Hopp til innhold
X
Innhald

Fu

Fu er ei eldre nemning for kinesisk forvaltningsområde, nokolunde tilsvarande det norske ordet fylke.

Ordet fǔ (府) betydde opphavleg «magasin» og tok vegen via «kontor; embete» til tydinga «kommune». Fu vart avvikla då Republikken Kina vart oppretta i 1912. Teiknet overlever i enkelte stadnamn og embete, ikkje berre i Kina, men også i Japan (fu), Korea (bu) og Vietnam (phủ).

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019