Hopp til innhold
X
Innhald

«Dei tre kongerika»

«Dei tre kongerika» er ei nemning på tidsrommet 220–280 i kinesisk historie, etter at Han-dynastiet vart oppløyst i tre statar: Wei (220–264) i nord, Shu (221–263) i vest og Wu (222–280) i søraust.

Røtene til perioden «dei tre kongerika» (sān guó, 三國) kan sporast tilbake til midten av Austre Han, då ein serie av mindreårige keisarar og tiltakande hoffintrigar mellom evnukkar og keisarinnefamiliar gradvis tærte på sentralmakta. Under bondeopprøret til dei gule turbanane i 184–185 vart det nødvendig å overgi siste rest av sentralmakt til dei lokale armeane for å slå ned opprøret. Alle dei tre kongerika oppstod alt i den følgjande perioden. I 208 møttest dei i det mest vidgjetne slaget i Kina, slaget ved dei raude klippene, som oppretta den jamne maktbalansen dei imellom.

Den vanlegaste dateringa av starten på perioden er sett til året då Cao Pi, konge av Wei, avsette den siste Han-keisaren og erklærte seg sjølv keisar, altså 220.

I høvesvis 221 og 226 følgde kongane av Shu og Wu etter. (Tre keisarrike ville dermed vore ei meir presis nemning for perioden.)

Det var Wei, den tapande parten i slaget ved dei raude klippene, som likevel skulle gå sigrande ut av den trekanta konflikten og samle Kina på ny. Det var særleg den sentraliserande legalistiske politikken og hærens makt som var årsak til det. Men her låg også kimen både til at Wei-dynastiet fall, og til oppløysinga av Kina på 300-talet. Ein av dei mektige militærfamiliane, Sima, kuppa nemleg trona i 265 og oppretta Jin-dynastiet. Etter at Jin hadde samla Kina i 280, gjekk riket deretter i oppløysing. Herskarklassen i dei uavhengige statane som tok form i nord i den følgjande perioden, stamma frå dei utanlandske leigesoldatene og kolonistane som vart innlemma i Wei-staten på 200-talet.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019