Hopp til innhold
X
Innhald

Koreakrigen

Koreakrigen var ein krig mellom Nord-Korea og Sør-Korea i tidsromet 1950 til 1953. Denne krigen var den første direkte militære konflikten under den kalde krigen, der vestblokka stod mot austblokka og Kina.

Då Japan kapitulerte etter andre verdskrigen, vart Korea delt i to okkupasjonssoner. I nord vart det etablert eit kommunistisk styre under leiing av Kim Il Sung, støtta av Sovjetunionen. I sør var dei politiske tilhøva kaotiske, men den reaksjonære Syngman Rhee hadde støtte frå amerikanarane. Både i nord og i sør var det eit ønske om å samle Korea.

25. juni 1950 invaderte nordkoreanske styrkar Sør-Korea. Etter berre tre dagar hadde styrkane teke kontroll over den sørkoreanske hovudstaden Seoul. Den amerikanske presidenten, Harry S. Truman, var overtydd om at det var Sovjetunionen som stod bak den nordkoreanske aggresjonen. Sovjetunionen boikotta på dette tidspunktet FN, på grunn av at det tidlegare nasjonalistregimet, og ikkje det kommunistiske Kina, var representert i organisasjonen. USA fekk difor raskt støtte i tryggleiksrådet i FN til å stogge den nordkoreanske frammarsjen.

Det var i hovudsak amerikanske styrkar som vart sende til Korea for å drive dei nordkoreanske styrkane attende, men også 16 andre FN-nasjonar var med. Etter harde kampar stogga FN-troppane den nordkoreanske hæren langs ein front kring hamnebyen Pusan i det søraustre hjørnet av Koreahalvøya, noko som snudde krigen. I slutten av oktober 1950 hadde dei amerikanskleidde styrkane gått over den opphavlege grensa mellom Nord-Korea og Sør-Korea og rykt heilt fram til den kinesiske grensa.

Det kommunistiske Kina valde då å gå aktivt inn og støtte den nordkoreanske hæren. Meir enn ein million kinesiske soldatar kom til, og dei dreiv styrkane frå sør attende.

Våren 1951 stabiliserte frontane i krigføringa seg nær grensa som hadde vore mellom landa ved krigsutbrotet. 27. juli 1953 signerte partane ein våpenkvileavtale. Ein del av avtalen var at det skulle opprettast ei demilitarisert sone på kvar side av grensa mellom nord og sør. Ei endeleg fredsslutning vart ikkje gjord, så framleis er det våpenkvila frå 1953 som gjeld. Erfaringane frå Koreakrigen vart avgjerande for amerikansk utanrikspolitikk, med sterk vekst i forsvarsbudsjettet og bruk av militære midlar i kampen mot kommunismen. Koreakrigen var blodig, og svært mange sivile miste livet. Overslaga over drepne i krigen varierer mykje, men truleg miste meir enn tre millionar menneske livet.


Kjelder

Hans Otto Frøland ofl.: Det 20. århundres historie. Europa, USA og Japan. Oslo 1997

Geir Lundestad: Øst, vest, nord, sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk 1945–1995. Oslo 1996

Jan Palmowski: Dictionary of Contemporary World History. Oxford 2004

 

FN-sambandet: «FNs historie», fn.no, sist oppdatert 23.1.2019: https://www.fn.no/Om-FN/FNs-historie [lesedato 30.1.2019]

Først publisert: 25.06.2019
Sist oppdatert: 25.06.2019