Hopp til innhold

Qin

Qin var opphavleg ein kinesisk småstat som oppstod i vestdelen av riket då Zhou-dynastiet vart oppløyst frå ca. 800 f.Kr.

Les meir om Qin

Anyang

Anyang (Yin, Shang-yi) ligg i Nordaust-Kina og var hovudstad i Shang-riket ca. 1330–1046 f.Kr. Orakelbeina og rike bronsefunn vart oppdaga der.

Les meir om Anyang

Fu

Fu er ei eldre nemning for kinesisk forvaltningsområde, nokolunde tilsvarande det norske ordet fylke.

Les meir om Fu

Guomindang

Guomindang, «borgarpartiet», blir ofte omsett til «Nasjonalistpartiet» på norsk. Det var Kinas første republikanske parti og er i dag Taiwans største parti. Det tilhøyrer høgresida.

Les meir om Guomindang

Kulturrevolusjonen

Kulturrevolusjonen er ei nemning for kulturelle og politiske omveltingar i Kina i tida 1966–76 og var ei realisering av Maos teori om varig revolusjon.

Les meir om Kulturrevolusjonen

Qi

Qi er namnet på diverse kinesiske småstatar opp gjennom historia, alle med base i Shandong-halvøya i Aust-Kina.

Les meir om Qi

Qianlong-keisaren

Qianlong-keisaren, 1711–99, var keisar av Kina under Qing-dynastiet. Med sine 60 regjeringsår (1735–1796) er han blant dei lengst regjerande statsleiarane i verdshistoria.

Les meir om Qianlong-keisaren

«Dei seksten kongerika»

«Dei seksten kongerika» er ei nemning på statar som oppstod i Nord-Kina 304–439 då nomadiske inntrengjarar gjorde slutt på det Vestre Jin-dynastiet og etablerte seg som herskarfolk.

Les meir om «Dei seksten kongerika»

Taiping-opprøret

Taiping-opprøret var eit storstilt bondeopprør i Kina 1850–64, retta mot Qing-dynastiet. I dødstal var det truleg den blodigaste borgarkrigen gjennom tidene.

Les meir om Taiping-opprøret

Xia-dynastiet

Xia-dynastiet var eit forhistorisk herskardynasti som blir rekna som Kinas første. Ifølgje tradisjonen er det datert til 1989–1558 f.Kr.

Les meir om Xia-dynastiet

Yao Wenyuan

Yao Wenyuan, 1924–2005, var ein kinesisk journalist og politikar. Han vart arrestert i 1976 som medlem av Firarbanden og dømd i 1981 til 20 års fengsel.

Les meir om Yao Wenyuan

Yuan Shikai

Yuan Shikai, 1859–1916, var ein kinesisk offiser og politikar. Han var president i Republikken Kina 1912–15 og 1916, og sjølvutropt keisar i 83 dagar i 1916.

Les meir om Yuan Shikai

Zhou Enlai

Zhou Enlai, 1898–1976, var leiarfigur i den kommunistiske revolusjonen og Kinas nest viktigaste politikar i Mao-tida (1949–1976).

 

Les meir om Zhou Enlai