg fram frå jordas indre og gjennom stein før det kjem ut i atmosfæren vår. Helium blir mellom anna brukt til kjøling til MR-skannarar, oppdriftsmiddel i luftskip og i dekka på landinghjula til store fly. Grunnen til at ein bruker helium på desse områda, er at gassen er så lett, og han brenn ikkje.

Har du pusta inn lufta frå ein heliumsballong? Då får du ei lys Donald Duck-aktig stemme. Det er fordi helium har låg molekylvekt, og det gjer at farten på lyden er høgare i helium enn i luft. Då blir bølgjelengda på lyden større ved same tonehøgd. Det er ikkje bra å puste inn for mykje helium, for det kan gjere skade på strupehovudet.

 

Kjelder

Nasjonal digital læringsarena, naturfag: «Nye energikilder», ndla.no, oppdatert 03.6.2013: https://ndla.no/nb/node/59818?fag=7 [lesedato 23.2.2019]

Norsk Romsenter: «Universets historie», romsenter.no: https://www.romsenter.no/no/Laer-om-rommet/Rom-for-barn/Du-store-verden/Universets-historie [lesedato 23.2.2019]

Kristian Rostad: «Verden tømmes for helium», nrk.no, publisert 24.8.2010: https://www.nrk.no/viten/verden-tommes-for-helium-1.7261413 [lesedato 4.1.2019]

Svein Stølen: «He, Helium», mn.uio.no: https://www.mn.uio.no/kjemi/tjenester/kunnskap/periodesystemet/He/alt.html [lesedato 20.2.2019]

Eivind Torgersen: «Helium produseres hele tiden i jordas indre. Likevel frykter forskere at verden skal gå tom», forskning.no, publisert 16.5.2018: https://forskning.no/fysikk-kjemi/2018/05/helium-produseres-hele-tiden-i-jordas-indre-likevel-frykter-forskere-verden [lesedato 4.1.2019]

 

Peikarar

«Fly med ballonger», ved Andreas Wahl, tv.nrk.no

Reidar G. Trønnes' blogg: «Helium i jordas dype indre (og i 17. mai-ballonger)», forskning.no

Først publisert: 20.06.2019
Sist oppdatert: 20.06.2019