Hopp til innhold
Dekorativ porselensfigur for brenning av røykjelse. Frå Ming-dynastiet tidleg på 1600-talet. Foto: metmuseum.org. CC0 1.0.
Dekorativ porselensfigur for brenning av røykjelse. Frå Ming-dynastiet tidleg på 1600-talet. Foto: metmuseum.org. CC0 1.0.
X
Innhald

Ming-dynastiet

Ming-dynastiet var eit kinesisk keisardynasti og ein historisk periode 1368–1644, grunnlagt av bonden Zhu Yuanzhang. Det etterfølgde det mongolske Yuan-dynastiet og innebar ei gradvis vending innover, til slutt manifestert i den kinesiske muren. Ming betyr «strålande».

Herskarane av Ming-dynastiet (Míng cháo, 明朝) hadde familienamnet Zhu. Den første keisaren kom frå ein fattig bondefamilie og er såleis den keisaren med mest folkeleg bakgrunn i Kinas historie. Zhu Yuanzhang, som han heitte, vart etter kvart leiaren for det kinesiske opprøret som velta Yuan-dynastiet og fordreiv mongolane ut av landet. Ming-dynastiet vart likevel ikkje noko meir demokratisk enn forgjengarane, snarare tvert imot. Keisaren samla makta i sine hender og vidareførte mange av dei autokratiske institusjonane frå Yuan-dynastiet. Samfunnet vart også inndelt i stender, der yrke skulle gå i arv. Dette systemet braut i praksis snart saman. Ein av grunnane var ei økonomisk oppblomstring under Ming, som førte med seg ein veldig sosial mobilitet. Denne oppblomstringa kom særleg av handelsetterspørselen og dei nye plantesortane som europearane førte med seg frå 1500-talet og utover. Dette førte også til ein sterk befolkningsvekst: frå ca. 75 millionar rundt 1450 til nesten 200 millionar ved slutten av dynastiet.

Intellektuelt var Ming-dynastiet, særleg andre halvdel, prega av mangfald og toleranse. Synkretisme var også i vinden mot slutten av dynastiet, representert særleg av rørsla «sameininga av dei tre lærene» (buddhismen, konfutsianismen og daoismen). Den mest kjende tenkjaren frå perioden og føregangsmann for mange av desse trendane var Wang Yangming.

Av herskardynastiet som følgde etter Ming-dynastiet, vart dette økonomiske, sosiale og intellektuelle mangfaldet sett på som ein slags dekadanse og årsaka til at dynastiet fall. For å distansere seg frå Ming vart dermed det etterfølgjande Qing-dynastiet langt meir ortodokst.

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 20.01.2020