Hopp til innhold
X
Innhald

Hu Yaobang

Hu Yaobang, 1915–89, var ein kinesisk politikar som tilhøyrde kommunistpartiet.

Hú Yàobāng (胡耀邦) deltok i «den lange marsjen» 1934–35. Han var medlem av sentralkomiteen i kommunistpartiet i 1956 og generalsekretær i Kinas kommunistparti 1981–87. Hu Yaobang var ein nær medarbeidar av Deng Xiaoping. Han var sentral i arbeidet med å utarbeide og gjennomføre Kinas marknadsøkonomiske reformer. Han støtta også gradvise politiske reformer, noko som blir rekna som hovudårsaka til at han vart fjerna frå den formelt øvste posisjonen i partiet i 1987. Hans død i april 1989 var ei viktig utløysande årsak til studentdemonstrasjonane på Himmelfredsplassen i Beijing same år. Hu Yaobang har sidan vore eit politisk sensitivt namn i Kina. 

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019