Hopp til innhold
X
Innhald

Chiang Kai-shek

Chiang Kai-shek, 1887–1975, var ein kinesisk general og politikar. Han var Mao Zedongs erkefiende.

Chiang Kai-shek (Jiang Jieshi, 蔣介石) overtok i 1926 leiarskapen etter Sun Yatsen i nasjonalistpartiet Guomindang etter å ha utmanøvrert venstrefløya i partiet. Med hjelp av kommunistane leidde han i 1927–28 «ekspedisjonen nordover», eit vellukka forsøk på å nedkjempe krigsherrane som regjerte i Nord-Kina. Undervegs dolka han kommunistane i ryggen og sette i gang utreinskingar av kommunistpartiet landet over. Mest kjend er Shanghai-massakren 12. april 1927. Chiang heldt fast ved denne nulltoleranse-politikken overfor kommunistpartiet sjølv etter at Japan annekterte Mandsjuria i 1931.

Etter at Japan gjekk til full krig mot Kina i 1937, vart Chiang same år kidnappa av ein misfornøgd general i eigen hær og tvinga til å inngå ein andre «sameint front» med kommunistpartiet, denne gongen mot japanarane. Samarbeidet vart problematisk, og ved slutten av krigen i 1945 braut det ut borgarkrig. Då borgarkrigen var slutt i 1949, hadde Chiang, størsteparten av partiapparatet hans og 2 millionar kinesarar flykta til øya Taiwan.

I 1950 tok Chiang opp att presidentskapet i Republikken Kina etter eitt års pause, innførte unntakstilstand og innleidde ein totalitær periode på Taiwan kalla den kvite terroren. Dei politiske forfølgingane i denne tida gjekk særleg ut over dei to hovudgruppene som alt budde på øya før borgarkrigen: den taiwanesiske urbefolkninga og den opphavlege han-kinesiske befolkninga.

Chiangs siste år omfatta to store politiske nederlag: I 1971 overtok Folkerepublikken Kina plassen som Republikken Kina hadde hatt i FN. I 1972 besøkte Nixon Mao. Same år gav Taiwan offisielt opp målet om å ta tilbake fastlandet.

Chiang Kai-shek døydde i 1975, eitt år før erkefienden gjennom livet, Mao. Son hans Jiang Jingguo overtok då presidentskapet i Republikken Kina (Taiwan).

Chiang Kai-sheks ettermæle er omstridd. I sentrum av hovudstaden Taipei ligg ein enorm og kontroversiell minneshall til hans ære. Internasjonalt blir han gjerne sett på som ein særs dyktig general, men ein autoritær og korrupt politikar. Den djupe personlege og ideologiske motviljen han hadde overfor kommunistpartiet, blir rekna for å ha vore utslagsgivande for både krigen mot Japan og borgarkrigen som følgde.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019