Hopp til innhold
X
Innhald

Chang'an

Chang'an var ein historisk by i det sentrale Kina. Han var hovudstad under Tang-dynastiet.

Cháng'ān (長安) var ein av dei største byane i verda omkring 800 e.Kr., med eit estimert innbyggjartal innanfor bymurane på rundt ein million. På denne tida var byen ein kulturell og religiøs smeltedigel, med ei overflod av buddhistiske, taoistiske, zoroastriske og manikeiske tempel og jamvel nestorianske kyrkjer. Byområdet overlappar med dagens Xi’an, som også er ein millionby. 

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019