Hopp til innhold
X
Innhald

Liu Shaoqi

Liu Shaoqi, 1898–1969, var ein kinesisk politikar som tilhøyrde kommunistpartiet. I 1959 etterfølgde han Mao som Kinas president. Han vart sterkt kritisert under kulturrevolusjonen og ekskludert frå sentralkomiteen i 1968. Liu døydde i husarrest i 1969, men vart rehabilitert i 1980.

Liú Sháoqí (劉少奇) var del av Folkerepublikken Kinas første leiargenerasjon. Han var viseformann 1954–66 og leiar for sentralkomiteen 1954–1959. I 1959 overtok han presidentskapet frå Mao, og etter at «det store spranget » hadde spela fallitt i 1959–60, overtok han i praksis leiinga i statsapparatet. I ei tid då Kina var fullstendig isolert på den internasjonale arenaen, sørgde han saman med Deng Xiaoping for å få landet på fote igjen, gjennom pragmatiske reformer baserte på økonomisk ekspertise. 

Denne rolla som leiar for den moderate fløya i partiet gjorde Liu sårbar for angrep. Då Mao vann tilbake sin posisjon i og med kulturrevolusjonen (1966–69), vart Liu stempla som «den største kapitalisme-medløparen i partiet» og fråteken alle postar i stat og parti. Han vart offentleg mishandla og sett i husarrest. Det er usikkert om han også vart nekta medisinering for diabetes og etter kvart lungebetennelse. I alle fall døydde Liu i 1969.

I 1980 sørgde Deng Xiaoping, som overlevde kulturrevolusjonen, for ei full rehabilitering av Liu Shaoqi.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019