Hopp til innhold
Henrik Ibsen, kabinettkort frå 1900. Foto: Gustav Borgen, kredit:Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ib0050, ingen restriksjonar/fri lisens.
Henrik Ibsen, kabinettkort frå 1900. Foto: Gustav Borgen, kredit:Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ib0050, ingen restriksjonar/fri lisens.
X
Innhald

Henrik Ibsen

Henrik Johan Ibsen, forfattar og dramatikar. Han er rekna som grunnleggjaren av det moderne teateret, og nest etter Shakespeare er han den mest spela dramatikaren i verda.

Henrik Ibsen var fødd 20. mars 1828 i Skien og døydde 23. mai 1906 i Oslo. Som femtenåring flytta han til Grimstad, der han var apotekarlærling frå 1844 til 1850. I 1850–51 gjekk han på Heltbergs studentfabrikk (Heltberg og Reehorst real- og latinskole) i Oslo for å ta artium. Men Ibsen strauk i gresk og aritmetikk, og universitetsutdanninga blei det aldri noko av.

I staden arbeidde han i ein periode som frilansjournalist, før han i 1851 byrja som sceneinstruktør og forfattar ved Det norske Theater i Bergen, som Ole Bull etablerte i 1850. Her var han fram til 1857, med unntak av ein periode i 1852, då han fekk reisestipend for å studere teater i Dresden og København. Seinare vende han attende til Kristiania (Oslo) og var kunstnarisk direktør ved Christiania norske Theater (1857–62) og litterær konsulent ved Christiania Theater (1862–64).

Catilina er det første teaterstykket Ibsen gav ut, under psevdonymet Brynjolf Bjarme, i 1850. Han skreiv ei rekkje drama med nasjonalhistoriske tema det neste tiåret, med Gildet paa Solhaug (1856) som den einaste vesle suksessen. Etter Kjærlighedens Komedie (1862), som blei dårleg motteke av kritikarane, byrjar stordomstida hans, som strekkjer seg frå Kongsemnerne (1863) til Når vi døde vågner (1899). I 1860-åra skreiv han mellom anna Brand (1866) og Peer Gynt (1867). I Skandinavia blei Brand ein suksess, og måten dette stykket nådde ut på, trass i at det braut med rådande litterære normer, er karakteristisk også for resten av forfattarskapen hans.

Det store internasjonale gjennombrotet kom først i 1879, med Et dukkehjem. I dette stykket ser ein mykje av det som gjorde Ibsen populær og kjend: dei sterke, medrivande og oppskakande rollefigurane hans, det stødige dramatiske handverket, og ikkje minst evna til å veve samfunnskritikk inn i den mellommenneskelege tematikken. Med stykke som Gengangere (1881), Vildanden (1884), og Hedda Gabler (1890) stadfesta han den sentrale posisjonen sin i verdsdramatikken. Stykka til Ibsen blir framleis spela på scener rundt om i heile verda, og det finst dessutan ei lang rekkje filmatiseringar av dei.

Ibsen skreiv òg «Terje Vigen» og «Borte!», som er sentrale dikt i den norske litterære kanonen. Dei er begge prenta i Digte (1871), den einaste diktsamlinga Ibsen gav ut.

Dei største verka sine skreiv Ibsen i utlandet. Han flytta til Roma i 1864 og veksla mellom å bu i Roma, Dresden og München fram til 1891. Han var sjeldan på besøk i Noreg i denne perioden, men flytta attende til Oslo i 1891 og budde der fram til han døydde i 1906. Han er gravlagd på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Ibsen fekk ei rekkje prisar, utmerkingar og ordenar. Han var foreslått til nobelprisen i litteratur i 1902 og 1903, men det var landsmannen Bjørnson som fekk prisen i 1903. Ibsen blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1892 og fekk storkorset året etter. Det finst tre Ibsenmuseum i Noreg, i Skien, Grimstad og Oslo. Ibsenprisen blei delt ut første gongen i Ibsenåret 2006.

Henrik Ibsen i arbeidsrommet sitt i Arbinsgate 1, 1897/98. Foto: L. Szacinski, kredit: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ibf2a1001b, ingen restriksjonar/fri lisens.

Henrik Ibsen i arbeidsrommet sitt i Arbinsgate 1, 1897/98. Foto: L. Szacinski, kredit: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ibf2a1001b, ingen restriksjonar/fri lisens.

Frå småbygut til europeisk verdsborgar

Ibsen voks opp i Skien som den eldste i ein syskenflokk på fem. I barndomen fekk han kjenne på økonomisk utryggleik, då faren i 1835 måtte stengje butikkane sine og auksjonere bort eigedom. Familien flytta til Venstøp utanfor Skien, der Henrik Ibsen Museum ligg i dag. Allereie som ung viste Ibsen kreative evner og interesse for kunst: Han laga dokketeater, framførte tryllekunstar og skreiv dikt og andre tekstar. Ibsen var framleis ung då han tok til som apotekarlærling i Grimstad i 1844, men allereie to år etter fekk han kjenne på alvoret ved vaksenlivet, då han fekk ein son med ei ti år eldre tenestejente på apoteket.

I Grimstad fekk Ibsen fleire vener med litterære interesser, og han budde framleis der då han skreiv Catilina, men flytta til Oslo same året for å ta artium. Etter ein kort periode på Heltbergs studieførebuande skule prøvde han seg som journalist og redaktør, og han starta mellom anna det satiriske vekebladet «Andhrimner» (først «Manden») saman med Paul Botten-Hansen og Aasmund Olavsson Vinje. Kjæmpehøien var den første oppsetjinga til Ibsen, på Christiania Theater i 1850. Året etter flytta han til Bergen for å arbeide på Ole Bull sitt teater. Åra i Bergen var svært viktige for utviklinga hans, både for dramatikken og på andre område. Han fekk oppført fem stykke i løpet av dei seks åra han var der. Ikkje minst møtte han Suzannah Daae Thoresen, som han gifta seg med i 1858 og fekk sonen Sigurd med i 1859.

Henrik Ibsen, ca. 1863/64. Foto: Daniel Georg Nyblin, kredit: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ib1a1003, ingen restriksjonar/fri lisens.Henrik Ibsen, ca. 1863/64. Foto: Daniel Georg Nyblin, kredit: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ib1a1003, ingen restriksjonar/fri lisens.

Henrik Ibsen, ca. 1863/64. Foto: Daniel Georg Nyblin, kredit: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ib1a1003, ingen restriksjonar/fri lisens.

I 1857 flytta Ibsen attende til hovudstaden, der han først arbeidde ved Christiania norske Theater og deretter ved Christiania Theater. Her sette han mellom anna opp Kongsemnerne, som blei den første suksessen hans i Noreg. I 1864 flytta han til Roma, og bortsett frå to visittar var han ikkje attende i Noreg før 27 år seinare, i 1891. Han budde i Roma (1864–68), Dresden (1868–75), München (1875–78), Roma (1878–85) og München (1885–91), før han busette seg i Arbins gate 1 i Oslo. I «frivillig landflygtighet» fekk Ibsen oppleve den store europeiske kunsten, og med avstand til Noreg var det lettare å dikte om heimlandet. Ibsen rekna seg først og fremst som europear, og utviklinga i den tidlege forfattarskapen hans kan lesast som ei innskriving i, utforsking av og utskriving frå den norske nasjonalromantikken. Som Gudleiv Bø påpeikar i Å dikte Norge: Paradoksalt nok er Ibsen først og fremst nasjonsbyggjar ved at han gav norsk litteratur internasjonalt ry. Dette ryet fekk han etter at han flytta frå Noreg og la den nasjonalhistoriske diktinga bak seg.

Etter at Ibsen forlét Noreg, byrja han gi ut bøkene sine i København, med Fredrik Hegel i Gyldendalske Boghandels Forlag som forleggjar. Med Samfundets støtter (1877) byrja det europeiske gjennombrotet hans, og med Et dukkehjem slo han igjennom for fullt. Med den lange rekkja av «samtidsdrama» skreiv han seg gradvis fram til å bli ein hovudfigur i det moderne gjennombrotet i europeisk åndsliv. Med Vildanden blir også symbolisme og psykologisk gransking ein viktig del av diktinga hans. Også her var Ibsen på høgde med framveksten av den tidlege europeiske modernismen. Etter heimkomsten i 1891 gav han ut fire sjølvgranskande drama: Bygmester Solness (1892), Lille Eyolf (1894), John Gabriel Borkman (1896) og Når vi døde vågner (1899).

Stephan Sinding med utkast til bronsestatuen av Henrik Ibsen, 1898 (avduka 1.9.1899). Foto: H. J. Barbys Fotografiske Atelier, kredit: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ib0095, ingen restriksjonar/fri lisens.

Stephan Sinding med utkast til bronsestatuen av Henrik Ibsen, 1898 (avduka 1.9.1899). Foto: H. J. Barbys Fotografiske Atelier, kredit: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com. Biletnr. bldsa_ib0095, ingen restriksjonar/fri lisens.

Biletkunst og dikt

Både i dikta og i dramatikken til Henrik Ibsen er det mange slåande visuelle uttrykk. Han fekk røynsle med scenografi og dekor på Det norske Theater i Bergen, og teften for det visuelle tok han med seg vidare i karrieren som kunstnarisk direktør i Oslo og som dramatikar på verdsscena. Han var òg oppteken av biletkunst frå ung alder og hadde tidleg ambisjonar om å bli kunstmålar. I ulike periodar av livet teikna, illustrerte og måla han – frå romantiske landskapsmåleri i tidlege år via satiriske strekar i osloaviser og ‑blad til skisser og illustrasjonar i seinare år.

Ibsen skreiv òg dikt i ung alder og fekk prenta nokre av dei medan han budde i Grimstad. I bladet «Manden» prenta han «Paa Akershus» i 1851, og i åra etter fekk han jamleg prenta dikt i aviser, tidsskrift og småtrykk. Først med Digte (1871) kom dei ut i bokform. Dette er den einaste diktsamlinga Ibsen gav ut, sjølv om han gjorde ferdig ei rekkje dikt under tittelen «Blandede digtninger» alt i 1850. I Digte finn vi mellom anna «Borte!», som i tre korte strofer koplar kvardagsleg sakn og fråværskjensle til eksistensiell einsemd og tomleik. Her er òg det episke langdiktet «Terje Vigen» med, eit dikt som Ibsen-forskaren Daniel Haakonsen har omtalt som «det første helt forløste dikt fra Ibsens hånd». Ibsen skreiv «Terje Vigen» i 1861, og diktet blei prenta i «Nytaarsgave For Illustreret Nyhedsblads Abonnenter» i 1862. Forteljinga om sjømannen Terje Vigen – «en underlig gråsprængt en på den yderste nøgne ø» – lyser av idealisme og har vore med på å danne det norske sjølvbiletet. I fleire generasjonar var diktet nærmast brukt som ei sveineprøve i kunsten å lese utanboks. Diktet blei filmatisert til stumfilm i 1917, i regi av Victor Sjöström.

Teaterkunsten – frå brotet med idealismen til det moderne dramaet

Same året som Ibsen gav ut «Terje Vigen», gav han òg ut teaterstykket Kjærlighedens Komedie, som Haakonsen har kalla «det første gjennomført gode skuespill han har skrevet». Medan «Terje Vigen» er gjennomsyra av norsk idealisme, er dette stykket eit gryande og ambivalent oppgjer med den same idealismen. Kritikarane i samtida var ikkje like begeistra over stykket som Haakonsen var 120 år seinare, men i ettertid kan ein slå fast at det er i «Terje Vigen» at Ibsen liknar minst på seg sjølv. Medan «Terje Vigen» er fullendinga av den første delen av forfattarskapen, finn ein i Kjærlighedens Komedie fleire element som peikar framover i den delen av forfattarskapen som er mest kjend.

Sett under eitt samlar Ibsens dramatikk seg til eit livsverk som stig over tid og nasjonalitet, sjølv om han ofte tek utgangspunkt i spesifikke historiske og geografiske hendingar. Dramatikken hans høyrer til verdslitteraturen. Det var først etter at Ibsen reiste frå Noreg, at han skreiv dei mest kjende stykka sine, i første omgang Brand (1866) og Peer Gynt (1867). I desse stykka er han like fullt oppteken av norskdomsproblematikk. Han tek eit oppgjer med nasjonalromantikken som program og som idé i desse meisterverka. Den kompromisslause presten Brand har sitt motstykke i Peer Gynt, som skrellar løk og oppdagar at han manglar kjerne. Peer Gynt er poetisk og satirisk, realistisk og eventyrleg på same tid. Det er eit lesedrama, skrive på rim, som fangar inn det typiske ved nordmenn på godt og vondt, og som framleis er rekna som hovudverket i norsk litteratur. Edvard Grieg komponerte scenemusikk til Peer Gynt, framført første gongen i 1876.

Det endelege brotet med Noreg kjem med dobbeltdramaet Kejser og Galilæer frå 1873 og 1875, og paradoksalt nok er det slik han blir ein slags nasjonsbyggjar: Henrik Ibsen gav norsk litteratur eit internasjonalt ry. Etter Kejser og Galilæer handla ikkje Ibsens dramatikk om det spesifikt norske, men om den europeiske moderniteten. Han rekna sjølv stykket som hovudverket sitt, utan at det dermed er rekna blant meisterverka hans. At stykket er svært viktig for å forstå forfattarskapen til Ibsen, er likevel klart. Toril Moi meiner til dømes at det er her Ibsen gjer seg til modernist, sjølv om ho reknar Et dukkehjem som det første heilt moderne stykket hans. Ibsens realisme er ikkje ein motsetnad eller eit forstadium til Ibsens modernisme. Miljøskildringar og røyndomseffektar er følgde av sjølvrefleksive og metateatrale grep og gestar i dei tolv «samtidsdramaa» hans, frå Samfundets støtter (1877) til Når vi døde vågner (1899).

Emigrantlitteraturen (1872), det første bandet av Georg Brandes’ Hovedstrømninger i det 19. Aarhundredes Litteratur, var viktig for Ibsen då han byrja å skrive rekkja av samtidsdrama. Brandes stiller opp eit moderne krav om å setje «problem under debatt›, og i tre-aktaren Et dukkehjem gjer Ibsen nettopp det. Ibsen utfordrar det borgarlege ekteskapet og viser korleis mannen sine samfunnsprivilegium går på kostnad av kvinna sin fridom. I avslutninga bryt Nora ut av rolla ho har fått tildelt av samfunnsnormene. Ho forlèt mann og barn og skaper med det ein av dei mest berømte kjønnspolitiske augneblinkane i verdslitteraturen. Også i En folkefiende (1882), Rosmersholm (1886) og Hedda Gabler (1890) er det sosial sprengkraft i dei dramatiske situasjonane og i konfliktane mellom personane og samfunnet dei lever i. Den realistiske forma er følgd av modernistiske trekk som peikar langt framover på 1900-talet. I teaterhistoria står Ibsen som eit naturleg bindeledd mellom William Shakespeare og Arthur Miller.

(Artikkelen held fram under videoane)

Video: NRK Fjernsynsteateret si oppsetjing av Peer Gynt, første og andre del.

Dei fire siste – samtida og det tidlause

Dei fire siste stykka til Ibsen er dunklare og kanskje vanskelegare å forstå enn dei føregåande. Mange har tydd til omgrep som «symbolisme» for å forstå den nye kursen han tek mot slutten av forfattarskapen, ikkje utan grunn. Det dukkar opp ei rekkje symbol og allegoriar i desse stykka, og dei er tydeleg sjølvmedvitne og metateatrale, med eldre menn i kreative yrke som hovudpersonar – frå byggmeister Solness til bilethoggar Arnold Rubek i Når vi døde vågner. Stykka handlar alle på ulike måtar om tilhøvet mellom kunst og røyndom, og problema til hovudpersonane er ofte ikkje berre av sosial og politisk, men òg av eksistensiell karakter. Ibsen både vidarefører og bryt med den tidlegare dramatikken sin, og dei fire siste stykka var lenge undervurderte, kanskje på grunn av det noko uklare brotet med dei tidlegare verka. Det er ei melankolsk «fin de siècle»-stemning i desse stykka, og dei dannar ein høveleg dramatisk epilog til Ibsens forfattarskap.

Som ein kommentar til all strid om kven Ibsen var og korleis ein skal forstå det han skreiv, spør Atle Kittang i Ibsens heroisme: «Men er det så avgjerande å slå fast at Ibsen er anten det eine eller det andre? Det viktige er kanskje å sjå korleis han på ein heilt spesiell måte samlar alt dette i seg.» Ønsket om å forstå Henrik Ibsen sine verk står i alle fall framleis sterkt, og dette ønsket blei institusjonalisert med opninga av det internasjonalt orienterte forskingssenteret Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo i 1993. Kanskje er kallenamnet «sfinksen», som Ibsen fekk i si eiga samtid, framleis ein treffande karakteristikk av den uutgrundelege dramatikaren. Det er mykje som er likeframt og klart, tydeleg og slagferdig i verka hans, men der er òg mykje gåtefullt som krev livslang grunding og fundering.

galleri

Kjelder

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2012

Horst Bien: Henrik Ibsens realisme. Det klassiske kritisk-realistiske dramas opprinnelse og utvikling. Oslo 1973

Harold Bloom: How to read and Why. New York 2000

Georg Brandes: Henrik Ibsen. København 1898

Francis Bull: Essays i utvalg. Oslo 1964

Gudleiv Bø: Å dikte Norge. Dikterne om det norske. Bergen 2006

Daniel Haakonsen: Henrik Ibsen. Mennesket og kunstneren. Oslo 1981

Frode Helland: Melankoliens spill. En studie i Henrik Ibsens siste dramaer. Oslo 2000

Atle Kittang: Ibsens heroisme. Frå Brand til Når vi døde vågner. Oslo 2002

Toril Moi: Ibsens modernisme. Oslo 2006

Jørgen Magnus Sejersted og Eirik Vassenden: Lyrikkhåndboken. Oslo 2007

Erik Bjerck Hagen: «Henrik Ibsen», snl.no: https://snl.no/Henrik_Ibsen [lesedato 9.12.2014]

Nasjonalbiblioteket: «Alt om Henrik Ibsen»: http://ibsen.nb.no/ [lesedato 9.12.2014]

«Henrik Ibsens skrifter», på nettstaden til Universitetet i Oslo: http://www.ibsen.uio.no/forside.xhtml [lesedato 9.12.2014]

Peikarar

«Ibsen i skolen», innslag med Toril Moi og Silje Folkedal på NRK Skole

Først publisert: 20.04.2016
Sist oppdatert: 22.03.2019