Hopp til innhold
X
Innhald

Jiang Qing

Jiang Qing, 1913–91, var ein kinesisk skodespelar og politikar. Ho var gift med Mao Zedong og var ein av leiarane for kulturrevolusjonen.

Jiāng Qīng (江青) var medlem av den såkalla Firarbanden under kulturrevolusjonen. Etter at Mao døydde i 1976, var Jiang Qing innblanda i eit kuppforsøk og vart arrestert. Ho fekk dødsdom på vilkår, og dommen vart endra til livsvarig fengsel etter to års prøvetid. Ho tok livet sitt like etter at ho vart lauslaten på medisinsk grunnlag (på grunn av kreft) i 1991. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 08.11.2019