Hopp til innhold
X
Innhald

Keisar Xuan-zong av Tang

Keisar Xuan-zong av Tang var kinesisk keisar under Tang-dynastiet i tida 712–756.

Li Longji (685–762), betre kjend under tempelnamnet Xuán-zōng (玄宗), vart fødd i 685 i Luoyang. Han var barnebarn av Kinas einaste kvinnelege keisar gjennom historia, Wu Zetian. Wu Zetian vart avsett i eit kupp i 705, og i dei kaotiske åra som følgde, viste Li seg som ein ambisiøs og driven politikar. Han vart forfremma til kronprins og overtok trona då faren Ruizong abdiserte i 712, som keisar Xuan Zong. Både kulturelt, økonomisk, territorialt og militært blir den tidlege perioden hans rekna som gullalderen i Tang-dynastiet – enkelte vil jamvel seie i Kina. Samtidig får han skulda for An Lushan-opprøret, ein borgarkrig som varte frå 755 til 763 og resulterte i ei permanent svekking av makta til Tang-dynastiet. Xuan Zong abdiserte i 756, under press frå misfornøgde støttespelarar.

Den aukande korrupsjonen under Xuan Zongs styre blir tradisjonelt forklart med at han var djupt forelska i konkubina Yang Guifei. Deira forhold og Yang Guifeis død i 755 er ei av kinesisk tradisjons store kjærleiksforteljingar.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019