Hopp til innhold
Henrik Rytter. Foto: Ukjend, frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
Henrik Rytter. Foto: Ukjend, frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Henrik Rytter

Henrik Rytter, diktar, omsetjar og skulemann som førte norsk ættekjensle og naturlyrikk saman med europeisk utsyn og klassiske referansar. Slik vart han på mange vis den viktigaste arvtakaren etter Arne Garborg.

Henrik Rytter var fødd som Henrik Grytnes i tidlegare Bjørnør kommune (no Roan) i Sør-Trøndelag 18. januar 1877 og døydde på Geilo 18. september 1950. Han voks opp i Haram på Sunnmøre og var heile livet prega av naturen og folkelynnet på Mørekysten. Rytter vart folkehøgskulelærar, men som 40-åring gav han opp læraryrket for å verte skribent på heiltid. Han skreiv fleire skodespel, men er mest kjend som lyrikar. I alt gav han ut sju diktsamlingar, prega av natursymbolikk og eksistensielle motiv. I 1930-åra omsette Henrik Rytter 23 av Shakespeare sine skodespel til nynorsk. Også Dantes Den guddomlege komedien og Boccacios Dekameronen kledde han i norsk språkdrakt. Rytter var ein mykje brukt folketalar og foredragshaldar. Han engasjerte seg sterkt mot nazismen og sat fengsla ein periode på Bredtvedt under krigen. Dei siste leveåra budde han på Geilo.
 
Skulemann og gardbrukar
Henrik Rytter var fødd inn i ei slekt av offiserar, spelemenn og treskjerarar, men også av lærarar og emissærar. Far hans, Anders Grytnes, var lærar og aktiv i indremisjonen. Men som dei fleste andre familiar i utkant-Noreg var også Rytterslekta først og fremst gardbrukarar – bundne til jorda og med havet som nærmaste nabo. Den unge Henrik var særs ættebevisst, og tok tilbake familienamnet Rytter.
 
Han valde læraryrket, som far sin, og arbeidde fleire stader i landet før han i 1907 kom til Møre Folkehøgskule i Ørsta. Her var han i seks år og vart ein naturleg del av det frilynde norskdomsmiljøet i bygda. I 1913 starta han sin eigen folkehøgskule på Gimnes på Nordmøre. Men han miste garden der skulen heldt til, og flytta etter kvart til Oslo-området. Draumen om å vere sjølveigande bonde og skulemann la han frå seg.
 
Diktar og omsetjar
I staden starta han som 40-åring på ein ny karriereveg. No ville han vere litterat på heiltid. Han hadde allereie skrive nokre skodespel utan særleg suksess. Meir vellukka vart arbeidet hans som litterær konsulent ved Det Norske Teatret. Han vart òg mykje nytta som omsetjar ved teatret. Mellom anna sette han om Peer Gynt til nynorsk. Men først og fremst var det den europeiske litterære arven som interesserte han. For Rytter var det aldri nokon motsetnad mellom det å kjenne sine norske røter og samstundes søkje ut mot andre kulturelle og språklege impulsar.
 
Henrik Rytter gav i alt ut sju diktsamlingar. Han debuterte med Båra i 1919. Utover i 1920-åra kom så samlingane Øya, Jordsonen, Skålene, Vokune og Eros. Etter at han var død, kom diktsamlinga Likevel –!. Diktmotiva hans gjekk frå det jordbundne og naturnære til det eksistensielle og individorienterte. Han var sterkt prega av dei europeiske klassikarane han hadde lese, men òg av norske forfattarar. Namnebroren Henrik Wergeland stod i ei særstilling som førebilete og inspirator.
 
Stridsmann og samfunnsrefsar
Ved sida av det litterære arbeidet sitt var Henrik Rytter også ein engasjert avisskribent. Han kasta seg inn i ei rekkje debattar i samtida og miste aldri av syne den grunnleggjande ståstaden: at Noreg og norsk kultur var del av ein større europeisk samanheng. Når det galdt språklege og politiske utviklingstrekk i heimlandet, var han alltid bevisst på at dei fellesvestlege og humanistiske verdiane måtte liggje til grunn.
 
I boka Norden har ordet frå 1937 samla han dei anti-nazistiske føredraga sine. Dette kraftfulle åtaket mot overmennesketenkinga og misbruket av nordisk historie er særmerkt for Henrik Rytter si retoriske kraft. Han opplevde å verte internert av tyskarane på Geilo under krigen. På Geilo likte han seg så godt at han vart buande der fram til han døydde i 1950. Han vart gravlagd på eigedomen sin, «Rytterhaugen». På bautaen som er sett opp ved urneplassen, står dei siste verselinjene han skreiv:
 
«Mi ånd i nattemørke røyningsstunder
trur enn på livsens store morgonunder.»
 
Kjelder
Per Hovdenakk: «Henrik Rytter», Norsk biografisk leksikon, bd. 7. Oslo 2003
Henrik Rytter: Dikt i samling, med etterord ved Olav Rytter. Oslo 1962
 

Først publisert: 19.10.2009
Sist oppdatert: 17.04.2018