Hopp til innhold
X
Innhald

Cathay

Cathay var i mellomalderen det europeiske namnet på Kina, særleg Nord-Kina.

Namnet vart popularisert av Marco Polo, som besøkte Kina på ei tid då riket var delt i nord og sør. Namnet stammar frå «khitan», namnet på det nomadiske folkeslaget som styrte Nord-Kina i hundreåra før mongolane tok over på 1200-talet. Etter at portugisarane oppdaga sjøvegen til det kinesiske riket på 1500-talet, eksisterte namnet side om side med den nyare nemninga «Kina», som i europeiske språk først refererte til kystområda i sørvest, men frå 1800-talet overtok som einaste nemning. Sidan då var namnet Cathay brukt berre i poesi i europeiske språk. I dag går namnet igjen som namn på Kina i ei rekkje tyrkiske og slaviske språk, f.eks. russisk Kitaj

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019