Hopp til innhold
 Hestehov. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Hestehov. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
X
Innhald

Hestehov

Hestehoven er den tidlegaste vårplanta i Noreg, og ein kan finne dei gule blomstrane langs vegar, grøfter og på leirete bakkar.

Hestehov (latin Tussilago farfara) eller leirfivel, fleirårig urt i korgblomsterfamilien. Hestehoven er den tidlegaste vårplanta i Noreg, og ein kan finne dei gule blomstrane langs vegar, grøfter og på leirete bakkar. Planta har blomsterberande skot om våren og vegetative skot med store, hjarteforma blad utpå sommaren.
 
Hestehov er ei gammal lækjeplante mot hoste.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2013
Sist oppdatert: 28.05.2014