Hopp til innhold
Mao Zedong. Henta frå Flickr.com med lisens CC BY-ND 2.0
Mao Zedong. Henta frå Flickr.com med lisens CC BY-ND 2.0
X
Innhald

Mao Zedong

Mao Zedong, 1893–1976, var ein kinesisk statsmann, kommunistisk teoretikar og poet. Han var den øvste leiaren av Kina frå 1949 til han døydde i 1976.

Máo Zédōng (毛澤東) var ein av stiftarane av Kinas kommunistiske parti i 1921. Han var medlem av sentralkomiteen frå 1923, og partiformann frå 1935. I motsetning til dei andre kommunistleiarane meinte han at bøndene måtte vere hovudkrafta i den kinesiske revolusjonen. Etter at den felles fronten mellom kommunistpartiet og Guomindang braut saman i 1927, bygde Mao opp dei revolusjonære væpna styrkane og skapte raude baseområde i Sør-Kina. Då desse styrkane måtte evakuerast, tok han leiinga i «den lange marsjen» 1934–35 og overtok som partiformann. I Yan’an oppretta kommunistane under Maos leiing eit raudt baseområde. I 1937 tok han initiativ til ein ny einingsfront saman med Guomindang for å føre frigjeringskrig mot Japan.

Etter frigjeringa frå Japan vart borgarkrigen teken opp att i 1946, og kommunistane tok makta i 1949. Mao la opp ein utviklingsmodell for Kina bygd på sjølvberging og kollektivisering. Frå midten av 1950-talet var det aukande konflikt med SSSR, fram til det vart brot i 1963. Mao tok initiativet til ei forsert industrialisering, «det store spranget», i 1958. Det enda i alvorleg krise. Mao gjekk av som statsleiar i 1959, men heldt fram som partiformann. I 1966 innleidde han Den store proletariske kulturrevolusjonen for å revolusjonere samfunnet og fjerne høgrefløya i KKP. Den politiske tenkinga hans vart gjord til ideologisk grunnlag for landet og partiet.

Verker i utvalg i fem bind kom ut på norsk i 1963–1977.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 19.02.2020