Hopp til innhold
X
Innhald

Peng Dehuai

Peng Dehuai, 1900–74, var ein kinesisk offiser og politikar.

Pēng Déhuái (彭德懷) slutta seg til Mao Zedong i 1928 og var nestkommanderande for 8. armé under den kinesisk-japanske krigen. Han var øvstkommanderande for dei kinesiske styrkane under Koreakrigen 1950–53. Vidare var han forsvarsminister 1953–59 og visestatsminister 1959–65. Under kulturrevolusjonen i 1966 vart han fråteken verva sine og fengsla. Han vart rehabilitert i 1978.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019