Hopp til innhold
X
Innhald

Pilepalisaden

Pilepalisaden markerer grensa mellom Mandsjuria og Kina. Pilepalisaden (liǔ tiáo biān, 柳條邊) er grensa mellom Mandsjuria og Kina og består av ei djup og brei grøft med piletre langs kanten. 

Grensemarkeringa vart laga i 1660-åra av mandsju-keisarane i Kina (Qing-dynastiet) for å halde heimlandet fritt for kinesisk innverknad. Det var strengt forbode å krysse grensa utan spesielt løyve.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2019
Sist oppdatert: 08.11.2019