Hopp til innhold
X
Innhald

Guomindang

Guomindang, «borgarpartiet», blir ofte omsett til «Nasjonalistpartiet» på norsk. Det var Kinas første republikanske parti og er i dag Taiwans største parti. Det tilhøyrer høgresida.

Guómíndǎng (fork. GMT, også Kuomintang, 國民黨) vart stifta i 1911 av Sun Yat-sen og Song Jiaoren. Partiet var sentralt i opprettinga av Den kinesiske republikken i 1912, og det erstatta organisasjonen Tongmenghui («Alliansen»). Året før hadde Tongmenghui stått i spissen for Xinhai-revolusjonen, som førte til at det kinesiske keisarriket fall.

Guomindang var opphavleg eit demokratisk og radikalt parti, men under leiing av Chiang Kai-shek vart det frå 1926 stadig meir reaksjonært, nasjonalistisk og til dels korrupt. Likevel lukkast partiet, først med hjelp frå kommunistpartiet, å samle Kina i 1928, og det var det statsberande partiet i landet inntil Chiang og hans tilhengarar vart fordrivne av kommunistane til øya Taiwan i 1949. Deretter heldt Guomindang fram sitt styre av Republikken Kina, som gjorde krav på heile Fastlands-Kina, men som i praksis berre omfatta Taiwan. Under påskot av unntakstilstand vart styret stadig meir autoritært, fram til ei gradvis demokratisering kom i gang på 1980-talet.

Partiet og den dåverande leiaren Lee Teng-hui vann Taiwans første president- og regjeringsval i 1996. 2000 markerte slutten for Guomindangs 51 år lange samanhengande styre av Taiwan, då Minjindang («Folkets framstegsparti») vann presidentvalet. Guomindang hadde regjeringsmakta igjen frå 2008 til 2016.

Trass i historia og ideologien har partiet sidan demokratiseringa av Taiwan vore det av dei to statsberande partia i landet som er mest Kina-venleg. Maktbasen i partiet ligg hovudsakleg nord i landet, der dei fleste etterkomarane av flyktningar frå borgarkrigen 1945–49 bur.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 19.02.2020