Hopp til innhold
X
Innhald

Deng Xiaoping

Deng Xiaoping, 1904–97, var ein kinesisk politikar som tilhøyrde kommunistpartiet.

Dèng Xiǎopíng (鄧小平) deltok i «den lange marsjen» i 1930-åra og var ein av Mao Zedongs nærmaste medarbeidarar. Han var finansminister 1953–54, generalsekretær i kommunistpartiet frå 1954, medlem av politbyrået 1955–69. Under kulturrevolusjonen kom Deng i miskreditt, og han vart avsett 1968. Etter ein rehabiliteringsperiode 1975–76 vart han løyst frå alle verva sine. Han vart rehabilitert på nytt 1977, og då vart han visestatsminister, viseformann i partiet og leiar av generalstaben.

Deng var den faktiske leiaren av Kina frå slutten av 1970-talet til midten av 1990-talet, sjølv om han formelt aldri var partiformann eller president. Han sette i gang Kinas skifte mot marknadsøkonomi med programmet «reform og openheit» under slagordet «sosialisme med kinesiske karakteristikkar». Deng var ansvarleg for militæraksjonen mot studentdemonstrasjonane på Himmelfredsplassen i Beijing i juni 1989. I 1990 trekte han seg frå alle offentlege funksjoner i ein alder av 85, men han heldt i taumane i partiet fram til han døydde i 1997. Deng blir rekna som Kinas desidert mektigaste leiar etter Mao og før Xi Jinping.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019