Hopp til innhold
X
Innhald

Keisar Wu av Han

Keisar Wu av Han var ein kinesisk keisar 141–87 f.Kr. under Han-dynastiet. Han gjorde keisarmakta eineveldig. Wu sikra kinesisk kontroll over karavanevegane i Sentral-Asia og utvida riket til å omfatte Nord-Korea, Sør-Kina og Nord-Vietnam.

Liu Che (157–87 f.Kr.), betre kjend under det posthume keisarnamnet Wǔ-dì (武帝), var den tiande sonen til keisar Jing. Gjennom politisk list rakk han å klatre til kronprins-status innan faren døydde. Han sette raskt i gang eit reformprogram som la vekt på sentralisering og byråkratisering av statsmakta. Samtidig løfta han konfutsianismen fram som offisiell statsideologi. I praksis var dette ei legering av konfutsianismen med den vanæra legalismen og til dels daoismen. Wus politiske og ideologiske reformer vart grunnlaget for Keisar-Kinas statsberande ideologi i dei neste to millennia, såkalla statskonfutsianisme.

Wu såg seg ikkje nøgd med konsolidering av riket og sette snart i gang med ekspansjonar i alle retningar. I 135 f.Kr. nedkjempa han Minyue i søraust, i 133 begynte dei vellukka felttoga mot xiongnuane i nord, og i 111 sigra han over Nanyue, som spente over store delar av Sør-Kina og Nord- og Sentral-Vietnam. Nord-Korea vart invadert to år etter. Desse områda vart innlemma i riket under direkte administrasjon. I tillegg sende Wu felttog inn i Sentral-Asia og sørgde dermed for at Kina fekk kontroll over denne delen av Silkevegen.

Desse viktige politiske reformene og territoriale utvidingane har sikra keisar Wu ein plass i historia blant Kinas mest kompetente og ruvande keisarar. Men han blir òg hugsa for overdriven despotisme, som kom til syne mellom anna då han fekk kastrert Kinas mest kjende historikar Sima Qian.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019