Hopp til innhold

Den kalde krigen

Etter den andre verdskrigen og fram til 1990-talet konkurrerte USA og Sovjetunionen om å ha størst påverknad på den internasjonale politikken. Begge landa støtta opprør og krigar i andre land, men var aldri i krig med kvarandre. Situasjonen har difor vorte kalla den kalde krigen.

Sovjetunionen og USA var avgjerande i frigjeringa av Europa frå den tyske okkupasjonen under den andre verdskrigen. Etter krigen delte dei Tyskland og Berlin mellom seg, i Berlin også med britiske og franske sektorar. Sovjetunionen nytta samtidig oppløysinga etter krigen og den militære slagkrafta si til å opprette lojale regime i Aust-Europa.

USA svarte først med Marshallhjelpa, der landet gav nødhjelp – mot økonomisk, politisk og kulturell innverknad. Med Trumandoktrinen lova landet også militær hjelp mot opprør og invasjon. I 1949 vart militæralliansen NATO oppretta. Austblokklanda danna då Warszawapakta. Med den kommunistiske revolusjonen i Kina i 1949 og krig i Korea året etter vart situasjonen særleg spent. Dei to supermaktene støtta motpartar i nasjonale krigar, til dømes i Vietnamkrigen, men mot kvarandre kriga dei berre med ord.

Dei to supermaktene kjempa om ideologi, men samtidig òg om teknologisk utvikling, mellom anna kappast dei om erobringa av verdsrommet. Farlegare var utviklinga av atomvåpen. I 1962 braut det nesten ut atomkrig, då Sovjetunionen ville plassere atomraketettar på Cuba.

Cubakrisa vart eit varsku og ei vending. Frå då av byrja supermaktene å forhandle om oppmjuking og nedrusting. Spenninga steig likevel på ny då NATO plasserte rakettar i Europa på slutten av 1970-åra, og Sovjetunionen invaderte Afghanistan i 1979. Den amerikanske presidenten Ronald Reagan kalla Sovjetunionen «det vonde imperiet» og rusta sterkt opp militært. Slik styrkte USA seg, men for verdssamfunnet var trongen til avspenning intens.

Då Mikhail Gorbatsjov kom til makta i Sovjet i 1985, innleidde han på ny samtalar med USA, som munna ut i ein avtale om nedrusting. Samtidig slakka Gorbatsjov på grepet om Aust-Europa. I 1991 gjekk Sovjetunionen i oppløysing, og USA tok frå då av mykje av føringa i den internasjonal utviklinga.

 

Kjelder

Hilde Henriksen Waage, Rolf Tamnes og Hanne Hagtvedt Vik (red.): Krig og fred i det lange 20. århundre. Oslo 2013

Geir Lundestad: Øst, vest, nord, sør. Hovedlinjer i internasjonal politikk etter 1945. Oslo 2004

Odd Arne Westad: Reviewing the Cold War. Approaches, Interpretations, Theory. London 2000

 

Peikarar

Inga Berntsen Rudi: «Den kalde krigen», emneside, ndla.no, sist oppdatert 9.5.2018

Først publisert: 03.09.2020
Sist oppdatert: 21.10.2020