Hopp til innhold
X
Innhald

Enkjekeisarinne Cixi av Qing

Enkjekeisarinne Cixi av Qing, 1835–1908, var ei kinesisk enkjekeisarinne av mandsjuisk avstamming. Ho var den faktiske herskaren over Kina frå 1861. 

Cíxī (慈禧), fødd Yehe Nara Xingzhen, begynte den politiske karrieren sin i 1851, då ho vart plukka ut til å vere ei av keisar Xianfengs konkubiner. Ho rakk å bli den høgst rangerte av keisarens konkubiner, men aldri keisarinne. Likevel fekk ho tittelen enkjekeisarinne (tai hou) etter at keisaren døydde i 1861, fordi ho var mor til den einaste sonen til den avdøde keisaren. Cixi brukte denne posisjonen til å utmanøvrere politiske konkurrentar og ta over som regent. Ho beheldt leiinga meir eller mindre til ho døydde i 1908.

Det er svært vanskeleg å dømme om Cixis personlegdom og styre, på grunn av alle dei ikkje-verifiserbare historiene som florerte etter at ho døydde, og på grunn av statusen hennar som kvinne og mandsju. Mektige kvinner har alltid vore gjenstand for mistanke og moralsk indignasjon frå Kinas konfutsianske historieskrivarar, og mandsjuane var ein viktig fiende i den tida, då det var spirande kinesisk nasjonalisme. I kinesisk historieskriving har ho tradisjonelt vorte rekna som korrupt, medan vestlege historikarar har lagt vekt på at ho skal ha vore bakstreversk, i ei tid som kravde politisk mot og reformvilje. Rett nok sette ho ein stoppar for dei ambisiøse 100-dagarsreformene i 1898 og støtta det vestlegfiendtlege boksaropprøret 1900–1901. Men ho tilhøyrde slett ikkje den mest konservative fløya ved hoffet, og ho var etter alle solemerke stort sett dyktig i balanseringa mellom dei ulike fraksjonane. I alle tilfelle var det andre – truleg viktigare – årsaker til Kinas enorme problem i denne perioden enn Cixis vanstyre.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019